Jubileum til 1000

Skriven 24.02.2016 under Nyheiter

Rekordmange 1100 personar fylte Grieghallen – på sjølvaste tiårsjubileet til Framtidsfylket Karrieremesser.

Fjorårets rekord på 600 besøkande vart smadra. 65 verksemder, 250 standhaldarar  og 850 deltakarar sikra ei strålande stemning i Bergen.

– Vi er svært nøgde med oppslutninga på arrangementet. Messa er blitt ein viktig møteplass mellom næringslivet og potensielle arbeidstakarar, og den aukar i omfang og storleik år for år. Det er utruleg kjekt å sjå så mange flotte ungdommar som er interesserte i karrieremoglegheiter i Sogn og Fjordane. Interessa går langt forbi våre ”eigne” ungdommar, seier Gro Rukan, dagleg leiar i Framtidsfylket.

Ein geologs draumestadGeologane Fredrik Karlsen (24), Vilde Dimmen (24), Marthe Førland (27) og Maria Ordemann (24) leitar alle etter draumejobben i Sogn og Fjordane. Med heimeadresse i Oslo, Ulsteinvik, Karmøy og Bergen har dei inga tilknyting til fylket, men ser gjerne for seg ei framtid i Sogn og Fjordane.

– For ein geolog finst det knapt eit meir interessant fylke. Utfordrande jobboppgåver, fantastisk natur og perfekt beliggenheit, seier Dimmen.

Kvartetten er lite oppteken av kvar i fylket jobben er, så lenge den er interessant nok.

– Kombinasjonen av spennande jobbmoglegheiter og friluftsliv er veldig attraktiv. Vi må berre finne draumejobben først, seier Ordemann.

Har firma, manglar småbrukFredrik Knutssøn (30) frå Bærum og Silje Brekke (28) frå Ortnevik har allereie bestemt seg for å flytte til Høyanger. Dei må berre finne eit småbruk først.

– Vi vil gjerne ha ein gard. Vi likar tanken om å utvikle vår eiga framtid, samtidig som garden kan vere eit fellesprosjekt når vi ein gong stiftar familie. Eg er sjølv oppvaksen på gard, og eg likar tanken om og bringe vidare verdiane eg sjølv vaks opp med, seier Brekke, som er utdanna ingeniør og agronom.

Knutssøn har oppretta sitt eige firma i Høyanger som elektro- og telekonsulent, og draumen er å kombinere ingeniøryrket med småbruket.

– Vi har sett både ordførar og rådmann på saka, så forhåpentlegvis ordnar det seg. Det er sjølvsagt ein viss skilnad mellom Bærum og Høyanger, men vi trivast veldig godt med levesettet ein har på ein mindre plass, seier Knutssøn.

SpeedintervjuMelin Medical er ei av verksemdene som brukar messa aktivt til rekruttering, og som fortløpande tek speedintervju med aktuelle kandidatar.  Marius Hermann Hallem (25) frå Hyen var ein av desse, og han har i lang tid sett seg ut Sandane-bedrifta som høgst interessant.

– Melin Medical er ei innovativ bedrift, og måten dei jobbar på er svært appellerande, seier Hallem.

Han er utdanna innan HR og personalleiing og har eit sterkt ønskje om å kapre årets traineestilling i Melin Medical.

– Eg tok kontakt rett etter nyttår, og med eit speedintervju her håpar eg å ha styrka sjansane mine. Speedintervjua er ein fin moglegheit til å kunne vise litt meir av kva ein står for. Kanskje det gjer at dei hugsar meg litt betre når dei går gjennom søkjarbunken, seier Hallem.

Eit fellesprosjekt for Sogn og FjordaneKarrieremessene vart starta av Sunnfjord Næringsråd i 2006. Stortingsrepresentant Bjørn Hollevik var ein av initiativtakarane bak karrieremessa, og er imponert over utviklinga desse ti åra.

– Vi hadde ingen idé om at karrieremessene ville utvikle seg til noko så stort. Tanken vår var eit smalt arrangement for Sunnfjord for å styrke aksen mellom Førde og Florø med ny kunnskap. For å utvikle området måtte ein ha kompetanse, og ein måtte nå ut til ungdommane. Men no er det blitt så mykje meir. Tenk at ein klarar å få så mange unge menneske til å bry seg om Sogn og Fjordane. Det er stort, seier Hollevik.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.