
| Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
|---|---|---|---|---|
| Trainee: KHMS | Tersan Havyard | Hyllestad | Trainee |

Du søker direkte til Tersan Havyard på denne traineestillinga.
Søk traineestillingHar du lyst på ein jobb der du ser resultatet av arbeidet ditt kvar dag i form av tryggleik på verftet, godt arbeidsmiljø og betre kvalitet på båtane som blir bygde? Som KHMS Trainee hos Tersan Havyard får du bruke utdanninga di til noko konkret og viktig, tett på både folk og produksjon.
Samtidig får du eit heilt år med fagleg påfyll, nettverk og personleg utvikling gjennom Framtidsfylket traineeprogram.
I denne stillinga blir du ein del av hjartet i verftet, nemleg arbeidet med kvalitet, helse, miljø og sikkerheit. Du:
Du får ein variert kvardag der du vekslar mellom å vere ute i hallen saman med folk, og inne med analyse, forbetringsarbeid og planlegging.
Vi vil at du skal lære mykje, men ikkje vere supermenneske. Difor startar du enkelt, og så byggjer vi på etter kvart. Døme på oppgåver du kan få:
Du jobbar tett saman med KHMS-leiar og andre nøkkelpersonar i verftet, og du blir tidleg ein naturleg sparringpartnar for leiarar og kollegaer.
Vi veit at livet er meir enn jobb. Som trainee hos oss får du:
I tillegg kjem Framtidsfylket sitt traineeprogram, der du får samlingar, studietur, nettverk og kurs saman med andre nyutdanna i Vestland.
Vi er meir opptekne av motivasjonen din enn av at du «treff på alt». For å trivast i rolla trur vi at du:
Har du lite erfaring? Det er heilt i orden – dette er ein traineestilling. Vi lærer deg det du treng å kunne.
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
Du vil jobbe som trainee hos oss i ett år – fra august til august.