Heim til Luster og ut i verda

Skriven 21.10.2014 under Nyheiter

Luster kommune husar ei særs viktig brikke i det internasjonale storkonsernet Avery Dennison. Dette krev fokus på å tiltrekke seg kloke hovud med spisskompetanse. Siviløkonom Tom Dyrdal er eitt av desse.

Avery Dennison NTP rekrutterer både fagarbeidarar og høgskuleutdanna innan fleire fag.(Foto: Oskar Andersen, Debrafoto)

 

 

Avery Dennison NTP AS 

Utviklar kjemi og produksjonsplattformer til fabrikkar rundt om i heile verda, til bruk i løysingar for merking av tekstilar og transfermerke (Heat Transfer Label.

Logo eller motiv trykt på polyesterfolie med eit limlag ytterst vert overført til tekstilar med ei varmpresse.

Den eigenutvikla teknologien for lim- og sleppmiddel er basert på forskings- og utviklingsarbeid lokalt på fabrikken i Gaupne.

Selskapet starta som NTP Gandrudbakken AS i 1988, og feirar  25-årsjubileum i 2013.

Kring 110 tilsette.

Netttader: www.ntp.averydennison.com (www.ntp.no)

På Granden i Gaupne ligg det som mange lokalt kjenner som NTP. Selskapet vart starta for 25 år sidan av gründeren Atle Gandrudbakken.

For ti år sidan vart selskapet NTP Gandrudbakken selt til det som i dag heiter Avery Dennison, eitt av verdas største selskap innan merking av tekstilar.

 

Økonom med røynsle frå golvet

Ein av dei over hundre tilsette med base i Gaupne er hafslobygdingen Tom Dyrdal, siviløkonom med tittelen Finance Manager.

– Eg har eigentleg vore i systemet i mange år, og byrja karriera i produksjonen, med vikariat og sommarjobbing. Seinare vart det studiar innan IT, men eg pensa meg etter kvart inn mot økonomifaget, seier han.

Dyrdal beheldt kontakten med NTP gjennom studieåra, og som ferdig utdanna siviløkonom vart han «henta heimatte» til jobb som økonomicontroller. Med på flyttelasset var barndomskjærasten Kjerstin Bremer, som også fekk seg jobb i Sogn etter studiane sine. No er dei godt etablerte sambuarar med to små born og nytt hus på Hafslo.

Som Finance Manager er Dyrdal ein del av leiargruppa, med ansvar for økonomi- og finans, personal/HR, logistikk og innkjøp i selskapet.- Mykje av ansvarsområdet innan finansfeltet handlar om løpande analyse og rapportering av resultat vidare inn i Avery Dennison-systemet, og arbeidet er i stor grad internasjonalt retta, med engelsk som arbeidsspråk, seier han.

 

Lokal innovasjon i internasjonalt miljø

I løpet av dei 25 åra NTP har eksistert har den i utgangspunktet vesle bedrifta i Gaupne oppnådd ein unik posisjon i konsernet, og dei kan no smykke seg med tittelen «Center of excellence on heat transfer label (HTL) production».

– Dette kvalitetsstempelet har vi fått fordi vi har hatt ekstremt fokus på forsking og utvikling innan transferteknikk og kjemi. Utviklingsavdelinga vår har dei beste innovasjonshovuda innan avansert kjemi. Lim utvikla i Gaupne er i bruk i produksjon av transfermerke over heile verda, seier han.Tom Dyrdal er øvste ansvarleg for rekrutteringa til NTP, og understrekar at dei opp gjennom åra har rekruttert flinke folk innan ei rekkje fagområde – både i og utanfor fylket.

 

Rekrutterer jamnleg

– Det er fleire her på huset med om lag same historie som meg sjølv, og med ein stadig sterkare posisjon i konsernet vil vi også i framtida ha behov for å rekruttere spesialistar innan fagområde som IT, Økonomi, marknadsføring, kjemi og prosess- og produksjonsteknikk med fleire, avsluttar han.

 

54e7615bb76c7060048b4819

Toppsjefen i Avery Dennison-konsernet på besøk hjå NTP. Frå venstre R&D Director HTL Geir Ove Optun, Finance Manager NTP Tom Dyrdal CEO Dean Scarborough og General Manager NTP Atle Gandrudbakken. (Foto: NTP)

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.