06 768x512

12 gode råd til deg som skal på karrieremesse

Skriven 05.01.2018 under Nyheiter

Førebur du deg godt og har eit breitt smil om munnen, kan karrieremessa bli din inngangsport til draumejobben.

Om du er nysgjerrig på kva Sogn og Fjordane har av spennande arbeid, sørg for å nytte tida godt på når du kjem på karrieremesse. Framtidsfylket har lista opp 12 tips for å gje deg best mogleg utbyte av Sogn og Fjordane sine karrieremesser.

FØR MESSA

1. Opprett profil og legg inn CVen din på framtidsfylket.no. Mange av våre bedrifter leitar i vår CV-database etter gode kandidatar i forkant av messene, og utan profil kan dei ikkje finne nettopp deg! Ha med deg CV som du kan gje til potensielle arbeidsgjevarar.

2. Øv deg på å forklare kva kompetansen din er. Tenk gjennom korleis du ynskjer å framstå for ein arbeidsgjevar som ikkje kjenner deg.

3. Gjer research om verksemdene på førehand. Finn ut kva arbeidsgjevarar som kjem og kva fagkompetanse dei etterspør.

4. Lag nokre relevante spørsmål til kvar arbeidsgjevar. Hugs at gode spørsmål viser at du har konkret interesse for bedrifta.

5. Gje deg god tid. Det kan bli ventetid for å få snakke med dei mest populære arbeidsgjevarane.

PÅ MESSA

7. Undersøk kva slags utdanningar og spesialiseringar dei er ute etter. Prøv å få eit innblikk i kva type kandidatar bedrifta har tilsette dei siste åra, og kvifor nettopp desse fekk jobben.

8. Still gode spørsmål til verksemdene, og fortell det mest relevante om deg sjølv. Det er viktig at du er omgjengeleg og lett å snakke med.

9. Be om visittkort eller kontaktinformasjon til alle du snakkar med, eller gje bort ditt eige om du har. Om du enno har nokre år igjen av studia, er fleire verksemder opne for bachelor/master-oppgåveskriving. Undersøk også moglegheitane for sommar- og deltidsjobb.

ETTER MESSA

11. Bruk informasjon du har fått på stand til å følge opp bedrifta. Hald deg oppdatert på stillingsutlysingar, finn ut om bedrifta brukar sosiale medium i sine jobbutlysingar, og følg desse gruppene.

12. Dersom du skal sende søknad, vis til samtale på karrieremessa. Det syner at du har vore i kontakt med bedrifta før og vist interesse. Er du heldig, møter du den same personen på jobbintervjuet som du møtte på messa.

LUKKE TIL!