Radiograf dagtid Bilde

Vil du jobbe med mammografi, røntgen og kvinnehelse?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Radiograf dagtid Helse Førde Sunnfjord Fulltid
Helse Førde Logo

Helse Førde

Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Reidun Brekke
91127676

Søknadsfrist

20. mai 2025

Vil du vere del av ei radiologisk avdeling der alle kjenner alle? Ønsker du variasjon i arbeidsdagen ved å jobbe innan mammografi, røntgen og kvinnehelse? Få ein meiningsfull og variert arbeidskvardag i Helse Førde samtidig som du bur midt i livets leikeplass: Vestlandet!

Vi har ledig radiografstilling ved Førde sentralsjukehus:

  • 100% fast stilling dagtid

Stillinga inneheld radiograffagleg arbeid innan mammografi (ca. 60%) og røntgen (ca. 40%), dagtid kvardagar (37,5 t/veke). Dato for første arbeidsdag er fleksibel og kan avtalast.

Trivsel og kvalitet

Ved Radiologisk avdeling ved Førde sentralsjukehus er vi opptatt av at du skal trivast saman med kollegaene dine, samtidig som du opplever fagleg utvikling og meistring i jobben. Vi har stort fokus på kvalitet, og jobbar aktivt for god pasientflyt og at pasienten kjenner seg ivaretatt.

Kven ser vi etter?

God kommunikasjon er kanskje ein av dine viktigaste styrkar, då det er avgjerande for å vere flink med pasientar, fungere med kollegaer og mot andre avdelingar og profesjonar. Du viser engasjement og interesse for faget og trivst med å jobbe innan generell røntgen, mammografi og kvinnehelse. Det er krav om norsk autorisasjon som radiograf.

Kva kan vi tilby?

  • Vi set trivsel høgt og er ein arbeidsplass med flotte kollegaer og mykje humor. Vi har eigen trivselskomité som fiksar julebord, sommarfest og andre sosiale samankomstar. Ikkje bli overraska om vaffellukta brer seg på personalrommet.
  • Her er ingen spørsmål dumme, og det er låg terskel for å be ein kollega om råd eller støtte.
  • Sidan du rullerer mellom to fagområde, vil du få ein variert arbeidskvardag og erfaring.
  • Om du ønsker å ta steget vidare, kan vi tilby både kurs, vidareutdanning og masterløp.

Her får du 10 gode grunnar til å jobbe med oss

Bu midt i livets leikeplass: Vestlandet!

I Sunnfjord bur du midt i eit friluftseldorado med kort veg til toppturar, klatring, stisykling, kajakkpadling og andre aktivitetar. I løpet av ei helg kan du oppleve både strender i verdsklasse og fjellturar du elles berre ser på instagram.

Her er også urbane tilbod som restaurantar, kjøpesenter, treningssenter, kaféliv, kulturliv, teater og konsertar. Vi har flyplass og eit godt utbygd bussrutenett, og Bergen ligg tre timar med bil unna. I Sunnfjord vil du oppleve ein enkel kvardagslogistikk med korte avstandar til det meste.

Seksjonen har omlag 50 tilsette, der 30 er radiografar. Vi har 2 CT-maskiner, 2 MR-maskiner (1,5T og 3T), 3 konvensjonelle røntgen apparat, 2 digitale mobile apparat, 2 mammografiapparat (GE Seneographe Prestina klinisk og screening), gjennomlysing/intervensjon/angio, samt 3 ultralyd apparat. Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus som har kliniske avdelingar innan dei fleste fagområda. Sjå www.helse-forde.no .

Fleire ledige stillingar:

Fagradiograf MR

Radiografar

Helse Førde Kulturbilde