
Stine og Julie søkte traineestilling av heilt ulike grunnar. I dag er dei takknemlege for ein god start på karrieren.
– For å vere heilt ærleg var det ikkje så viktig at det var ei traineestilling. Eg ville berre heim, ler Stine Bortheim frå Førde.
– For meg var traineeprogrammet heile grunnen til at eg søkte meg til Sunnfjord, parerer Julie Nytun Fossøy. Sogningen som aldri hadde vurdert Sunnfjord som staden å starte karrieren – før det dukka opp ei spennande traineestilling.
– Så var det jo full klaff, så eg er her enda, smiler ho.
I 2020 starta begge som trainee i smarthusleverandøren Intin. Stine skulle jobbe med marknadsføring, Julie med forretningsutvikling. For Julie freista det med ein glidande overgang frå studie til jobb.
– Å vere trainee er ein veldig grei start på arbeidslivet. Du får teste i eitt år om det er jobben for deg, utan å forplikte deg. Det kjennest trygt og litt som å vere student, fordi du får oppfølging og er del av ein gjeng i same posisjon som deg.
For Stine var det tilfeldig at ho hamna i ei traineestillinga.
– Eg møtte Intin på ei digital jobbmesse og fekk etter kvart tilbodet om å vere trainee. Det viste seg å vere ein positiv start på karrieren. I tillegg til jobb fekk eg nettverk, fagleg påfyll og ekstra støtte.

Mykje gøy: Som trainee får du delta på éin utanlandstur saman med kullet ditt. I covidåret 2021 reiste Framtidsfylket trainee til Svalbard.
På spørsmål om kva som var det beste med traineeåret, svarar begge at det var den sosiale biten.
– På grunn av korona fekk vi ikkje like mange samlingar som vanleg, men vi gjorde masse gøy med dei andre traineeane på fritida. Vi fekk også ein fantastisk tur til Svalbard saman, seier Julie.
– Å vere trainee betyr nytt nettverk og nye venner, legg Stine til.
I dag, fem år seinare, har begge fått kvar si leiarstilling. Stine har nyleg blitt dagleg leiar i Intin, medan Julie er produktsjef i Invite (eit selskap skilt ut av Intin).
– Klarar de å sjå ein samanheng mellom at de begge starta som trainee og at de begge har fått leiaransvar?
Både Julie og Stine må tenke litt.
– Vi lærte tidleg på traineesamlingane at vi må tore å seie ja. Om det dukkar opp ein sjanse, grip den. Det har eg tatt med meg vidare, seier Julie.
– Å vere trainee handlar mykje om å utvikle seg sjølv, både personleg og fagleg. Du får med deg verktøy som bygger sjølvtillit. For min del har det betydd at eg torer å ta plass, fortel Stine.
– Og så kjem du inn i arbeidslivet med ein barnsleg tanke om at du kan få til alt. Og den tanken var både leiaren min Hugo Mølmesdal og traineeprogrammet flinke til å bygge opp om, forklarar Julie.
Dei er einige i at det vesle ekstra du får som trainee kan bidra til at du lettare både tar og får ansvar.
– Traineeåret gjer deg uredd, summerer dei.
"Å vere trainee betyr nytt nettverk og nye venner"

Første samling: Julie og Stine vart godt kjende både som kollegaer og på samling. Her frå Viksdalen.
Framover ønsker dei begge å bidra til utvikling i kvart sitt selskap. Ingen av dei er særleg interesserte i å utdjupe kvifor dei har fått tillit til å bli leiarar.
– Som nye i arbeidslivet fekk vi klar beskjed om at «No kastar vi deg på elva, og så må du lære å symje sjølv». Brutalt, men det har visst funka, ler dei.
Har du lyst til å starte arbeidslivet som trainee i Vestland? Vi lanserer stadig nye traineestillingar: