Dette har ikkje skjedd før: 4 trainear på plass i Hordaland!

Skriven 19.11.2020 under Nyheiter, Trainee

For første gang i Framtidsfylket si 16 år lange historie, er det no tilsett fire trainear med arbeidsplass Hordaland. Eit stort løft for traineeprogrammet, meiner Linda Hovland.

– Dette har vi jobba lenge for, kan ein svært fornøgd dagleg leiar fortelje.

Heilt sidan fylkessamanslåinga var eit faktum, har Hovland jobba for å styrke samarbeidskulturen mellom Sogn og Fjordane og Hordaland på rekruttering. Ho har blant anna vore på turne i store delar av Hordaland for å verve nye bedrifter inn i Framtidsfylkets traineeprogram.

Mest behov i distrikta

– Kommunar og næringsliv i Hordaland er interesserte i modellen vi brukar for å auke talet på unge menneske som vil arbeide og bu i fylket. Mangel på kompetent og nødvendig arbeidskraft er ei stor utfordring i heile Distriktsvestland.

At traineeprogrammet no blir større, trur Hovland er positivt.

Eg trur Vestland som ein samla, større arbeidsregion kan vere attraktivt for unge nyutdanna, seier ho, og meiner det er eit pluss at søkarane kan velje mellom traineestillingar i Sogn og Fjordane og Hordaland.

Største regionale traineeprogrammet i landet

I første omgang er det Indre Hordaland som er med i ordninga. Vestland trainee er eit samarbeid mellom Framtidsfylket Trainee og Trainee Indre Hordaland, og den einaste fylkesdekkande traineeordninga i landet. Det er Framtidsfylket som er programleiar.

– Ordninga skapar eit unikt nettverk og styrkar både konkurransekrafta og samarbeidsånda knytt til ei sentral fellesoppgåve: Rekruttering til Distriktsvestland. No kan vi tilby ein større arbeidsregion, eit meir mangfaldig tilbod og såleis eit meir attraktivt traineeprogram. At Indre Hordaland er representert i årets kull er ein god start, seier Hovland.

Traineebedrift i 2021? Les meir her. 

Fire kandidatar på plass i Hordaland

Trainee indre Hordaland opplevde høge søkartal då dei lyste ut fire stillingar i samarbeid med Framtidsfylket.

– Felles utlysing og søknadsrunde med Sogn og Fjordane fungerte godt, og traineebedriftene fekk tak i gode kandidatar. Vi ser stor nytte av å utnytte felles administrasjon og kople oss på eit så etablert traineeprogram, seier Anna Gursli Langesæter, dagleg leiar i Næringshagen i Ullensvang.

Dagleg leiar i Næringshagen i Ullensvang Anna Gursli Langesæter

 Vil ha fleire traineebedrifter i Hordaland

Langsæter jobbar med å gjere fleire bedrifter i Indre Hordaland kjente med traineeprogrammet.

– Næringslivet ser at traineane er viktige for utviklinga av distriktet. Første kullet er godt i gang og fire trainear er på plass i Ullensvang, men vi ønsker å rekruttere endå fleire traineebedrifter til 2021/22-kullet.

På sikt er målet å tilby Framtidsfylkets traineeprogram i heile Vestland. Det blir jobba kontinuerleg med å informere og rekruttere regionane i Hordaland.

Vil du bli traineebedrift? Les meir her.

Her er traineane i Indre Hordaland

Trainee Vestland

Mari Prestegård (25) er trainee innan prosesstøtte for TiZir Titanium and Iron (TTI). Her får ho jobbe i ei industribedrift som er det einaste av sitt slag i Europa og eitt av seks i verda.

Kristin Isabel Thorbjørnsen (35) er trainee i Ullensvang kommune innan byggesak og plan.

Renate Ullensvang

Renate Almelid Trengereid (24) er trainee i marknad og kommunikasjon for Næringshagen i Ullensvang. Næringshagen er eit konsulentfirma som jobbar med næring i kommunen.

Sofie Bergström (31) kjem opprinneleg i frå Sverige, men har utdanna og busett seg i Norge. No er ho trainee i Ullensvang Kommune.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.