Ingvild Mundal

Skriven 28.09.2018 under Trainee

Utdanning

Eg er utdanna sivilingeniør i kjemisk prosessteknologi.

Traineebedrift

Eg er trainee hos Strukturplast på Sandane. Der jobbar eg som kjemikoordinator, og skal i hovudsak jobbe med forsking og utvikling.

Difor søkte eg traineestillinga

Mykje av grunnen til at eg søkte stillinga er satsinga Strukturplast har innan forsking, og utviklinga bedrifta har hatt dei siste åra.  Strukturplast har i samarbeid med Inhibio akkurat starta eit prosjekt med støtte frå Forskingsrådet. Dette handlar om utvikling av eit polyuretanmateriale som det ikkje vil gro på i marine miljø. Eg skal stort sett jobbe med dette prosjektet, noko som blir utruleg spennande.

Forventningar

Grunnen til at eg valde å bli trainee gjennom Framtidsfylket er at eg er interessert i å sjå kva næringslivet i fylket har å by på. Sjølv om eg er vaksen opp i Sogn og Fjordane, veit eg ikkje så mykje om næringslivet og karrieremulighetene her, og vil gjerne lære meir om det. Det å bli kjend med nye menneske som også er nytilsette i fylket, og få eit nettverk både profesjonelt og sosialt, er også ein grunn til at eg valde traineeordninga. Eg forventar eit spennande år med utfordringar der eg kan lære mykje nytt, både om kva Sogn og Fjordane har å by på, og om Strukturplast og polymerindustrien.

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.