Radiograf Bilde

Radiograf som ønsker variasjon i arbeidsdagen?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Radiograf Helse Førde Sunnfjord Fulltid
Helse Førde Logo

Helse Førde

Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Reidun Brekke
91127676

Søknadsfrist

20. mai 2025

Vil du vere del av ei radiologisk avdeling der alle kjenner alle? Ønsker du breidde i arbeidsdagen, der du får jobbe innan ulike fagområde og modalitetar? Få ein meiningsfull og variert arbeidskvardag i Helse Førde samtidig som du bur midt i livets leikeplass: Vestlandet!

Vi har ledige radiografstillingar ved Førde sentralsjukehus:

  • 100% fast stilling
  • 100% vikariat 16.06.25 - 05.02.26
  • 100% vikariat 16.06.25 - 01.06.26

Stillingane inneheld radiograffagleg arbeid innan røntgen, intervensjon/gjennomlysing, CT og ultralyd. Stillingane er del av ein 3-delt turnus (35,5 t/veke) med arbeid kveld, natt og kvar 3.-4. helg. Det er også moglegheit for opplæring og rullering innom MR eller mammografi. Dato for første arbeidsdag er fleksibel og kan avtalast. Vikariatet kan bli mogleg å forlenge.

Trivsel og kvalitet

Ved Radiologisk avdeling ved Førde sentralsjukehus er vi opptatt av at du skal trivast saman med kollegaene dine, samtidig som du opplever fagleg utvikling og meistring i jobben. Vi har stort fokus på kvalitet, og jobbar aktivt for god pasientflyt og at pasienten kjenner seg ivaretatt.

Kven ser vi etter?

God kommunikasjon er kanskje ein av dine viktigaste styrkar, då det er avgjerande for å vere flink med pasientar, fungere med kollegaer og mot andre avdelingar og profesjonar. Du viser engasjement og interesse for faget og trivst med å jobbe innan ulike fagområde og maskiner. Det er krav om norsk autorisasjon som radiograf

Kva kan vi tilby?

  • Vi set trivsel høgt og er ein arbeidsplass med flotte kollegaer og mykje humor. Vi har eigen trivselskomité som fiksar julebord, sommarfest og andre sosiale samankomstar. Ikkje bli overraska om vaffellukta brer seg på personalrommet.
  • Her er ingen spørsmål dumme, og det er låg terskel for å be ein kollega om råd eller støtte.
  • Sidan du rullerer og er innom dei fleste fagområde og modalitetar, vil du få ein variert arbeidskvardag og brei erfaring.
  • Om du ønsker å ta steget vidare, kan vi tilby både kurs, vidareutdanning og masterløp.

Les meir: Her får du 10 gode grunnar til å jobbe med oss

Bu midt i livets leikeplass: Vestlandet!

I Sunnfjord bur du midt i eit friluftseldorado med kort veg til toppturar, klatring, stisykling, kajakkpadling og andre aktivitetar. I løpet av ei helg kan du oppleve både strender i verdsklasse og fjellturar du elles berre ser på instagram.

Her er også urbane tilbod som restaurantar, kjøpesenter, treningssenter, kaféliv, kulturliv, teater og konsertar. Vi har flyplass og eit godt utbygd bussrutenett, og Bergen ligg tre timar med bil unna. I Sunnfjord vil du oppleve ein enkel kvardagslogistikk med korte avstandar til det meste.

Seksjonen har omlag 50 tilsette, der 31 er radiografar. Vi har 2 CT-maskiner, 2 MR-maskiner (1,5T og 3T), 3 konvensjonelle røntgen apparat, 2 digitale mobile apparat, 2 mammografiapparat (klinisk og screening), gjennomlysing/intervensjon/angio, samt 3 ultralyd apparat. Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus som har kliniske avdelingar innan dei fleste fagområda. Sjå www.helse-forde.no .

Fleire ledige stillingar:

Fagradiograf MR

Radiograf dagtid

Helse Førde Kulturbilde