Er du klar for ei karriere i Distrikts-Vestland? Sjå lista over bedrifter som var med då Framtidsfylket arrangerte karrieremesse på Gløshaugen 1. mars.
Kva: Metallprodusent med lang historie
Kort fortalt: Boliden er ein leiande aktør innan metallindustrien med meir enn 90 års erfaring og eit høgt fokus på ny teknologi, innovasjon og berekraft. Metalla blir brukt i alt frå elbilar og mobiltelefonar til storskala bygningsstrukturar over heile verda. Hovudprodukta er sink, kopar, bly, nikkel, gull og sølv.
Ser etter deg med kompetanse på: Industri og produksjon, bygg og anlegg, programmering, elkraft, automasjon, elektro, prosessteknologi, digitalisering, vedlikehald og robotteknologi.
Kva: Vestlandets eige forskingsinstitutt
Kort fortalt: «Vestforsk» på daglegtale er eit forskingsinstitutt i Sogndal som utfører regionale, nasjonale og internasjonale forskingsoppdrag for næringsliv, offentleg og sivil sektor. Dei er 37 tilsette i eit spennande fagmiljø som driv tverrfagleg forsking på felt som klima, miljø, energi, IKT, regional utvikling og reiseliv.
Ser etter deg med kompetanse på: Programmering, robotikk, IT-utvikling, reiseliv, mat og turisme, klima og miljø.
Kva: Kraftkonsern i Sogn og Fjordane
Kort fortalt: SFE er ein stor aktør i den norske kraftindustrien, med omfattande produksjon av fornybar energi, ansvar for over 4000 km linjenett og med ein engasjert leverandør av straum til husstandar og bedrifter over heile landet. SFE-konsernet har rundt 250 tilsette over store delar av Sogn og Fjordane, der rundt 100 arbeidar ved hovudkontoret på Sandane.
Ser etter deg med kompetanse på: Bygg og anlegg, forretningsutvikling, industri og produksjon, IT: Programmering, robotikk, utviklar, anna, journalistikk, marknadsføring og kommunikasjon, kontor og administrasjon, leiing, sikkerheit og beredskap, økonomi.
Kva: Eitt av Noregs største samvirkelag
Kort fortalt: Coop Nordvest er ein medlemseigd organisasjon med om lag 2300 tilsette i Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag. Dei har kontor i Førde, Orkanger og Ålesund.
Ser etter deg med kompetanse på: Kontor og administrasjon, sal og service, sikkerheit og beredskap, økonomi.
Kva: Jobb og lev i Nordfjord!
Kort fortalt: Nordfjordakademiet er bindeleddet mellom deg og det myldrande næringslivet i Nordfjord. Til Trondheim har dei med seg ledige stillingar, sommarjobbar og gode historier om korleis det er å bu, leve og jobbe i Nordfjord.
Ser etter deg med kompetanse på: Alle fagfelt
Kva: Landets største rådgjevarmiljø innan samfunnsplanlegging og prosjektering
Kort fortalt: Norconsult har over 5600 tilsette og leverer tenester nasjonalt og internasjonalt knytt til bygg og eigedom, energi, industri, miljø, olje og gass, samferdsel, samfunnsplanlegging, sikkerheit, vatn og avløp. Over 70 tilsette held til i Sogn og Fjordane fordelt på sju forskjellige kontorstadar.
Ser etter deg med kompetanse på: Miljørådgjeving, VVS, konstruksjonsteknikk, brannteknikk, elektroteknikk, vann- og avløpsteknikk, prosjektleiing, ingeniørgeolog, geoteknikk, arealplanleggar, vegingeniør
Kva: Ei drivkraft i Sogn
Kort fortalt: Sognekraft har kring 150 tilsette og driv hovudsakleg med vasskraftproduksjon og distribusjon av straum. Sognekraft har to dotterselskap; Sygnir som har konsesjon for straumnett i fleire kommunar og Sognenett som tilbyr fiber, internett og TV. Sognekraft sin ambisjon er å vekse innan produksjon av fornybar energi, og er og skal vere ei drivkraft i Sogn.
