Jobb i Westcon

Nyheiter

– Hos oss blir du sett

Tekst: Marie Tefre Birkeland

Foto: Westcon

På Westcon Yards i Florø går ein ikkje lei av for lite varierte arbeidsoppgåver. Der er nemleg ingen dagar like.

– Noko av det kjekkaste hos oss i Westcon er variasjonen på alt vi driver med. Vi jobbar prosjektbasert, og då handlar det om å få alle faggruppene til å fungere saman. Det er lagarbeid heile vegen, seier Ida Margrete Ryssdal.

Ho har jobba som HR-leiar i Westcon sidan januar i år, og trivast godt svært godt på arbeidsplassen.

– Kvar morgon gler eg meg til å treffe igjen kjekke kollegaer. Vi har eit forholdsvis ungt arbeidsmiljø, med ein god miks mellom yngre og meir erfarne kollegaer. Det skapar ein god dynamikk, og vi har det fint og kjekt saman.

– For min del er ingen dagar like, og det trur eg gjelder dei fleste her.

 Ida Margrete Ryssdal HR-leiar i Westcon

Veit ikkje kva som ventar

Vidare skildra ho ein variert og fleksibel arbeidskvardag.
– For min del er ingen dagar like, og det trur eg gjelder dei fleste her. Vår viktigaste jobb er å oppnå gode resultat mot kundane våre, og vi må heile tida vere fleksible, seier HR-leiaren.

I femte gir

Dei er stadig på jakt etter flinke folk, og HR-leiaren høyrer gjerne frå personar som kan passe inn hos dei.

– Vi er opptatt av meir enn formalkompetanse. Det handlar vel så mykje om den rette personen med den rette innstillinga, og å passe inn i eit arbeidsmiljø. Sidan vi heile tida jobbar prosjektbasert er det viktig å få inn nokon som kan sette inn eit ekstra gir då det trengst. Personane må kunne ta ansvar og jobbe sjølvstendig på sitt fagområde, seier ho.

Westcon Yard i Florø, Kinn kommune

Westcon har fleire anlegg rundt om i landet. Her er det som er plassert i Florø. Foto: Tor Arne Aasen, Samferdselsfoto

Tøffe tider

Det er ikkje mange år sidan Westcon hadde det tøft, og nedskjering blant dei tilsette vart ein realitet. Ryssdal legg ikkje skjul på at bransjen er konjunkturutsett og med hard konkurranse, men at det no ser svært lyst ut for Florø-bedrifta.

– Vi er inne i ein veldig positiv flyt. Vi har auka opp arbeidstokken vår med 50 prosent det siste halvanna året. Vi har gode samarbeidspartnarar, og det er mykje meir liv og optimisme i bedrifta enn det var for nokre år sidan. Det at vi no har fleire bein å stå på, med ulike forretningsområde innanfor verftet i Florø, gjer oss og meir robuste ved endringar i marknaden.

Tur til øya Reksta i Kinn kommune

Fleksibel arbeidstid, turgruppe og lønningspils er blant godene som Westcon tilbyr sine tilsette. Foto: Privat

Mykje å bryne seg på

Moglegheitene for både fagleg og personleg utvikling er mange. Dei som er villige får stadig moglegheit til å ta på seg både nye arbeidsoppgåver eller jobbe med nye prosjekt.

– Ingen prosjekt er like, og ein vil alltid få moglegheit til å bryne seg på nye faglege utfordringar.

Intern talentjakt

Ryssdal seier at heile tida prøver å halde oversikt over personar som gir det vesle ekstra, og som viser at dei vil ha ekstra utfordringar utover jobben dei allereie har.

– Det er viktig å identifisere og dyrke fram dei som kan stige i gradene. Dette er viktig både for oss, og for dei tilsette som har eit ønske om nye utfordringar internt. Folk vert lagt merke til hos oss, seier ho.