Finalist 1: Loen Skylift

Skriven 19.10.2017 under Årets Gründer

Loen Skylift er ei av dei brattaste pendelbanene i verda. Den tar deg frå fjord til fjell på fem minutt, opp til Hoven 1011 moh. No er attraksjonen plukka ut som ein av fem finalistar i Årets Gründer i Sogn og Fjordane 2017.

Gründer i Sogn og Fjordane 2017.

Odd Rune Flo er sals- og marknadssjef i Loen Skylift. Han fortel at mykje av suksessen med pendelbana handlar om at den gjer naturen tilgjengeleg for alle, uansett fysisk nivå.

– Her er noko for alle. Bana er rullestol- og gåstolvennleg, og det same gjeld ein del av grusvegane i området rundt. Andre område er meint for dei som er ute etter fart og spenning på sykkel til dømes. For oss er bana eit produkt og eit verktøy, så skal naturen og aktivitetane rundt spele hovudrolla, seier Flo.

Ifølgje Flo blei ønsket om realisering av draumen om ei pendelbane i Loen, forsterka etter at Via Ferrata opna i 2011.

– Via Ferrata blei veldig fort ein suksess, og då såg vi endå tydelegare at det var mogleg å få til ting som fungerer i høgfjellet. Då blei det sett i gong å konkretisere planane og å samle nok kapital med Richard Grov i spissen, seier Flo.

Eit nytt reiselivsikon i Sogn og Fjordane.

Pendelbana er bygd av sveitsiske Garaventa, som har brei erfaring med å byggje gondol- og skiheisar i Alpane. Sidan opninga 20. mai har Loen Skylift hatt rundt 85 000 besøkande, noko som er 30 000 fleire enn dei hadde budsjettert med. I tillegg har dei selt mange fleire årskort enn venta.

– At vi har selt fleire årskort enn venta, fortel oss at lokalbefolkninga også set pris på at prosjektet satsar, og at dei ønskjer å bruke bana, seier Flo.

Flo meiner dei har eit regionalt, nasjonalt og internasjonalt nedslagsfelt.

– Vi har mange frå Midtausten som kjem på besøk, og så er det mange norske. Nordmenn likar å vere ute og friluftsliv er i vinden for tida, så det er heilt klart at vi vil nå den norske turisten også. Her har vi både Skåla, Lodalskåpa, Loen Skylift, Briksdalsbreen, Loen Active, Via Ferrata og god nærleik til andre toppar. Samspelet mellom desse, trur eg kjem alle til gode, seier Flo.

Meir vinteraktivitetar

I 2015 var Loen Active finalist i Årets Gründer og tok ein solid 3.plass. I år er det Loen Skylift sin tur, og skulle dei stikke av med førstepremien på 100 000 kroner, er Flo tydeleg på kor pengane vil bli brukt.

– Noko av det vi ser på no er å opne opp for vinteraktivitetar, med aking, trugeturar og eit eige familievennleg vinterleikeland. Vi ser berre moglegheiter og jobbar heile tida med å utvikle nye aktivitetar og nye måtar å tilby naturen til turistar, seier Flo.

 

Stem på din favoritt

 

Tilbake til oversikta over finalistane 2017

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.