Idun danka ut 500 – fekk draumesommarjobb i NVE

Skriven 16.09.2015 under Nyheiter

NVE lyste ut 30 sommarjobbar i år. Av rekordmange 500 søkjarar, sikra Idun Vefring seg jobb på regionkontoret i Førde – for andre året på rad.

– Å få ein relevant sommarjobb er viktig og utruleg motiverande. Eg har no hatt to fantastiske somrar i Norges Vassdrag- og Energidirektorat (NVE), med nyttig erfaring både frå felt og kontor, som igjen har gitt meg ein peikepinn på kva eg ynskjer å jobbe med. Samtidig er det ein særs viktig referanse på CV-en når eg er ferdig med studia mine om eitt år.

26-åringen frå Høyanger er i gang med siste året på masterstudiet i geologi. I år som i fjor brukte ho karrieremessa i Bergen til å knyte kontakt med NVE og andre potensielle arbeidsgjevarar.

– Eg har brukt karrieremessene aktivt dei siste to åra, og då i sær mot NVE. Første året resulterte i ein sommarjobb, og då måtte eg sjølvsagt innom i år også – for å sikre at dei ikkje hadde gløymt meg.

Men NVE hadde definitivt ikkje gløymt geologen frå Høyanger, og ho var hjarteleg velkommen tilbake på regionkontoret i Førde. Medan fjorårets sommar gjekk med til å kartleggje skredfare, har jobben i år gått ut på å skrive rapport om storflaumen  i Sogn og Fjordane i fjor haust. Relevant erfaring og gode kontaktar for framtida.

–  Eg drøymer om å komme tilbake til Sogn og Fjordane på sikt, og då er nettverket i NVE gull verdt. Det er ikkje altfor mange geologstillingar på marknaden, så då gjeld det å gjere eit godt inntrykk, seier Vefring.

Regionsjef for NVE Vestlandet, Brigt Samdal, fortel at NVE brukar karrieremessene bevisst for å treffe studentar og andre som vurderer ein karriere i Sogn og Fjordane.

– Karrieremessene er ein viktig møteplass for NVE, og vi prioriterer å vere til stades på alle, uansett om vi har ledige stillingar eller ikkje, seier Samdal.

– Det er ein del av vårt langsiktige rekrutteringsstrategi, og det er ein fin måte å vie breidden av kva næringslivet i Sogn og Fjordane har å by på. For oss er messene ein viktig arena for å treffe folk,  og for å få til ein tidleg dialog med studentane, også i forhold til oppgåveskriving. Totalt sett er det ein vinn-vinn-situasjon, seier Samdal.

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.