IT-suksess i Sogn og Fjordane

Skriven 20.09.2018 under Nyheiter, Ukategorisert

Tibber og Rocketfarm har dei siste åra utmerka seg innan IT og teknologi. No treng dei fleire folk.

Start up- selskapet Tibber har utvikla ein app der du får kontroll på straumforbruket ditt. Smart for både planeten og lommeboka. Selskapet veks fort både i kundemasse og omsetning, og no konkurrerer dei om dei beste it-hovuda.
– Vi er såpass heldige at vi har mange entusiastar og kundar rundt om som spreier bodskapet om oss, og det har hjelpe på søknadane vi har fått inn. I tillegg har vi begynt å bli kjent i marknaden. Fleire av målgruppene vi jobbar mot har gjerne bakgrunn innan ingeniør og programmering. Dei følger med på oss, og blir derfor ei naturleg målgruppe som jobbkandidatar og kundar samtidig. Ein god match, seier Edgeir Vårdal Aksnes, gründer og dagleg leiar i Tibber.

Ei innhaldsrik reise
Selskapet har no ledig stilling innan utvikling og programmering. Ein såkalla «fullstack»-utviklar, som skal jobbe innan mange ulike delar av programutviklinga. I tillegg søkjer dei etter ein serviceinnstilt person som kan jobbe ut mot kundar.
– Vi bygger ei digital sluttkundeteneste og då er opplevinga til brukaren viktig. Vi ser på heile kundereisa. Frå ein får høyre om Tibber, blir kjent med, til å bruke. Personen vi er på jakt etter elskar å jobbe med kundar og ser kva kvar enkelt kunde er ute etter. Dei må ha den vesle teften.

Utfordraren
Skal ein jobbe i Tibber må ein like høgt tempo, vere nysgjerrig og ha evne til å utfordre det som er langt utover normalen i andre bedrifter.
– Det er det vi driv med. Vi er ein utfordrar. Vi har vokse fort og det skal vi fortsette med. Utviklinga er stor, vi er kundeorienterte og det er høgt under taket, seier Aksnes, som meinar det er heilt naturleg at den innovative bedrifta har hovudkontor i vesle Førde.

– Ein må sjå det i eit større perspektiv. Det er ikkje mange digitale sluttkundetenestar med suksess i Norge. Oslo har ingen. Vi ser ingen grunn til at vi ikkje skal klare det. Potensialet er enormt og det er vår eiga evne til å springe fort som setter grensene for kor langt vi kan nå. Og så treng vi fleire skikkeleg flinke folk. Alt peikar oppover, i ei bratt og fin kurve, seier ein fornøgd gründer.

Heile pakken
Også Rocketfarm i Sogndal treng fleire skarpe it-folk, og søkjer no etter systemutviklar/robotutviklar. Dei leverer robotar og teknologi til industrien nasjonalt og internasjonalt.
– Våre draumekandidatar er dedikerte til teknologi og har gjerne eigne hobbyprosjekt. Dei står opp om morgonen og tenker at teknologi er kjekt. I tillegg er dei glade for å kunne leve livet sitt med nærleik til naturen. I Sogndal har vi ein herleg balanse mellom jobb og fritid. Heile pakken, rett og slett, seier Egil Mundal, dagleg leiar i Rocketfarm.

«Alle skal til Mars»
Arbeidsmiljøet er viktig for selskapet og dei brukar mykje ressursar på å bygge eit miljø som folk skal trivast i. «Alle teknologiselskap skal til Mars, men når vi er komne dit skal vi ha vunne konkurransen om å ha den kulaste turen» er eit sitat eg likar godt, for det er nettopp det vi jobbar for, seier Mundal.
– Vi trur at lønnsamheit kjem av eit godt arbeidsmiljø, og ikkje motsett. Eigarane våre tenker langsiktig. Vi skal sjølvsagt tene pengar, men det kan ta lengre tid om det skjer gode ting på vegen som er bra på lang sikt.

Vil trenge fleire
Det siste året har selskapet retta seg meir mot industri og jobbar no med tre hovudprosjekt; robotisering, bildegjenkjenning og maskinlæring. I tillegg til stillingane som allereie ligg ute kan Mundal røpe at dei vil trenge fleire folk framover.
– Rocketfarm jobbar no med seks potensielt store prosjekt. Om dei går inn, som vi forventar at dei gjer, vil vi trenge endå fleire i løpet av nokså kort tid. Vi representer løysingar som også er ein grunn til at andre selskap er i omstilling, rett og slett fordi ein del prosessar kan automatiserast. Omstilling i samfunnet skapar vekst i vår bransje.

Frå USA til Sogndal
Sjølv om Rocketfarm lokkar med ski, fjell og fjordar i stillingutlysningane sine, er ikkje interessa for dette ei føresetnad for at ein skal få tilbod om jobben.
– Det er sjølvsagt ikkje det viktigaste, men det er viktig for oss å fortelje særpreget for plassen ein skal jobbe. Det er fullt konkurransemessig mogleg å få folk frå San Francisco til Sogn og Fjordane fordi vi har andre kvalitetar her, meiner Mundal bestemt.

 

Er ikkje desse stillingane noko for deg? Sjekk ut portalen vår for fleire spennande jobbmoglegheiter.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.