Bardhenjum 768x512

Bård Henjum

Skriven 26.09.2017 under Trainee

Utdanning

Mastergrad i medievitskap ved Universitet i Bergen, våren 2016.

Traineestilling

Jobbar hos Lotteri- og stiftelsestilsynet i Førde. Eg jobbar i kommunikasjonsavdelinga i tilsynet og arbeidsoppgåvene mine er omtrent som ein vanleg tilsett kommunikasjonsrådgivar. Eg er blant anna delredaktør på nettsida og intranettet vårt, har delansvar for dei sosiale kanalane våre på nett og hjelper personar i fagavdelingane med fagbloggar. Eg skal og vere pressekontakt, delta på kommunikasjonskonferansar og vere med i spennande informasjonskampanjar og prosjekt som tilsynet jobbar med. I løpet av trainee-året skal eg hospitere på dei ulike fagavdelingane i tilsynet, der eg skal ha på meg kommunikasjonsbrillene eg har fått frå kommunikasjonsavdelinga.

Difor søkte eg traineestillinga

Som nyutdanna kan overgangen til arbeidsmarknaden vere tøff. Avslag basert på manglande erfaring er vanleg, noko som gjer at det er vanskeleg å få seg jobb. Traineeordinga er ein mjuk overgang til arbeidslivet, og er derfor skreddarsydd for oss som er nyutdanna. Eg har utdanning innan kommunikasjon, og då er ei trainee-stilling som kommunikasjonsrådgivar i Lotteri- og stiftelsestilsynet midt i blinken for meg som ikkje har særleg praktisk erfaring innanfor feltet. I tilsynet får eg eit unikt innsyn i problemstillingar, utfordringar, moglegheiter og løysingar innanfor kommunikasjonsfaget. Eg lærer korleis ein kommunikasjonsrådgivar jobbar og tilpassar seg ulike situasjonar, i tillegg til at eg får god oppfølging av engasjerte kollegar. Eg føler meg særs privilegert som får lov til å vere trainee her, og eg hadde ikkje nølt eit sekund med å søke igjen.

Traineesamlingane hos Framtidsfylket er og ein fantastisk moglegheit for oss traineear. Her byggjer vi fagleg nettverk på tvers av fagområda våre, i tillegg til at vi knyter sosiale band som kjem til å vare livet ut. Det er utruleg kjekt å bli kjent med så mange flotte personar frå ulike bedrifter i fylket, og samlingane er alltid eit stort høgdepunkt.