Karen Marie Reiakvam

Nyheiter

Karen Marie skal skape trivsel i Nordic Mining

Tekst: Kristine Slettehaug

Foto: Framtidsfylket

Målet var alltid å jobbe med menneske. At ho skulle bidra i det lokale industrieventyret, vart ein stor bonus.

Den ferske HR-leiaren i Nordic Mining har installert seg på sitt nye, moderne kontor på Engebø i Sunnfjord. Karen Marie Reiakvam har gått frå leiarjobb i NAV til å ta vare på dei menneskelege ressursane i mineralverksemda.

– Har du blitt vand til reisevegen?

– Du, eg trudde det skulle bli den verste delen med jobben. No tenker eg ikkje på det lenger.

For den nye arbeidsplassen er ikkje akkurat sentralt plassert. Næraste byen, Førde, ligg tre gode mil unna. Sjølv bur ho i Naustdal, og har berre to mil reiseveg. Men det er ein krunglete, smal og rasutsett veg som tek deg til industriområdet. Mange trudde det skulle bli vanskeleg å rekruttere over hundre menneske til Engebø. Ifølge Karen Marie har det gått greitt:

Ikkje alle er klar over kor Engebø er

– Vi har gode søkartal. Ikkje alle er klar over kor dei skal jobbe, men dei søker seg hit hovudsakleg på grunn av ei spennande stilling.

Framover vil hovudoppgåve hennar vere å halde på alle desse menneska. Målet er å få dei til å trivast med både arbeidsoppgåvene og kollegaene, samt sørge for at dei kjenner engasjement rundt jobben sin.

– Det er kanskje det eg brenn mest for: at du kjenner på motivasjon for å gå på jobb og har eit engasjement rundt arbeidsoppgåvene dine. Har du det godt på jobb, får vi det beste ut av deg.

HR-leiar Nordic Mining

Karen Marie er på plass i nye, moderne lokale i administrasjonsbygget til Nordic Mining.

Verdien av å vere i arbeid

Ho veit kva ho snakkar om. Etter tolv år i NAV har ho sett verdien av å vere i arbeid og at folk blir i arbeid. Karen Marie tok sjukepleiarutdanning med mål om å jobbe med menneske. Etter nokre år som sjukepleiar tok ho vidareutdanning i psykiatri og oppdaga kva arbeid har å seie for den psykiske helsa. Det gjorde ho så nysgjerrig at ho søkte jobb i NAV. Her har Karen Marie hatt ulike roller, både som jobbspesialist og avdelingsleiar, og tatt ulike leiarutviklingsprogram. Haldninga om at dersom du er psykisk sjuk kan du ikkje vere i arbeid, vil ho ha til livs:

– Sjølv om du har utfordingar kan arbeid bety mykje for livskvaliteten din. Når det ikkje er noko anna enn sjukdommen som opptar deg, kan det skape større utanforskap. Eg trur at mykje av tilfriskninga ligg i å vere litt i arbeid, ha rutinar og vere del av eit sosialt fellesskap.

At ho fekk jobbe med noko som engasjerer ho, er grunnen til at ho valde å vere tolv år i NAV. Å søke seg vekk frå dette viktige oppdraget var inga enkel avgjerd.

– Det vart nokre nettere med grubling etter at jobbtilbodet kom, smiler ho.

"Eg kallar meg sjølv for eit tunlam!"

Nordic Mining HR

Tunlammet som fekk vere med på eventyr

Men det tok ikkje mange vekene før ho kjente at ho var på rett plass. Som HR-leiar skal Karen Marie fortsette med å få fram det beste i dei tilsette. Ikkje minst skal ho vere del av det ho sjølv ser på som eit stort industrieventyr.

– Eg har følgt nøye med på Nordic Mining heilt sidan det vart snakk om gruvedrift på Engebø. Det var noko som fenga meg med at dei skulle starte noko så stort på heimstaden min. Ei hjørnesteinsbedrift som skal drive framtidsretta, bruke høgteknologi, sysselsette hundrevis av folk – og utvinne verdas mest klimavennlege titanråstoff. Der vesle Naustdal, mi heimbygd, plutseleg blir ein global aktør? Det synest eg er ganske kult.

