Bygdelivet kalla for Eivind og familien. No ønskjer arbeidsgivaren hans seg fleire tilsette og kundar i Nordfjord.
Eivind Skrede frå Nordfjordeid er IT-konsulent i Ulriken Consulting, eit selskap med base i Bergen. Men det var ikkje i byen han såg for seg framtida. Med sambuar som også er frå Eid og eit barn på veg, kjende dei på behovet for nærleik til familie og ein rolegare kvardag.
– Det var vel eigentleg aldri eit spørsmål om, berre eit spørsmål om når og korleis, seier Eivind, om kvifor han enda opp tilbake i heimbygda.
Løysinga blei å ta med seg jobben heim. I dag bur han på Nordfjordeid med familien og jobbar som utleigd konsulent for Normatic – framleis som tilsett i Ulriken.
Eivind er utdanna dataingeniør frå Høgskulen på Vestlandet, og jobba fleire år som utviklar i DNB før han tok han steget over til konsulentlivet i Ulriken Consulting. Då han byrja å lufte tanken om å flytte heim til Nordfjord, opplevde han god støtte frå arbeidsgivaren.
– Vi visste at det kunne bli utfordrande med jobb. Mange tenker at slike jobbar finst berre i byane. Men då eg tok ein prat med sjefane mine, var dei heldigvis veldig positive til å finne ei løysing, fortel Eivind.
I staden for å miste ein dyktig tilsett, valde Ulriken å finne nye måtar å bruke kompetansen hans på. Først fekk han eit prosjekt han kunne løyse remote, perfekt tima med pappaperm og flyttelass. Etter permisjonen fekk han oppdrag for SFE på Sandane, og i dag er han tilknytt Normatic på Eid.
– Det har fungert veldig bra. Eg får jobbe med spennande prosjekt og samtidig vere der eg vil vere i kvardagen, seier Eivind.
– Eg får jobbe med spennande prosjekt, og samtidig vere der eg vil vere i kvardagen.
Å bu på ein liten plass og samstundes vere del av eit stort, digitalt og fagleg arbeidsfellesskap, gjev han det beste frå begge verdenar.
– Eg trivst veldig godt med fleksibiliteten. Det blir færre lønningspils og fagkveldar i byen, men mykje kan takast digitalt. I Ulriken har vi faggrupper som møtast jamleg. Eg deltek via Teams, og kan halde meg oppdatert herifrå. Det fungerer veldig fint, seier han.
Og saknet etter storbyen?
– Det er overraskande lite. Arbeidsmarknaden er større i byane, ja, men eg har ikkje opplevd det som noko problem. Eg likar å bu på ein mindre plass, seier han.
Olav Kindt, konsulentleiar i Ulriken Consulting, hugsar godt då Eivind lufta ønsket om å flytte.
– Vi skjøna det godt, men ville gjerne behalde han. Då starta vi rett og slett å leite etter moglegheiter i området, og dei fleste bedriftene vi kom i kontakt med her var positive til ei slik løysing. Det at dei kunne få ein lokal ressurs var eit stort pluss, fortel Kindt.
Etter kvart som dei fekk betre oversikt over kva som faktisk finst av teknologi og næringsliv i Nordfjord, byrja Ulriken å tenke større.
– Vi visste lite om næringslivet i Nordfjord, og har blitt positivt overraska over kva som rører seg her. Derfor har vi byrja å tenke: Kanskje finst det grunnlag for eit lite distriktskontor her?
– Vi heiar på levande bygder, og har lyst til å bidra.
Olav Kindt. Foto: Ulriken Consulting
Med fleire oppdrag og kundar i regionen kan dei også tilsetje fleire, og potensielt byggje eit lokalt fagmiljø som varer.
– I IT-verda må ein vere del av noko. Ein einsleg konsulent utan eit miljø rundt seg, mister før eller seinare tempoet. Kompetansen må haldast ved like, og difor har vi eigne fagprogram og læringsgrupper internt. Men skal vi satse i distrikta, må vi få opp volumet. Vi treng fleire som Eivind, og vi treng fleire bedrifter som vil bruke oss.
Kindt ser på det som god distriktspolitikk – og ein god forretningsstrategi – å legge til rette for at flinke folk skal kunne bu der dei trivst best.
– Vi veit at mange kjem til eit punkt i livet der dei vil heim. Om vi kan gjere det mogleg for dei å flytte, og samtidig gje lokale bedrifter tilgang på toppkompetanse, så vinn alle. Vi heiar på levande bygder, og har lyst til å bidra.
Tilbake hos Normatic er Eivind fornøgd med valet han tok for seg og familien. Han trur fleire kunne gjort det same, viss både folk og bedrifter tør å vere litt framoverlente.
– Har du lyst til å flytte, må du ikkje vere redd for å ta kontakt med bedrifter. Kanskje har dei ikkje noko for deg akkurat no, men då kjenner dei kanskje nokon som har det, eller du finn andre løysingar. Og så må bedriftene bli flinkare til å vise fram kva dei tilbyr. Mange går rundt og trur dei må bu i byane, men det stemmer jo ikkje, seier han med eit smil.