Derfor skal du tilsette trainee i 2021

Skriven 15.10.2020 under Ukategorisert

Til no har 250 unge, motiverte kandidatar vore trainee i Sogn og Fjordane og Hordaland. Blir du den neste traineebedrifta i Vestland?

1. Toppkandidatar i søkarbunken

Framtidsfylket går breitt ut for å få tak i dei beste kandidatane. Vi marknadsfører stillingane over heile landet og møter kandidatar på rekrutteringsmesser og via utdanningsinstitusjonar. Traineestillingane er attraktive, og nyutdanna ser på dei det som ein god inngang til arbeidslivet. Du kan difor rekne med toppkandidatar i søkarbunken.

2. Bruk mindre ressursar på rekruttering

Rekruttering er dyrt og tek tid. Vi rekrutterer brei og allsidig kompetanse og leverer ein bunke med relevante søkarar til deg. Alt frå økonomar, ingeniørar marknadsførarar og utviklarar, til samfunnsvitarar, helseutdanna, juristar og andre fagområde. Søkarane til traineeprogrammet er primært nyutdanna masterkandidater, men også kandidater på bachelornivå. Du vel sjølv kven du kallar inn til intervju.

3. Fersk kompetanse og friske tankar!

Ein av dei viktigaste grunnane til at bedrifter tilset trainee, er at dei ønsker fersk kunnskap inn i bedrifta. Ein trainee er nyutdanna med lærdommen friskt i minne, og kan tilføre bedrifta det nyaste innan faget.

4. Arbeidsom, lærevillig og motivert

For dei fleste traineane vil dette vere deira første studierelevante jobb. Dei ønsker å vise kva dei er gode for og gjere det vesle ekstra for å imponere og skilje seg ut. Dei er fortsatt i ein fase der dei er lærevillige og tileignar seg kunnskap, og ved å tilsette ein trainee vil du derfor få ein høgt motivert person.

5. Ein trainee får jobben gjort

Har du prosjekt liggande som bedrifta ikkje har tid, kompetanse eller kapasitet til å begynne på? Det er perfekte oppgåver for ein trainee!

6. Røskar i bedriftskulturen

Kollegaer som har jobba saman lenge, har ein tendens til å tenke likt og handle likt. Ein trainee røskar litt i bedriftskulturen og tilfører nye innfallsvinklar og idear. Ein trainee er ein ressurs for bedriftsutvikling og innovasjon.

7. Unikt nettverk

Gjennom Framtidsfylkets traineeprogram får både bedrifta og traineen eit unikt nettverk i fylket. Opplev erfaringsutveksling, innblikk i andre bransjar, samarbeidsmoglegheiter og auka synlegheit som traineebedrift.

Les meir om å vere traineebedrift. 

8. Ta samfunnsansvar – styrk omdømet

Eit solid omdøme har aldri vore viktigare. Når du tilset ein trainee, gir du nyutdanna ein sjanse til jobb og erfaring. Bedrifta tar også samfunnsansvar i form av tilflytting og utvikling av distrikta. Samla er dette med på å styrke omdømet til bedrifta.

9. Heilt uforpliktande

Dersom det av ulike orsaker ikkje skulle bli full klaff mellom bedrift og trainee, er ikkje bedrifta forplikta til å tilby fast jobb etter traineeåret. Arbeidskontrakten er basert på ei tilsetting på eitt år.

10. Kan ende i fast tilsetting

Vi har hundrevis av eksempel på bedrifter som har valt å gi traineen fast stilling. Gode kandidatar og full klaff på kompetansebehov har ført til at dei fleste bedriftene vel å tilby traineen jobb etter eit år.

Våg å satse på ung arbeidskraft – Bli traineebedrift i Vestland!

Ønsker du å tilsetje ein trainee i 2021/22? Send epost til: linda@framtidsfylket.no  eller ring 990 17 852 for meir info om programmet.

Les meir om å vere traineebedrift.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.