Bli kjend med våre eigarar

Skriven 13.10.2016 under Nyheiter, Ukategorisert

Framtidsfylket er eit verktøy og ei felles merkevare for alle i Sogn og Fjordane. Uavhengig av om ein eig aksjar eller ei, kan alle nytte verktya som er laga for å løfte fram fylket og kjenne "eigarskap" til fellesarbeidet. Her er ei oversikt over kva selskap som har aksjar i selskapet.

Arbeidet til Framtidsfylket starta etter initiativ frå solide aktørar i næringslivet i fylket, og selskapet har 36 eigarar frå mange ulike bransjar i ryggen. Denne organiseringen gjer selskapet unikt i sitt slag.

Framtidsfylket er Sogn og Fjordane sin eigen merkevare for karriere, rekruttering og nettverk. Hovudmålet til selskapet er å sikre vekst og verdiskaping i fylket gjennom å rekruttere kompetent arbeidskraft.

Selskapet Framtidsfylket jobbar for alle verksemder i Sogn og Fjordane, og vi samarbeider med alle som jobbar innan rekruttering og profilering av fylket. Framtidsfylket arbeider aktivt for å skape synergiar på tvers av bransjar og kommunegrenser. Ei viktig målsetjing er å skape stoltheit rundt alle karrieremoglegheitene som finst i Sogn og Fjordane. Vi arbeider med mykje, men heilt konkret bør nemnast dei 3 hovudpillarane:

  • Framtidsfylket jobbbportal
  • Framtidsfylket trainee
  • Framtidsfylket Karrieremesser

Nedanfor finn du lista over dei 36 eigarane i Framtidsfylket AS.

 


Sogn og Fjordane Energi – SFEsfe_logo_rgb

SFE er ein stor aktør i den norske kraftindustrien, med omfattande produksjon av fornybar energi. SFE konsernet består av Kraftsproduksjon, Nett og Straumsal.

 


PrintSparebanken Sogn og Fjordane

Sparebanken Sogn og Fjordane er den største banken i fylket.  Sparebanken ønskjer å vere ei drivkraft for fylket.

 


nordfjord

Nordfjord Kjøtt

Nordfjord Kjøtt er ein av dei største private kjøtforedlingsbedriftene i Noreg.

 


accountorAccountor Gloppen

Accountor Gloppen er med i Accountorgruppen som er Nord-Europas største selskap innan økonomi- og rådgivingstenester.

 


kunnskapsparken

Kunnskapsparken Sogn og Fjordane

Kunnskapsparken Sogn og Fjordane er ein fylkesdekkande aktør som løfter fram gründarar og inkubatorbedrifter med gode forretningsidear.

 


fjord1_logo-svgFjord1

Fjord1 er det største ferjeselskapet i Norge. Kjerneverksemda deira er sjøtransport gjennom ferjedrift og passasjerbåtdrift.

 


haugland_logoRøde Kors Haugland Rehabiliteringssenter

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein institusjon i spesialisthelsetenesta innan fysikalsk medisin og rehabilitering.

 

 


709px-sogndal_il_logo-svgSogndal Fotball

Sogndal Fotball er fylkets tippeligaklubb i verdas einaste tippeligabygd. Klubben er ein viktig bidragsytar for kunnskap- og idrettsmiljøet i Sogndal og fylket.

 


nhoNHO – Næringslivets Hovedorganisasjon

NHO Sogn og Fjordane driv lokalt opinionsskapande arbeid, påverker lokale og regionale myndigheiter og gjev råd til sine medlemmar i fylket.

 

 


sfj-fylkeskommuneSogn og Fjordane Fylkeskommune

Sogn og Fjordane Fylkeskommune har ansvar for mange viktige samfunnsoppgåver, men er og sentral i arbeidet med regional utvikling i lag med kommunar, regionråd, næringsliv og frivillige organisasjonar.

 


Enoro LogoEnoro

Enoro leverer programvare for straumleverandørar for smartare energistyring. Selskapet er internasjonalt med kontor og kundar i store delar av Europa.  Hovudkontoret ligg i Dale.