Ser etter deg med kompetanse på: Energi og miljø, elkraftingeniør, vasskraftforvaltning
Kva: Gründerstøtte i vest
Kort fortalt: Kunnskapsparken Vestland er til for gründerar og bedrifter med gode forretningsidear, men som treng hjelp til å lukkast. Dei bistår med rådgjeving, kommersialisering, kapitalinnhenting og nettverk, og er ein viktig samarbeidspartnar for å skape vekst og innovasjon for oppstartsbedrifter i fylket.
Ser etter: Ambisiøse gründerar med gode idear
Kva: Ein grøn ferjerevolusjon
Kort fortalt: Fjord1 er det leiande rederiet i bransjen med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør. Dei har ein visjon om å vere best på miljøvenleg og påliteleg transport. Heile 1200 tilsette jobbar fordelt over vestlandet med kontor i Florø, Bergen og Molde.
Ser etter deg med kompetanse på: IT: Programmering, cybersikkerheit, skyløysingar m.m. Ingeniør: Maskin, automasjon, elkraft, marinteknikk m.m. Kontor og administrasjon, leiing, økonomi, anna.
Kva: Byjobb på bygda, med verda som marknad
Kort fortalt: Highsoft er den verdsleiande leverandøren av JavaScript-verktøyet Highcharts, eit verktøy for visualisering av data på web. Hovudkontoret ligg i Vik i Sogn, ein vakker stad mellom fjord og fjell, med satelittkontor i Bergen og Oslo. Selskapet har eit team på over 30 personar som jobbar med å utvikle, marknadsføre og selje Highcharts.
Ser etter deg med kompetanse på: Programmering og utvikling.
Kva: Noregs råaste offentlege arbeidsplass for utviklarar?
Kort fortalt: Digitaliseringsdirektoratet har ansvar for mange av dei offentlege digitale løysingane i Noreg, slik som ID-porten og MinID. I direktoratet er det eit stort utviklingsmiljø med spisskompetanse på sine fagområde både nasjonalt og på europeisk nivå.
Ser etter deg med kompetanse på: Programmering og utvikling.
Kva: Eit hav av moglegheiter i fylkeskommunen
Kort fortalt: Fylkeskommunen har ansvar for viktige samfunnsoppgåver og jobbar for å utvikle Vestland kvar dag. Målet er å skape eit fylke der det er godt å bu og lett å trivast. Svært mange tilsette jobbar i vidaregåande skule eller innan tannhelse, og i fylkesadministrasjonen er det arbeid innanfor alle interesseområde.
Ser etter deg med kompetanse på: Arealplanlegging, bygg og anlegg, forretningsutvikling, industri og produksjon, IT, journalistikk, marknadsføring og kommunikasjon, kontor og administrasjon, kultur og kreative yrker, leiing, reiseliv, mat og turisme, sal og service, sikkerheit og beredskap, utdanning og økonomi.
Kva: Mangfald av jobbar i friluftseldorado
Kort fortalt: Kommunane Sogndal, Årdal, Lærdal, Luster, Aurland og Vik står klare for å vise deg kva Sogn har å by på! Regionen er kjent for både fantastiske naturopplevingar og eit yrande gründerliv, og har spennande jobbmoglegheiter innan dei fleste fagfelt.
Ser etter deg med kompetanse på: Bygg og anlegg, arealplanlegging, helse og sosial, IT, kontor og administrasjon, leiing, utdanning, økonomi, anna.
Kva: Bli trainee i Vestland!
Kort fortalt: Framtidsfylket Vestland formidlar arbeidslivet i Distrikts-Vestland. Som trainee får du eit år smekkfullt av opplevingar og ein kickstart på karrieren. Vil du gjere ein større forskjell frå ein mindre plass? Sjekk ut 50 ledige traineestillingar innan ulike bransjar og fagfelt med oppstart august 2023.
Ser etter deg med kompetanse på: Alle fagfelt.
Påmelding til Trondheim 2024 er ikkje opna enda.
Skal din arbeidsgivar vere med på karrieremessa i 2024? Meld deg på nyhetsbrevet for å få månadlege oppdateringer frå Framtidsfylket✅