Karen Marie smiler lurt. Så bryt ho ut i latter

– Eg kallar meg sjølv for eit tunlam! Eg har aldri forlete bygda mi. Ikkje for å studere, ikkje for å bu vekke. Eg har alltid budd i Naustdal og er glad i plassen. Men du må få fram at eg også er veldig glad i å reise, ler ho.

Vil vite korleis det faktisk er å jobbe der

Ho likar spesielt godt å få vere med i oppstarten av selskapet. Det betyr at ho kan vere med og påverke frå start.

– Som HR-leiar får eg vere med og bygge kultur og skape ein god arbeidsplass. Framover skal eg bruke tid på å bli kjent med dei ulike avdelingane, slik at eg faktisk veit korleis det er å jobbe her.

Og ho meiner alvor. Når Espen Kirketeig, teamleiar for prosess og produksjon, tilbyr oss ei omvising på prosessanlegget, blir Karen Marie med. Det er tredje omvisinga hennar, og ho er som ein svamp som syg til seg kunnskap. Medan vi bevegar oss mellom transportband, tromlar og ulik teknologi, kjem ho stadig med oppfølgingsspørsmål til det Espen fortel.

– Altså, no er du snart der at eg ikkje klarar å svare på alt, flirer han.

– Jammen det er viktig at eg forstår dette, seier ho bestemt under hjelmen.

Etter ei grundig omvising, der vi har både lært og kjent på forskjellen på rutil og granat – og dei ulike prosesseringsgradene, er vi tilbake i administrasjonsbygget.

Utsikt

Noregs finaste kantineutsikt? Dei tilsette et lunsjen sin med utsyn til Heilefjellet og Førdefjorden.

Inga gamal, umoderne gruve

Karen Marie rekk ein kjapp prat med ein geolog i gangen før vi går mot kantina. Med utsyn til ein blikkstille Førdefjord og majestetiske Heilefjellet, må dette vere blant topp ti finaste kantineutsikter. Her sit alle faggrupper side om side: økonomar, geologar, mekanikarar, elektrikarar, folk som jobbar med ESG, lærlingar og leiarar. Praten går på ulike dialekter, og Karen Marie helsar på ein ung bergensar ved kaffimaskina.

– Det er bra gjort å rekruttere bergensarar i tjueåra til Engebø?

– Du må hugse at dette ikkje er ei gamal, umoderne gruve. Mange søker seg hit fordi dei får jobbe med høgteknologi-industri. Og så har dei skjønt at vi jobbar så berekraftig som det er mogleg i dag.

Nordic mining

Karen Marie slår av ein prat med ein av dei tilsette i kantina til Nordic Mining.

Meir enn plunder og heft

Men kva var grunnen til at ho sjølv bytta ut ei trygg leiarstilling som ho treivst så godt i med ny jobb og kronglete køyreveg?

– Etter at eg prata med Kenneth (Nakken, direktør i NOM, red merk), fekk eg eit innblikk i arbeidsplassen som eg ikkje hadde hatt før. Han fortalte om kultur, ambisjonar, verdiar, og korleis dei ønsker at organisasjonen skal vere. Eg forstod fort at han set både HR og menneska høgt. Når direktøren har desse prioriteringane, så trefte det meg. Mange trur at HR er reint administrativt og handlar om å ta unna plunder og heft, men det handlar om å bygge både menneske og organisasjon.

Kollegaer Nordic mining
Arbeidsmiljø Nordic Mining

24-timarsmennesket

No gler ho seg til å vere ei støtte for både tilsette og leiinga, og bygge ein ung, men solid organisasjon saman med kollegaene. Er det éin ting ho tek med seg frå NAV, er det å sjå heile mennesket:

– Vi er alle eit 24-timarsmenneske. Det som skjer på fritida påverkar oss på jobben, og det som skjer på jobben påverkar oss på fritida. Å sjå at alt heng i hop er eit godt utgangspunkt i HR. Du må sjå heile mennesket, sjå den enkelte og ta omsyn. Samtidig ønsker eg å vere tydeleg, sette klare rammer og stille krav.

For ho ligg det hjartet nært å halde på folk:

– Frå tida mi i NAV veit eg at det å vere utanfor arbeidslivet kan vere øydeleggande. Derfor blir nok mi fanesak å forebygge at det skjer.

Fleire saker