Bli traineebedrift i 2016

Skriven 29.10.2015 under Nyheiter

Har du behov for nytilsette i 2016? Tilset ein trainee gjennom Framtidsfylket.

I år har vi 16 spennande traineear i programmet, og mange hadde ikkje oppdaga mulegheitene i Sogn og Fjordane, om det ikkje var for traineeordninga. Dei siste tre åra har vi hatt ein eksplosiv vekst i tal søkjarar, og vi jobbar knallhardt for å sikre oss breiast mogeleg synleggjering av alle våre traineebedrifter.

Framtidsfylket koordinerer  og marknadsfører stillingane på ei rekkje store utdanningsinstitusjonar i heile Norge. Dette er såleis ein unik mulegheit til å tiltrekkje seg fersk kompetanse frå heile landet. Visste du at 75 prosent av fjorårets søkjarar kom utanfrå Sogn og Fjordane? Ordninga vert lagt merke til! 125 nyutdanna og 53 verksemder har så langt hatt gleda av å vere med i traineeordninga. Dette er samarbeid på sitt beste, og skaper viktige nettverk på tvers av bransjar og geografi. Innan 15. november må vi vite om di bedrift vil vere med på utlysing av neste års stillingar.

Registrer deg som traineebedrift her innan 31. oktober!

Om traineeordninga
Framtidsfylket Trainee er eit viktig verkemiddel for å nettopp synleggjere Sogn og Fjordane som ein spennande stad å jobbe og bu i. Vi veit at ordninga tiltrekkjer seg kandidatar med høg kompetanse og aukar tilflyttinga til fylket.

Å vere traineebedrift gjer bedrifta til ein ettertrakta arbeidsgjevar blant nyutdanna jobbsøkjarar. Gjennom traineeordninga får bedrifter høve til å tilby unge arbeidstakarar ei skreddarsydd stilling.

Samstundes blir den nytilsette ein del av eit nettverk av likesinna, der dei knyttar kontaktar, blir kjend med næringslivet og fylket generelt. Bedrifta får fersk kompetanse med bachelor eller masterutdanning innan eit relevant fagområde for den enkelte bedrifta. Kandidaten har maks tre års arbeidserfaring. Totalpakken gjev bedrifter eit stort fortrinn i kampen om kloke hovud.

Her finn du meir informasjon om opplegg og vilkår.

Ønskjer di bedrift å ha ein trainee i 2016/2017? Registrér deg i dag!

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.