Kristenogola 768x512

KARRIEREPRAT: Frå Storm til NoMil

Skriven 12.06.2017 under Karriereprat

Med mastergrad i meteorologi måtte Kristen Reikvam Ravnestad tenke utanfor boksen då han skulle finne seg jobb i Sogn og Fjordane. Det resulterte i at han og kona Ingunn flytta til Gloppen

Som utflytta glopparar, har vi alltid tenkt at vi skulle flytte tilbake ein gong. Gloppen lokkar med storslått natur og fantastiske moglegheiter til å nyte fritida utandørs. Vi likar å vere aktive, og i Sogn og Fjordane ligg alt til rette for fine fjellturar, sykkelturar i skog og mark, og båtturar i flotte fjordarmar. Spørsmålet det kokte ned til – ville vi også få relevante jobbar?

Som tannlege var det gode jobbmoglegheiter for Ingunn. I Sogn og Fjordane er det behov for tannlegar, og fylket byr på ein varierande arbeidskvardag, enten det er som privatpraktiserande eller som kommunal tannlege.

Etter avslutta utdanning flytta vi til Voss, og Ingunn byrja å jobbe som sjølvstendig næringsdrivande tannlege ved Voss Tannlegesenter. Det var ei bratt læringskurve, men den var gull verdt. Ho hadde dyktige kollegaer som pusha ho og som gjerne ville lære vekk. Då vart ho raskt tryggare og fekk gode erfaringar. Noko som har vore svært nyttig å ta med seg til Sandane Tannklinikk, der dei berre er to tannlegar.

Nye utfordringar
Arbeidsmarknaden vart meir utfordrande for meg. Med ei mastergrad i meteorologi, måtte eg vere villig til å tenkje litt utanom boksen i forhold til jobb.

Eg hadde sju gode år som varslingsmeteorolog og vêrmeldar StormGeo og TV2 i Bergen. Eg har fått brukt utdanninga mi veldig spesifikt alle desse åra. Eg visste at den utdanninga eg tok, ikkje var den beste, når målet var å flytte heim til Gloppen. Det er ikkje mange stillingar for meteorologar korkje i Gloppen eller Sogn og Fjordane. Men, eg fekk meg likevel ein spennande jobb som konsulent i renovasjonsselskapet Nomil. Eg skreiv masteroppgåve om klima, og det var ein fellesnemnar også for jobben i NoMil. Der får eg bruke kunnskapen i eit fagfelt eg likar, og eg var svært klar for å prøve noko nytt.

I spesifikke fagmiljø kan vere utfordrande å finne draumejobben i Sogn og Fjordane, men den finst dersom ein er tolmodig, er villig til å tenkje litt annleis, og kanskje tenkjer at det er greitt å prøve noko nytt. I distrikta er det ofte mogelegheit til å jobbe i mindre arbeidsmiljø, noko som gjer at ein i større grad kan påverke eigen arbeidskvardag. Karrieremogelegheitene er mange, og fleire bedrifter i Sogn og Fjordane er leiande innan sitt fagfelt nasjonalt. Sjå berre på Brødrene AA, Melin Medical og Bolseth Glass – alle frå Gloppen.

Fantastiske oppvekstsvilkår
Våren 2016 vart vi foreldre for første gong, noko som tippa vektslåla ein gong for alle.  Vi tykkjer begge at Sogn og Fjordane er ein ypparleg stad å vekse opp, og det ønskjer vi at sonen vår skal få oppleve. I tillegg har vi foreldra våre her, og det tok ikkje lange stunda før vi innsåg at besteforeldre er ein fantastisk ressurs i småbarnsfasen!

Som nyleg heimvendte glopparar har ikkje vi lagt dei heilt store framtidsplanane enno. Vi har vore heldige og fått oss gode jobbar begge to, og neste steg er etter kvart å finne ein stad å kjøpe/bygge hus. Vi gler oss til å engasjere oss i det Gloppen har å by på!