Du har velferdsteknologi i lomma di

Skriven 14.10.2016 under Nyheiter

Marit Haugan Hove skal i løpet av året som Framtidsfylket trainee arbeide med velferdsteknologi ved Vestlandsforsking. Etter to månader i jobben har ho allereie fått spreidd bodskapen på forsking.no.

Du har kanskje robotstøvsugar heime? Ein treningsapp på telefonen som brukar GPS for å registrere kor lange joggeturane dine er? Eller kanskje du har investert i elektronisk dørlås på ytterdøra di? Du har nok aldri tenkt over det, men kan du svare ja på desse spørsmåla, så er du faktisk ein brukar av velferdsteknologi.

Marit Haugan Hove har master i produktutvikling og produksjon frå NTNU, og ho er ein av to traineear som er tilsett hos Vestlandsforsking. Marit skal dette året jobbe i eit prosjekt med fokus på velferdsteknologi, og i ein artikkel i forskning.no set ho søkelys på kva velferdsteknologi kan vere.

 

Mange søkarar til traineestillingane

Vestlandsforsking lyste ut to stillingar i Sogn og Fjordane sitt felles traineeprogram for året 2016/17. Dei fekk mange godt kvalifiserte søkarar å velje i, og er godt fornøgde med å vere ein del av dette nettverket av bedrifter som koplar seg til Framtidsfylket sitt arbeid. Forskingsleiar Ivar Petter Grøtta ser fram til å dra nytte av den heilt ferske kompetansen til Marit Haugan Hove og Ida Marie Gildestad. Begge har utdanning innan fagområde som er kopla mot to av dei store samfunnsutfordringane i vår tid; klimaendringar og korleis tilpasse oss dei, og korleis vi skal møte utfordringane med at vi blir fleire eldre og at vi må bu lenger heime.

 

Merete Lunde

Det at vi fekk 114 søkarar til dei to traineestillingane som vart lyst ut, viser at både klima og velferdsteknologi er interessante område for nyutdanna som har planar om forskarkarriere i Sogn og Fjordane, seier direktør for Vestandsforsking Merete Lunde.

 

Vestlandsforsking

Vestlandsforsking er eit forskingsinstitutt som utfører forsking og utvikling på oppdrag for næringsliv og offentleg sektor. Dei 30 tilsette arbeider med forsking innan klima, miljø, IT og reiseliv. Vestlandsforsking held til på Fosshaugane Campus i Sogndal. Forskinga ved instituttet er forankra i regionen, og instituttet er på den nasjonale og internasjonale FoU arenaen. Vestlandsforsking har mål om å levere kunnskap som møter samfunnsutfordringar, og bidreg til innovasjon og berekraftig utvikling.

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.