Bærekraftig, grønt og miljøvenleg

Skriven 18.10.2019 under Nyheiter, Ukategorisert

Gjengen i Fjord1 er over snittet engasjert i miljø. No kan du bli ein av dei.

– Vi i Fjord1 har arbeidd med det grøne skiftet i fleire år allereie, og vi er stolte av å vere ein leiande aktør i næringa. Med ein visjon om å vere best på miljøvennleg og pålitetleg transport, treng vi stadig nye medarbeidarar. Vi må følgje med på utviklinga for å vere best, seier HR-rådgjevar i Fjord1, Heidi Felle.

Gjer ein forskjell – du òg!
Fjord 1 er ei bedrift som verkeleg kan skilte med å vere opptatt av miljø. Bærekraftig, grønt og miljøvennleg, er ord som går igjen i alle stillingstekstane frå selskapet, og Felle seier dei er stolte av å kunne marknadsføre seg med dette.

– Dette er ikkje verdiar berre vi er opptekne av, men også samfunnet generelt. Det er mange strenge krav vi skal fylle, og dei nye kontraktane krev det. Teknologien vi har tatt i bruk har enorm påverknad for samfunnet. Fjord1 gjer ein forskjell, og no kan du bli med på laget.

 

Selskapet har altså no lyst ut heile fire attraktive stillingar i administrasjonen. 

Energi- og miljøansvarleg

– Dette er ei superspennande stilling der ein får påverkebedrifta som heilheit.

Stillingsutlysninga rettar seg spesielt mot den yngre garde og gjerne ein som er nyutdanna.

– Vi er i ein omstillingsprosess, og det er gjerne nyutdanna som sit på den kompetansen vi leitar etter. Yngre folk har gjerne både utdanninga, men også det engasjementet og givet som er viktig for stillinga. Det må vere nokon som tør og evna å komme inn og utfordre tankesettet litt. Folk som ser nye ting som vi ikkje har kunnskap om.

IT-leiar

Vil du vere med på å drive den teknologiske og digitale utviklinga til selskapet vidare? Er du i tillegg ein leiar-type? Då kan dette vere draumejobben din!

Bemanningskoordinator 

Er du imøtekommande og blid, god til å kommunisere og trivast med høgt tempo, kan dette vere stillinga for deg! Som bemanningskoordinator skal du jobbe med rekruttering og bemanning av personell til turistferjer operert av The Fjords.

Operativ leiar 

Er du glad i ansvar kan nettopp dette vere stillinga du bør søke på. Som operativ leiar får du blant anna personalansvaret for administrativt og maritimt personell, du får budsjett – og resultatansvar, du vert leiar for dagleg drift av fartøy og linjeansvarleg for tryggleik og HMS.

 

Spelar kvarandre gode
Ein av kjerneverdiane til Fjord 1 er samhandling og teamånd. Felle seier at det heile tida er fokus på eit godt arbeidsmiljø.
– Vi skal ha dei beste og mest motiverte medarbeidarane i næringa, og heile tida utvikle medarbeidarane på alle nivå. For at det skal vere mogleg må arbeidsmiljøet vere godt og trygt, og at vi må spele kvarandre gode.

Læring og personleg utvikling er også ord som går igjen i stillingstekstane. Dette er særleg viktig for selskapet.
– Endringane skjer enormt fort i dag. Vi må heile tida vere opne for å lære nye ting, og då må fagleg utvikling vere lagt til rette for. Vi har eit stort kompetanseprogram og vil sjølvsagt det beste for våre tilsette.

Kompetanseutvikling og godt humør
Ho legg til at moglegheita for kompetanse- og karriereutvikling er ein av grunnane til at mange likar seg i ferjeselskapet.

– Selskapet er så stort og er samansett av så mange fagfelt at ein ikkje nødvendigvis treng å søkje etter ein ny arbeidsgjevar om ein vil prøve noko nytt.

Felle begynte sjølv i Fjord 1 for berre to veker sidan, og seier ho likar seg svært godt.
– Her er det stor takhøgde og mykje humor. Det er ein god balanse mellom kvinner og menn som jobbar her, og vi har det kjekt i lag. Ein blir gitt ansvar, og ein får tillit. Om ein griper dei moglegheitene som dukkar opp, får ein gjort mykje. Det er også svært motiverande å få bli med på ei så stor og viktig utvikling.

Stadig på jakt
Felle oppmodar alle til sjekke ut stillingane som ligg ute. Ho legg til at selskapet heile tida er på jakt etter dyktige folk, både på sjø og på land.  Så om ein er interessert i å jobbe i eit stort, leiande selskap må ein meir enn gjerne ta kontakt. Dei har avdelingar innan HR, økonomi/rekneskap/løn, IT, innkjøp, sikkerheit, teknisk, nybygg, prosjekt, service, operasjonell drift. Med andre ord eit vidt spekter av fagfelt.

Til slutt vil ho tipse om at det i nær framtid vil komme utlysningar på spennande stillingar på teknisk avdeling. Om du sit med til dømes ein ingeniørutdanning og eit brennande ønskje om ein kul arbeidsplass, bør du så absolutt følge med.

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.