Her er vekas ledige stillingar!

Skriven 04.04.2019 under Nyheiter

Sjå kva arbeidsmarknaden i Sogn og Fjordane har å by på.

Foto: Hansen Technologies

Først ut er Hansen Technologies (tidlegare Enoro) som er ein leiande leverandør av software og tenester for energibransjen i Norge og Norden. Dei har for tida mange ledige stillingar og fleire er på gang. Kontorstad er Førde eller Dale. Dei ser etter:

INC Gruppen i Florø har aukande arbeidsmengde og lyser stadig ut nye stillingar. No ser dei etter ein Mekanikar som kan ta seg av blant anna service og vedlikehald av tunge maskiner. Dei treng også HMSSK/ HR-Rådgjevar.

Har du lyst til å delta i utvikling av vindkraftprosjekt? Vestavind Energi er del av Sogn og Fjordane Energi og på jakt etter Prosjekt- og forretningsutviklar, samt ein Senior Prosjektleiar som kan stå for anbods- og kontraktprosessar og tverrfagleg oppfølging av leverandørar under bygging.

Høgskulen på Vestlandet har lyst ut ei rekke ledige stillingar, blant anna:

Lotteritilsynet har to svært spennande stillingar ledig. Er du interessert i kampen mot kvitvasking i spelsektoren? Då skal du søke på stillinga som Rådgjevar kvitvasking og pengespel. Dei treng også ein Rådgjevar til Kampfiksingseininga.

Vi vil også minne om at det til saman er lyst ut 10 nynorskpraktikant-stillingar. Fem i Nynorsk avissenter og fem i Nynorsk mediesenter. Søknadsfrist 15. april!

Sommarjobbane strøymer på i portalen vår. Sjekk ut eller tips andre!

Alle våre ledige stillingar finn du her.

God jobbsøk og nyt vårsola!

 

 

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.