Bli fanebærar i det grøne- og blå skiftet

Skriven 20.05.2020 under Nyheiter, Ukategorisert

Evoy er kanskje ein av landets mest spennande bedrifter for tida. Er du klar for ein grøn jobbkvardag i Florø?

Ola Øren (27) er ein av dei som greip moglegheita og flytta frå storbylivet i Oslo til fordel for Evoy. Med kun 25 minutters pendleveg frå Eikefjord, er han overbevist om å ha tatt riktig val.

Hadde Evoy i kikkerten

Systemutviklaren innrømmer at han hadde fulgt bedrifta tett før stillinga vart utlyst, og i mars entra han dørene på Florø-kontoret.

– Det er fleire grunner til at eg søkte på jobben. Ein av grunnane er at det er ei spennande teknisk utfordring, og at det er morosamt med båt. Samtidig er eg med å dra samfunnet i ei grønare retning, fortel Øren.

 

– Vi har alle forutsetningar for å lykkast

– Dei som er her er engasjerte, og dei har tru på prosjektet.  Eg tenkjer at vi har gode forutsetningar for å lykkast. Vi har dei rette personane på riktig tidspunkt. Vi meiner at løysinga med vårt system gir meining, forklarar 27-åringen. 

Dagleg leiar, Leif A. Stavøstrand til venstre saman med Ola Øren.

 

– Ein global megatrend

Grunnleggjar og dagleg leiar, Leif A. Stavøstrand, er samd med Evoy sin nye systemutviklar. Han ser på framtida med stort håp.

– Vi rir litt på den grøne bølgja som kjem. Det er ein global megatrend at det skal skje ei elektrifisering av alt som kan transporterast. Då er det også naturleg at vi tek størst mogleg del av marknaden, seier Stravøstrand.

 

Styrkar laget

– No må vi styrke laget for å følgje det naturlege utviklingsløpet. Vi trenger teknisk kompetanse, men også innan forretning og noko som kan gjer at vi kan adresse marknaden på ein god måte. Vi må dekkje alle bedriftsarbeidområde for å kunne nå nye milepælar, forklarar den daglege leiaren.

Alle må dra i same retning

Stavøstrand ser gjerne at dei nye tilsette er oppteken av grøn teknologi. 

I Evoy er det ingen som er i andre enden av skalaen. Vi er opptekne av grøn teknologi. Verda må gå mot å bli utsleppfri. I Norge slepp mindre båtar ut like mykje klimagassar som innanlandsfly. Likevel er det rom for ulike infallsvinklar og hypoteser. Det viktigaste er at vi har eit team som dreg i same retning.

Grunnleggjaren fortel vidare at det er stor takhøgde for ulike typar menneske, kulturar og kjønn i Evoy. Vår erfaring er at diverserte team får dei beste resultata. Derfor er det ikkje alltid at det er best kvalifikasjon som vinn. Stavøstrand tek i bruk metaforar og forklarar tilsettinga som eit puslespel, kor ein skal oppnå mangfald.

 

No kan du bli med Evoy vidare på eventyr:

Dritgod CCO til det blå skiftet

Dritgod Elektroinstallatør til det blå skiftet

 

Ikkje heilt det du ser etter? Sjekk ut fleire stillingar i jobbportalen vår.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.