Ikkje la deg lure av etternamnet. Kristina Storegjerde Skogen brenn for ei meir miljøvenleg maritim næring og vil helst ha sjøen som næraste nabo.
– Eg trivst med å bu ved kysten, og å ha havet tett attmed der eg bur. Det har eg eigentleg alltid hatt.
Nesten heilt yst i havgapet på Sunnmøre, ligg Gurskøya. Der, i bygda Tjørvåg, vaks Kristina opp. Omgjeven av skipsindustri på alle kantar. Ho er nok litt miljøskadd, vedgår ho med eit smil.
– Mange folk i familien min jobbar innanfor maritim sektor. Eg er oppvaksen i den maritime klynga på Sunnmøre, så eg har sikkert blitt påverka av miljøet rundt til å velje dette.
Valet ho har tatt, er å utdanne seg til skipsingeniør med mastergrad i innovasjon og entreprenørskap. Eit val som gjer henne attraktiv på Vestland sin jobbmarknad.
–Alle har lyst til å bli grøne og vil satse på nye teknologiar, fortel Kristina.
Sjølv spelar ho ei viktig rolle i denne satsinga. Ho er prosjektutviklar i Ocean Hyway Cluster. Noregs leiande maritime hydrogenklynge held til i Florø. Dei jobbar for implementering og meir bruk av hydrogenbaserte drivstoff i maritime næringar, i samarbeid med medlemsbedrifter og andre partnarar.
– Eg er ingeniør på ulike prosjekt og hjelper mellom anna med å gje råd og å identifisere og løyse ulike problemstillingar knytt til bruk av hydrogen i maritim sektor.
Hydrogen kan ein både produsere og bruke som drivstoff utan CO2-utslepp, men å gjere skipstrafikken grøn er utfordrande.
– Teknologien er ikkje heilt moden enda, seier Kristina, – ein må få fram ulike pilotprosjekt for å teste ut og sjå om det fungerer.
Dette krev finansiering og vilje til å satse. Eitt av mange spanande prosjekt er Ammonia fuel bunkering network. Saman med mellom anna Azane Fuel Solutions, jobbar klynga med å bygge opp ei rekke terminalar der skip kan fylle miljøvenleg ammoniakk som drivstoff. I haust fekk prosjektet tildelt 89 millionar kroner i stønad frå den nasjonale satsinga Grønn Plattform.
– Eg gler meg veldig til å sjå dei fyrste hydrogenskipa på havet, å oppleve at det blir noko konkret ut av det vi jobbar med no.
24-åringen sit midt i det grøne skiftet og gler seg til framtida. Karrierevalet hennar har bidrege til at ho kan bu og jobbe der ho trivst aller best; på Vestlandet. Etter 5 år i Bergen, flytta ho til Florø i fjor.
– Vêret er i alle fall likt! seier ho og ler.
Her har Kristina både naturen ho er så glad i rett utanfor dørstokken og ein spanande jobb. Ho deler gjerne eit godt råd med andre unge som drøymer om det same.
– Eg vil anbefale studentar å bli kjende med bedriftene i Vestland og kanskje skrive bachelor- eller masteroppgåve for dei. Då har ein mykje større sjanse for å få jobb etter at ein har levert.
Og skal den maritime næringa bli heilt utsleppsfri, trengs det mange fleire som henne: Unge med hjarte for eit grønare hav.