Gründerpris til AskAdam i Gulen

Skriven 21.10.2014 under Nyheiter

SMS-tenesta Ask Adam AS ved Njål og Linn Wilberg på Mjømna i Gulen vart årets vinnarar av Sogn og Fjordane sin Gründerpris for ungdom

Kjartan Longva, leiaren for hovudutval for plan og næring delte ut prisen under opninga av fylkestinget. Gründerprisen for ungdom er på 30 000 kroner og vart i år delt ut for fjerde gong.Etter å ha vurdert dei aktuelle kandidatane gav juryen til denne grunngjevinga for tildelinga:”Gründerprisen for ungdom 2009 går til ekteparet Njål og Linn Wilberg, som med god fagleg bakgrunn frå IT og journalistikk har etablert IT- bedrifta Ask Adam AS. Det spesielle med desse IT – gründerane er at dei valde å etablere seg på Linn sin heimstad Mjømna i Gulen, og såleis viser at det er mogeleg å etablere kommersielle og nyskapande satsingar også i distriktet.Ask Adam er ei kunnskapsteneste som leverer SMS – søk mot nettleksikon, ei teneste som er det første i sitt slag i Noreg. Gründerane bak har satsa stort med omfattande marknadsføringskampanjar i heile Norden, og raskt oppnådd ein sterk posisjon i marknaden, med stor omsetnad svært kort tid etter lansering.”

Ringverknadar”I tillegg til at Linn og Njål har skapt sine eigne arbeidsplassar, har dei også lagt grobotnen for fleire andre etableringar på Mjømna. Dei satsar på å utvide Ask Adam allereie frå neste år, samtidig som dei er pådrivarar og sterkt involverte i fleire andre nyetablerte IT – og teknologi bedrifter på Mjømna, noko som er med å underbyggje Linn og Njål sin påstand om at dei har busett seg på ”Gründerløkka”.Gjennom etablering av eit teknologisk nyskapande nisjeprodukt og offensiv lansering frå dag ein, har Njål og Linn satsa for fullt, og bevist at det er fullt mogeleg for IT – gründerar å lukkast, også i distrikta. Desse unge gründerane er såleis framifrå forbilde for gründerspirer i Sogn og Fjordane.”

Inspirere til nyskapingI statuttane for prisen heiter det at han skal synleggjere at det er råd for ungdom å etablere seg med ny næringsverksemd i Sogn og Fjordane, og på det viset inspirere andre ungdomar til å satse på nyetableringar i fylket. Målgruppa for prisen er unge etablerarar mellom 18 og 35 år, som har starta næringsverksemd i fylket. Nyetableringa skal ha eit vekstpotensiale i arbeidsplassar og omsetnad, og bør vere ei offensiv nyskaping. Gründerprisen kan bli gitt til nokon som utnyttar nisjar, både nasjonalt og internasjonalt. Det kan og bli lagt vekt på utnytting av lokale ressursar, ringverknader i lokalsamfunnet og fokus på marginale samfunn i fylket.Juryen har vore samansett av Hjørdis Vik frå Innovasjon Norge, Jesper Wiig frå NHO, Ingrid Røkke Døskeland frå Fylkesmannen og Kristin Arnestad og Bente Sønsthagen frå fylkeskommunen.Heimesida til Ask Adam: http://askadam.no/

  • Sjå fleire bilete hos Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.