194(!) ledige stillingar med til Bergen

Skriven 02.02.2020 under Nyheiter, Ukategorisert

Lurer du på kva som møter deg i Grieghallen på tirsdag? Med nesten to hundre ledige stillingar frå 90 ulike bedrifter, vil det vere mogleg å finne noko for einkvar smak.

I tillegg til gratis mat, drikke og konkurransar, kjem det til å vere ei rekke jobbmoglegheiter innanfor veggane i hjarte av Bergen. Påmeldinga til messa er fortsatt open, om du vil sjå kva som beveger seg i jobbmarknaden i Vestland.

Påmelding Framtidsfylket Karrieremesse Bergen

500 ballongar

I løpet av kvelden droppar vi 500 ballongar i Grieghallen. I nokre av dei vil det ligge fleire fine premiar. Blant anna festivalpass til Utkant, Malakoff, Fjellsportfestivalen og TEx Vest. Festivalane kjem også til å vere representert på messa med eigne barar som tilbyr gratis mat og drikke. 

10 gode grunnar for deg å melde deg på Framtidsfylket Karrieremesse i Bergen

  1. 90 påmeldte bedrifter
  2. Konkurransar med gode vinnarsjansar
  3. Ballongslepp med festivalpass som premie
  4. Festivalbarar med matservering
  5. 32 attraktive traineestillingar
  6. Sommarjobbar
  7. Faste jobbar
  8. Bachelor- og masteroppgåve
  9. Sveler til folket<3
  10. ALT ER GRATIS 

90 påmeldte bedrifter

Som tidlegare nemnd, er det heile 90 bedrifter som tek turen til Bergen. Her vil du finne alt frå kommunar som ønskjer seg sjukepleiarar, til Highsoft i Sogn som treng folk innan IT. Fagfelta er mange, og moglegheitane er uendelege.

Kanskje vil du bruke sommaren til å få deg relevant jobberfaring? Mange bedrifter og kommunar ser også etter arbeidskraft og unge talent innan ei rekke arbeidsfelt, som kan bidra i dei varmaste månadane. 

X antal bachelor- og masteroppgåver

Planlegger du å skrive masteroppgåve? Fleire av bedriftene som står på stand, har fleire problemstillingar og område dei gjerne vil utforske gjennom masterstudentar som tek for seg desse. Ta deg ein runde med bedrifter innanfor ditt fagfelt for å høyre om dei har moglegheiter liggande for deg! Kanskje skriv du masteroppgåve for din neste arbeidsgivar?

32 traineestillingar

Av dei 194 ledige stillingane som ligger ute i Framtidsfylket sin jobbportal, er 32 av dei traineestillingar. I Framtidsfylket sitt traineeprogram er du tilsett i ei bedrift gjennom eit heilt år, men får delta på faglege og sosiale samlingar i løpet av perioden. Ein årleg tur til utlandet betalt av bedrifta di, er også ein av godene som stikk seg ut.

Nytt av året er at du finn bedrifter utanfrå det som tidlegare var grensene til Sogn og Fjordane. Odda-bedriftene Tizir, Odda Næringsforum, Odda Mekaniske Veksted og Ullensvang kommune, lyser alle ut traineestillingar. I tillegg er dei fire bedriftene å finne på tirsdagskvelden i Bergens kulturmeteropol.

Les meir om traineeåret HER.
Eller sjå kva ein tidlegare trainee har å seie om programmet HER.
Årets traineestillingar finn du HER.

5 kr per deltakar til UNICEF

Alle barn har rett til utdanning, heiter det. Dette er noko vi heier på, og vil vere med å støtte. Derfor gir vi fem kroner per besøkande på våre karrieremesseser i Trondheim og Bergen til UNICEF sitt arbeid med utdanning for unge menneske frå andre deler av verda. Så i det du entrer dørane i Grieghallen og gjennomfører registreringa, donerast det fem kroner. Vi håper at så mange som overhovudet mogleg, tek turen til karrieremessa.

 

Påmelding Framtidsfylket Karrieremesse Bergen

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.