Julehelsing 2016: Sjølvskryt ligg ikkje i folkesjela

Skriven 21.12.2016 under Blogg, Nyheiter

Tradisjonelt sett er folk i Sogn og Fjordane dårlege til å snakke høgt om kva dei er gode på! Sjølvskryt ligg liksom ikkje i folkesjela her i fjordfylket. Den skrytejobben tek vi i Framtidsfylket gjerne på oss på fylket sine vegne, for her er utruleg mykje å vere stolte av.

Sogn og Fjordane har låg arbeidsløyse og attpåtil er prognosane fallande for 2017! Dette kan vi lese i intervju med NAV direktør Tore Thorsnes i Firda 20. desember 2017. Han fortel at Sogn og Fjordane skil seg ut frå nabofylka. Vi er mindre sårbare enn dei fordi vi ikkje er så avhengige av olja. Han fortel også at industrien i fylket er omstillingsdyktig, at eksportverksemdene våre har tent på ein låg kronekurs, og at det er bra aktivitet innan bygg og anlegg. Bransjane bygg og anlegg, reiseliv, transport og undervisning er dei som har opplevd størst vekst i tilgangen av ledige stillingar i 2016. Sett under eitt har tilgangen auka med 19 prosent, og også denne trenden kan Nordfjord, Sunnfjord og Sogn ta med seg inn i det nye året.

 

Framtidsfylket ditt?

Dette er gode nyheiter for deg! Sogn og Fjordane er eit fylke med bra karrieremoglegheiter. Vi veit mange ønskjer å flytte hit, men venter på den rette jobben – og aller helst rett jobb for 2 stk. Rett ”timing” er no!

Merkevara Framtidsfylket er for alle med fokus på jobb og rekruttering i Sogn og Fjordane. Både deg som ønskjer jobb, og for dei som har jobb å tilby. Og, Sogn og Fjordane som karriereval er det verdt å flagge høgt om. Altfor få kjenner til alle moglegheitene vårt næringsliv har. At vi er få her i fylket legg vi ikkje skjul på, men for deg som vil gjere karriere, så betyr det moglegheiter du ikkje finn mange andre stader. Trivst du med ansvar, faglege utfordringar og medbestemming, så er vi ikkje i tvil om at du bør søkje ei stilling i Sogn og Fjordane.

Jula er tid for samhald og refleksjon. Ei tid for å stoppe litt og gjere opp status. Kva vil eg? Kva for val skal eg ta? Kva er mitt beste val for fagleg og personleg utvikling? Vi tykkjer det er viktig at ein gjer seg slike tankar, og kva val som er rett for deg veit berre du. Men, vit om dine moglegheiter!

 

Karrieremesser i januar og februar 2017

For å få ein smakebit av kva fylket kan tilby kan du møte oss i Oslo, Trondheim eller Bergen på nyåret. Då arrangerast dei årlege karrieremessene til Sogn og Fjordane, og bedrifter frå fylket drar på turné for å vise fram eit variert og spennande næringsliv. Påmelding og informasjon finn du her.

 

22 traineestillingar i 2017

Jula er også tida for å vere raus. Framtidsfylket er ekstra rause i år. Er du nyutdanna kan vi tilby heile 22 traineestillingar for kull 2017/18 – innan mange ulike fagområder! Det er 19 ulike verksemder som ser etter ein ny, og ikkje minst nyutdanna, kollega. Desse 22 stillingane veit vi det vert kamp om! Meiner du at du fortener ein plass på dette vinnarlaget, så send inn din søknad! Søknadsskjema finn du ved å logge inn her.

 

Næringslivet samhandlar

Arbeidet til Framtidsfylket er eit flott døme på samhandlinga bedrifter i fylket gjer for å synleggjere moglegheitene for karriere i Sogn og Fjordane. Vi legg bak oss eit år med stor oppslutnad på karrieremesser, rekord i tal traineestillingar, og ei auke i bruken av databasen i framtidsfylket.no. Framtidsfylket sitt arbeid gjev positive resultat takka vere samhandling.

 

Sjølvskryt?

Tradisjonelt sett er folk i Sogn og Fjordane dårlege til å snakke høgt om kva vi er gode på! Sjølvskryt ligg liksom ikkje i folkesjela her i fjordfylket. Den skrytejobben tek vi i Framtidsfylket gjerne på oss på fylket sine vegne. Sogn og Fjordane har  så mykje å vere stolte over, så mange gode bedriftshistorier, og ikkje minst så mange driftige og kunnskapsrike folk vi kan fortelje om! Følg våre nyheitsbrev, og ikkje minst les: #Utanfilter – eit reklamefritt magasin om Sogn og Fjordane. Utgåve nr 2 deler vi ut på karrieremessene i 2017. Gjekk du glipp av utgåve nr 1, så finn du den digitale versjonen på www.beasognandfjording.no.

Avslutningsvis vil vi oppmode alle til deltaking. Meld dykk på karrieremessene allereie i dag, og ikkje gløym ditt eige nettverk – inviter med deg ein ven eller to.

 

Med dette vil vi få ønskje alle ei glederik jul, og måtte 2017 bli fylt med LEIK – tryggleik, nærleik, hugleik, venleik, dugleik, men mest av alt – KJÆRLEIK!

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.