Deloitte tilsette sju etter karrieremesse

Skriven 21.10.2014 under Nyheiter

- Karrieremessene er ein optimal rekrutteringsstad, seier Hans Jørgen Kirkeeide, partner i Deloitte. Revisjonsfirmaet har funne heile sju tilsette på karrieremessene til Sogn og Fjordane dei siste to åra.

3 av 7: Partnar Hans Jørgen Kirkeeide (t.h.) fann sju tilsette på karrieremesse. F.v. Sturla Olafson, Marie H. Grimelid, Cecilie Kristina Halvorsen, Renate B. Rønvåg og Kirkeeide. Foto: Kristine Folland

Deloitte har tre kontor i fylket – i Florø, Førde og Sogndal. Årleg aukar dei staben med 3-5 tilsette, noko som til tider har vore ei utfordring.

– Det har vore ei krevjande oppgåve å rekruttere nok tilsette til verksemda. Vi hadde liten effekt av rein avisannonsering, og vi måtte tenke annleis.

Deloitte Sogn og Fjordane valde deretter å satse på to arenaer – Framtidsfylket sine karrieremesser og NHH sin karrieredag i Bergen.

– Vi har aldri hatt betre effekt enn på fylket sine eigne karrieremesser. Her møter vi svært mange gode kandidatar som er interesserte i oss og i Sogn og Fjordane. Ofte er det lang kø på standen vår, seier Kirkeeide.

Messestrategi

Senior manager Cecilie Halvorsen fortel at dei har ei svært bevisst tilnærming til karrieremessene.

– I forkant av messene søkjer vi aktivt i CV-databasen på framtidsfylket.no for å finne potensielle kandidatar. Deretter sender vi ein direkte e-post til desse, med personleg invitasjon til ein uformell prat på karrieremessene. På denne måten sikrar vi at vi får møte dei mest interessante kandidatane for Deloitte, seier Halvorsen

Deloitte brukar karrieremessene til å rekruttere til seg sjølv, men også til andre kontor i landet. Det er låg terskel for overflytting internt i konsernet, og gode mulegheiter for internasjonal utveksling.

– Vi har eit langsiktig perspektiv på rekruttering. Vi veit at vi har behov for arbeidskraft, og skal vi sikre oss dei beste, må vi vere tidleg ute. Ofte signerer vi gode kandidatar 1-2 år før dei er ferdig med utdanninga si. Dette gjer det også enklare for dei å planlegge flytting, bustad og andre formalitetar, seier Halvorsen.

Vis fram mangfaldet

I Bergen i fjor var 60 verksemder frå Sogn og Fjordane representert på karrieremessa i Bergen. Kirkeeide oppmodar om å bli enno fleire i 2015.

– Mange unge veit ikkje kva som finst av mulegheiter i Sogn og Fjordane, så det er viktig at både store og små verksemder viser seg fram. Vi opplever at dei som er på messene, er bevisste på kva verksemder dei vil snakke med. Det er ein god møteplass for å møte både studentar og yrkesaktive, samtidig som ein synleggjer mangfaldet i arbeidslivet i fylket, seier han.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.