Framtidsfylket ser fram

Skriven 07.04.2020 under Ukategorisert

I media no har vi lese om Martina og Thomas som er tilsett som trainear i Mediebruket og i Næringshagen i Odda er Renate Trengereid tilsett. Det vitnar om eit næringsliv som ser framover og forbi den situasjonen vi alle er i.

I dialog med fleire av bedriftene går tilsettingane som planlagt, samtidig er vi opne for at nokon brukar litt lenger tid enn planlagt då fleire er i ein uoversikteleg situasjon. Saman med Mohnsenteret ved Høgskulen på Vestlandet og Campus Førde Verftet håper vi å få på plass seks trainear, som på vegne av sine bedrifter skal sjå etter nye forretningsmoglegheiter på tvers av bransjar og fag. Campus Førde verftet stiller sine lokaler og fagkompetanse til disposisjon for innovasjons-case som traineane skal arbeide med. Desse stillingane blir utlyst etter påske.
Etter koronapandemien vil det truleg opne seg nye forretningsmoglegheiter for fleire av traineebedriftene, og kompetansebehovet vil sjå annleis ut enn før.
Skulle det vere andre bedrifter som i lys av dette ser at dei ein treng anna, ny eller fersk kompetanse inn i bedrifta, så er det berre å ta kontakt for å få på plass trainee allereie frå hausten.
 
Nye utfordringar, og nye behov i arbeidsmarknaden
 
Vi arbeider for fullt og har nytta tida no til å lage nye forretningsmodellar for våre produkt. I 2019 fekk vi mandat frå våre eigarar i gamle Sogn og Fjordane til å kartlegge kva oppgåver og roller vi kan løyse på vegne av fylkeskommunen og næringslivet i Vestland fylke.
Vår felles utfordring er mangel på rett kompetanse. Koblar ein dette til forventa vekst på 10 -15 %, er vår jobb å bidra til å tette dette gapet. Den pågåande pandemien kan gjere at vi opplever ei endring på dette bildet. Kva endringar dette gir på arbeidsmarknadsstrukturen veit vi ikkje endå, men her blir det viktig at vi er i forkant og kan snu oss fort. Kanskje er det ei omstilling av arbeidsstyrka vi no står ovanfor.
 
Vestland sit med moglegheita, men berre om vi står samla
Det er spennande og krevande å modellere og realisere nye moglegheiter. Vi skal bygge på det som har vore vår suksessfaktor heile vegen. Nemleg å vere ein samlande aktør for å styrke merkevara Vestland på arbeidsmarknaden. Vestland er representert med framtredande, og til tider verdsleiande bedrifter og organisasjonar innan berekraftige vekstbransjar. Vi sit på ei skattekiste som få andre kan konkurrere med. Dette bodskapet må nå den nasjonale- og internasjonale arbeidsmarknaden.
Rekrutteringsaktørane er mange og ein har ulike verdiar, mål, oppgåver og innsatsfaktorar i dette arbeidet. Til dømes vil ein kommune arbeide for å synleggjere sine verdiar og attributtar for lokalt næringsliv og tilrettelegge for tilflyttarar i sitt geografiske område. Regionane vil bygge på verdiar som er viktige for heile regionen og bedriftene er opptatt av å synleggjere kva verdiar som gjer dei til gode arbeidsgjevarar.
Våre produkt og verkty skal ivareta den enkelte aktør og samle dette under verdas mest attraktive paraply.
Rekkevidda og resultatet vil ikkje vere godt nok om alle jobbar kvar for seg. – Står vi samla, lykkast vi!
 

God påske!

Arne, Marie og Linda
Framtidsfylket

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.