Byggjer transporteventyr på Sande

Skriven 28.04.2015 under Nyheiter

Nistad Transport drøymer om ei transportklynge like ved nye E39 på Sande. Samtidig jaktar dei ein ny person til å ta over roret i familiebedrifta.

– Heile familien vår har vakse opp i Nistad Transport. For 24 år sidan kom far min inn på kjøkkenet og annonserte at no skulle han på cruise. Det var tid for å sleppe yngre krefter til, fortel administrerande direktør Arne Nistad.

Magnus Nistad starta transportbedrifta i 1967 med mjølkerute i Gaular. Han var den første som starta opp landtransport mellom Sunnfjord og Bergen, og sikra seg store kontraktar med Hansa og Tine. Status nesten 50 år seinare er ein splitter ny bilpark på 35 bilar, 50 tilsette og ei omsetning på 86 millionar kroner. Vegen dit har derimot ikkje alltid vore like enkel.

– Ein må gå på nokre smellar for å komme vidare i ei bedrift. Ved tusenårsskiftet mista vi delar av kontrakten med Hansa, noko som utgjorde ein kjempedel av drifta vår. Då såg det dårleg ut. Eg tok med meg båten min til Molde for å selje den, for den hadde eg ikkje råd til lenger. Tre dagar seinare reiste eg opp igjen og henta båten tilbake. No skulle det satsast, fortel Arne.

Nye tankar måtte til. Selskapet fekk nye kundar, og dei siste 10-15 åra har dei auka omsetninga frå 20 til 86 millionar kroner.

Klyngetankar
I takt med aktiviteten, har bedrifta også vakse ut av lokala sine i Sande sentrum. Dei siste to åra har dei jobba med å utvikle ein nye base ein kilometer utanfor sentrum. Dette opnar for nye moglegheiter til å tenkje stort.

– Vi ville gjere jobben sjølv. Etter altfor mange år på eit kontor var det herlig å kunne bruke kroppen igjen. Vi har køyrt vekk 3000 lastebillass med myrjord, sprengt 70 000 kubikk fjell og planert ut ei tomt på 32 mål, fortel Nistad.

Sjølve bygginga startar når den eksisterande bygningsmassen er seld. Då håpar Nistad at fleire vil vere under same paraply.

– Vi ynskjer å byggje ei næringsklynge der fleire aktørar innanfor transport og logistikk der vi kan skape effektive løysingar i fellesskap. Vi har 32 mål like ved nye E39, og det er klart at det opnar for nye mulegheiter. Vi skal byggje nytt lager med kjøl og frys, distribusjonsterminal, verksted og mykje meir. Eit oljefirma vil leige deler av nabotomta til å setje opp ein automatstasjon, og vi ynskjer å finne nokon til å setje opp ein kiosk med dusjmulegheiter for sjåførar. Slik samlar vi industrien på ein plass, fortel Nistad.

Framtidsretta generasjonsskifte
For fire år sidan utvikla Nistad ein app for å forenkle kvardagen til bedrifta. Alt rutinearbeid, som timeregistrering, loggføring og nyhender i verksemda vart overført til iPad for alle tilsette. For at fleire transportselskap kunne ta i bruk appen, oppretta dei selskapet Invid, med dottera Mariann i førarsetet.

– Invid var også eit resultat av at vi måtte tenkje nytt. Vi var nedlessa i papirarbeid som stal altfor mykje tid. Korleis kunne vi nytte teknologi til å fjerne tidstjuvane? Denne prosessen resulterte i Invid, seier Reidun Nistad, økonomiansvarleg i Nistad Transport.

– Vi har fått ein ny informasjonsflyt i bedrifta. Alle får beskjedar på same tid, og bedrifta er knytt saman på ein betre måte, seier Mariann Nistad.

Både Magnus og Arne Nistad har styrt bedrifta i 24 år kvar,  og no er tida komen for eit nytt skifte. Alle dei fire borna til Arne og Reidun har allereie funne si rolle i verksemda.

– I første omgang ynskjer vi å finne ein driftsleiar, som kanskje kan gå inn i rolla som dagleg leiar på sikt. Det blir spennande å få inn nye hovud som kan utvikle bedrifta vidare, seier Arne.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.