
Helene Hillestad (26) dobbeltsjekkar og trippelsjekkar når ho bidrar til fiskefôr til heile landet. Traineeåret i Florø vart akkurat den utfordringa ho leita etter.
Korleis hamnar ein sivilingeniør i industriell kjemi og bioteknologi frå Larvik midt i fiskefôrproduksjonen på Vestlandet? Helene hadde aldri sett for seg at ho skulle jobbe i ein stor fabrikk på ein liten stad. Men så dukka det opp ei traineestilling.
– Eg ønska ei utfordring, samtidig som eg får tett oppfølging og ein mentor som gir fagleg støtte, fortel Helene.
I dag jobbar ho i prosessavdelinga hos Cargill, ein internasjonal og leiande produsent av fiskefôr. Her handlar kvardagen om reseptar, råvarer og prosessforståing – og om å sikre at alt funkar i produksjonen.

Perfeksjon: Her blir resepten på optimalt fiskefôr utvikla.

Og slik ser det ut: Fiskefôr frå Florø.
Som nyutdanna fekk Helene tidleg ansvar. Etter berre fire veker representerte ho avdelinga si på morgonmøte medan leiar og mentor var på ferie.
– Det viser at dei har tillit til meg. Det er kult at dei torer å gi meg ansvar, samtidig som eg veit at eg alltid kan spørje kollegaene om hjelp.
– Er det ikkje skummelt å bidra til reseptar på ein av verdas største fiskefôrfabrikk?
– Eg dobbeltsjekkar og trippelsjekkar alltid arbeidet mitt, for konsekvensane kan bli store om noko er feil, seier Helene med skrekkblanda fryd.
– Ein resept som ikkje kan produserast, kan stoppe heile prosessen. Eg ligg ikkje vaken om natta og lurer på om resepten er rett, men eg kjenner på ansvaret: fiskefôret skal sendast til heile Norge.
Å flytte til ein ny stad og jobbe i ei heilt ny næring kan vere overveldande som nyutdanna.
– Det tar litt tid å finne sin plass, men etter kvart som du kjem inn i arbeidsoppgåvene og blir betre kjend med dei ulike avdelingane, forstår du dynamikken på arbeidsplassen. Eg merka at kollegaene var nysgjerrige på meg og interesserte i å finne ut kven eg var. Det er ein fin velkomst å få.
Ho set pris på at det bur sju andre ferskingar i Florø.
– Vi traineeane i Florø har blitt ein god gjeng. Vi et middag saman, finn på ting og møter dei same utfordringane som nye i jobben. Det er fint å ha nokon som forstår korleis det er å vere ny.
Ho trivst med det rolege tempoet i Florø, og naturen er eit stort pluss:
– Eg går turar, er med på U40-arrangement og set pris på dei dagane sola tittar fram.
"Å vere trainee gir det vesle ekstra utanom jobben."

For Helene handlar traineeåret om meir enn jobben. Ho ramsar opp:
– Det gir det vesle ekstra utanom jobben. Du får ein mjuk overgang frå studielivet til arbeidslivet, og du får sjansen til å teste ut ein region du kanskje ikkje kjenner frå før.
– Traineeprogrammet gir ein spennande overgang til arbeidslivet, og eg likar spesielt godt traineesamlingane rundt om i fylket, avsluttar ho.

Helene er del av Framtidsfylket sitt traineekull i 2025/26. Her frå første samling på Jølster.
Om du er nyutdanna og klar for å ta steget inn i arbeidslivet, er traineeprogrammet til Framtidsfylket ein gyllen sjanse. Du får ansvar, oppfølging og eit nettverk som varer lenge etter traineeåret. Kanskje blir du – som Helene – overraska over kva Vestlandet byr på?
Det dukkar stadig opp nye traineestillingar. Følg med utover våren: