Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Fagradiograf MR | Helse Førde | Sunnfjord | Fulltid |
Radiologisk avdeling i Førde tilbyr ein meiningsfull og interessant arbeidsdag i tett samarbeid med gode kollegaer. Hos oss vil du bli utfordra fagleg og få sjansen til å påverke og utvikle MR-tilbodet i Helse Førde. Samtidig bur du midt i det vi kallar livets leikeplass: Vestlandet! No har vi ledig stilling til deg som ønsker meir ansvar:
Stillinga er ei dagstilling (37,5 t/veke), og vi er fleksible rundt kva som blir din første arbeidsdag.
Ved Radiologisk avdeling ved Førde sentralsjukehus er vi opptatt av at du skal trivast saman med kollegaene dine, samtidig som du opplever fagleg utvikling og meistring i jobben. Vi har stort fokus på kvalitet, og jobbar aktivt for god pasientflyt og at pasienten kjenner seg ivaretatt.
God kommunikasjon er kanskje ein av dine viktigaste styrkar, då det er avgjerande for å vere flink med pasientar, fungere med kollegaer og mot andre avdelingar og profesjonar. Du viser engasjement og interesse for faget og brenn for å utvikle MR-tilbodet i Helse Førde. Du har utvida kompetanse og brei erfaring frå tidlegare arbeid med MR. Det er ein fordel om du har vidareutdanning i MR, men om du ikkje har det, legg vi til rette for at du skal kunne gjennomføre det hjå oss. Det er krav om norsk autorisasjon som radiograf.
I Sunnfjord bur du midt i eit friluftseldorado med kort veg til toppturar, klatring, stisykling, kajakkpadling og andre aktivitetar. I løpet av ei helg kan du oppleve både strender i verdsklasse og fjellturar du elles berre ser på instagram.
Her er også urbane tilbod som restaurantar, kjøpesenter, treningssenter, kaféliv, kulturliv, teater og konsertar. Vi har flyplass og eit godt utbygd bussrutenett, og Bergen ligg tre timar unna med bil. I Sunnfjord vil du oppleve ein enkel kvardagslogistikk med korte avstandar til det meste.
Seksjonen har omlag 50 tilsette, der 30 er radiografar. Vi har 2 CT-maskiner, 2 MR-maskiner (Philips Ingenia 1,5T og Ingenia Elition X 3T), 3 konvensjonelle røntgen apparat, 2 digitale mobile apparat, 2 mammografiapparat (klinisk og screening), gjennomlysing/intervensjon/angio, samt 3 ultralyd apparat. Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus som har kliniske avdelingar innan dei fleste fagområda. Sjå www.helse-forde.no