Torgeir Timenes Bell i Tibber

Arbeidsliv

– Heilt sprøtt at eg får lov.

Tekst: Kristine Slettehaug

Foto: Kristine Slettehaug

Tidlegare har Torgeir Timenes Bell (25) brukt sommaren på festivalarbeid og som slåttekar. I år utviklar han utstyr til Tibber sin elbilladar.

– Det er heilt sprøtt at eg får bruke sommaren på å lage eit produkt som i framtida skal ligge i ein nettbutikk, seier Timenes Bell. Til vanleg student, men no heime i Viksdalen med sommarjobb i Tibber som produktutviklar.

Det var på Framtidsfylkets karrieremesse han kom i snakk med det digitale straumselskapet. Timenes Bell studerer Industridesign ved NTNU i Trondheim, eit studie som krev minimum fire veker relevant praksis. Ein kompis hadde tipsa han om at Tibber var ein fin gjeng å involvere seg i, og at dei kunne ha bruk for kompetansen hans.

Vil jobbe med noko han har trua på

– Eg har aldri hatt lyst til å jobbe i eit stort konsulentselskap. Mange av medstudentane mine gjer det, men eg likar ikkje tanken på å bli leigd ut og jobbe med noko eg ikkje bryr meg om. Eg vil jobbe med noko eg har trua på.

Og Tibber har han gode tankar om.

– Det er veldig vanskeleg å ikkje ha trua på Tibber. Det er eit samvettsfullt selskap som ikkje alltid vel enklaste og billegaste utgang, men som tenker på bærekraftige løysingar. For meg det viktig å jobbe i ei ansvarleg og grøn bedrift. Studentane i dag blir meir og meir bevisste på det, og det er ikkje godt nok om eit selskap ikkje har miljø i fokus.

Frå slåttekar til summer intern

I år har Tibber to summer interns, ein i Berlin og ein i Førde.

– Det er utruleg kult at hovudkontoret ligg i Førde, og at kontora i Stockholm og Berlin blir rekna for distriktskontor. Slike underdogs appellerer til meg.

Tidlegare har han brukt sommaren på å hjelpe til i slåtten på heimgarden og å produsere foto, film og grafikk for Førdefestivalen.

– Sommarjobbane har ikkje vore heilt relevante for utdanninga mi, men veldig kjekt. No har eg eitt år igjen på studiet, så det var på høg tid med relevant praksis.

Skaparen

Timenes Bell har alltid likt å skape. Anten det var heime på garden med treverk, bak kamera eller tastaturet, og no som produktdesignar i Tibber.

– Eg vil helst jobbe med noko som gir resultat. Noko som set spor etter meg. Det skal nemnast at eg har mange ufullførte prosjekt bak meg også, humrar han.

– Og så likar eg å gjere litt av alt, som du kanskje har skjønt.

Og det har han til gangs fått lov til i Tibber.

– Til no har eg jobba med eit oppheng for ladekabel, ein slags krok, og ein oppbevaringsbag til kabelen. Men eg har også hengt opp skilt og laga merkelappar til bossbøtene, ler han, og legg til:

– Det må ein nesten rekne med i ein sommarjobb.

– For meg det viktig å jobbe i ei ansvarleg og grøn bedrift.

Torgeir Timenes Bell har sommarjobb i Tibber

Full tillit

Når du utviklar noko fysisk, som Timenes Bell har gjort, er fallhøgda stor.

– Desto meir eg tenker på det, desto meir takknemleg er eg for at eg har fått så masse tillit av Tibber. Når du utviklar noko fysisk og set det ut i verda, bør det fungere.

Og Timenes Bell har gjort ein grundig jobb i samarbeid med kollegaene.

– Vi tenker sirkulært og brukar tid på å finne ut korleis vi kan sette fornuftige produkt til verda. Rett produsent, materialbruk og reiseveg er viktige faktorar i eit miljøperspektiv. Då kan vi også stå inne for at ting kostar litt meir.

Attraktiv jobbkandidat

NTNU-studentane er attraktive i jobbmarknaden, og jobbtilboda kjem lenge før dei er ferdig utdanna.

– Sjølv om vi får jobbtilbod, er det ikkje alt som appellerer. Då eg var på jobbintervju med Tibber, sa eg at eg gjerne ville gjere noko som viste igjen. Det er heilt nydeleg at dei klemte til og gav meg eit prosjekt som resulterer i nye produkt i nettbutikken. Det er alltid godt å kjenne seg nyttig og at du faktisk skapar noko.

Så kvar går vegen for ein snart ferdig utdanna NTNU-student?

– Eg kunne godt tenke meg å jobbe fast i Tibber, seier han lurt.

Og med det vart brått denne artikkelen ein open søknad til Tibber frå Timenes Bell.

Smilefjes. Blinkefjes.