 


coop_vestCoop Vest

Coop Vest har hovudkontor i Førde, men driv butikkar både i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Verksemda er den størst innan varehandel i sin region.

 


bergeogcoBerge og Co

Berge & Co har fleire avdelingar i Sogn og Fjordane og er ein gigant innan bilhandel og bilverkstad.

 

 


melinmedicalMelin Medical 

Melin Medical leverer terminalar og betalingsløysingar for helsesektoren. Selskapet har driftskontor i Oslo, og hovudkontor på Sandane.

 


sparebanken-vestSparebanken Vest

Sparebanken Vest er landets tredje største sparebank, og er ein viktig bidragsytar til næringsutvikling i Vestlandsregion.

 


sognnaring_logo_fargeSogn næring

Sogn næring arbeidar for næringsutvikling i Sogn og gjev viktig oppstartshjelp for nyetableringar.

 


sunnfjordenergiSunnfjord Energi

Sunnfjord Energi er eit integrert kraftselskap med kraftproduksjon, drift og bygging av nett og sal av kraft til bedrifter og hushald.

 


Norva24logo_norva_175

Norva24 tilbyr brei kompetanse og breidt tenestetilbod innan slamsuging, høgtrykkspyling, rørinspeksjon, kontroll, rensing og industriservice.


monMoods of Norway

Moods of Norway er ein internasjonalt anerkjend norsk merkevare og produsent av designkle. Happy clothes for happy people!

 


domsteinDomstein

Domstein er ein leiande aktør i norsk og internasjonal fiskeri- og sjømatnæring.

 


k-2015-wergelandgruppa-logoWergelandgruppa

Wergelandgruppa har ein 60 år lang historie. Konsernet har aktiviteter innan miljøservice, betong, industriutvikling, havne- og marine tjenester.

 


Hotel Alexandraalexandra_hotel

Hotel Alexandra er eit tradisjonsrikt, moderne og familiedrive hotel. Hotellet jobbar aktivt med utvikling av Loen som turistdestinasjon.

 


lerumLerum

Lerum er ein landsdekkande leverandør av syltetøy, saft og jus, og har som visjon å dele smaken av Saftbygda med heile verda.

 


brodrnee-aBrødrene Aa

Brødrene Aa er verdsleiande på produksjon av hurtigbåtar laga i karbonfiber.

 


k-2015-a%cc%8asenovrelid-logo Åsen og Øverlid

Åsen & Øvrelid er blant dei største entreprenørverksemdene i Sogn og Fjordane.

 


2016-10-06_15h30_43 Sunnfjord Næringsråd

Sunnfjord Næringsråd er eit felles samarbeidsorgan for næringslivet i Førde, Flora og Bremanger og skal jobbe for ny og auka næringsaktivitet i Sunnfjord.

 


normaticNormatic

Normatic har spesialkompetanse innan elektro-automasjon og driftskontroll.

 


nordplanNordplan 

Nordplan tilbyr teknisk og arkitektfagleg rådgjeving frå idè til ferdig bygd anlegg.

 


Luster Sparebankluster

Luster Sparebank er lokalbank for heile Luster kommune med hovudkontor  i Gaupne.

 


vestlandsforskingVestlandsforsking

Vestlandsforsking utfører forsking og utvikling på oppdrag for næringsliv og offentleg sektor. Intituttet arbeider med forsking innan klima, miljø, IT og reiseliv.

 


hoyangernaeringsutviklingHøyanger Næringsutvikling

HNU legg til rette for næringsutvikling i Høyanger kommune.

 


enivestEnivest

Enivest tilrettelegg viktig infrastruktur i form av breibandsnett til både tettstader og utkantar i heile Sogn og Fjordane.

 


serit_fjordaneitSerit Fjordane IT

Serit Fjordane IT har kontor i Førde, Stryn, Gaupne og Sogndal, og er ein komplett teknologi og kommunikasjonspartnar.

 


aurlandAurland Ressursutvikling

Aurland Ressursutvikling er eit utviklingsselskap i Aurland kommune som arbeider for reiselivet og anna næringsutvikling i område Aurland og Flåm.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.