10 som søker nye medarbeidarar i april!

Skriven 29.04.2019 under Nyheiter

Våren er her for fullt, og det yrer med nye ledige stillingar.

1. Lyst til å jobbe på Norges største og grønaste base? INC Gruppen i Florø fortset jakta for å fylle fleire ledige stillingar og har lansert to jobbar siste veka: Prosjektkoordinator og Arbeidsleiar rør – reiseoppdrag. Begge med søknadsfrist 31. mai. Minner også om at dei har ledig stilling som Leiar informasjonsteknologi og digitalisering og Kontrakt- og innkjøpsrådgjevar.

2. Skipsdesign-selskapet Naval Consult er både marknadsleiande, framtidsretta og har grønt fokus, og har nettopp landa to store designoppdrag. Freistar det å jobbe midt i skipsleia i Vågsøy med store, innovative prosjekt? Har du ingeniør- eller maskinutdanning, eller kanskje erfaring frå sjøen med teknisk kunnskap? Då skal du sende dei ein søknad.

3. Og medan vi er i dei traktene: Coast i Måløy har tre ledige stillingar. Sjømatselskapet som sel sjømat til 400 kundar i 65 marknader verda rundt ser etter Logistikkdirektør, Rekneskapsførar og Løn- og HR-medarbeidar.

4. Også Selstad held til i Måløy, og er ein internasjonal leverandør av kompetanse og utstyr til maritime næringar. Dei søker ein Avdelingsleiar for tau og flåteservice som vil vere med på å utvikle fleire av selskapets kjerneområde og vere pådrivar for vekst både nasjonalt og internasjonalt. Stillinga inngår i leiargruppa.

4. Fjordvarme på Nordfjordeid har stor aktivitet på VA-området og behov for å rekruttere fleire medarbeidarar. Dei søker difor etter VA-ingeniør og lokkar med både triveleg arbeidsmiljø, moderne arbeidsverktøy og gode arbeidsvilkår.

5. Frå hausten av har Høyanger kommune ledig stilling som Kommunepsykolog. Du vil ha eit nært samarbeid med andre kommunepsykologar i Sogn gjennom regelmessige møte i det felles interkommunale nettverket og eit fagleg fora.

6.  NorSun AS er ein verdsleiande leverandør av monokrystallinske silisiumsskiver (wafere) for høgeffektive solceller. Hovudkontoret ligg i Oslo, men NorSun  har fabrikk på Årdalstangen. No ser dei etter ein Produksjonsleiar – Wafersag. Obs: søknadsfrist 3. mai.

7. Flåm AS legg til rette for reiser og mektige opplevingar i Flåm og omegn med den moderne turisten i fokus. Dei søker etter ein Controller som vil bidra til vekst og utvikling i eit lokalt selskap i konkurranse med dei store internasjonale turistmåla. Du blir del av økonomiavdelinga med eit team på sju personar og vil i stor grad kunne påverke eigen karriere og utvikling.

8. Hotel Alexandra si salssavdeling søker etter ein medarbeidar med spesielt ansvar for sosiale medium, annonsering, intern og ekstern informasjon. Arbeidsstaden Loen byr på fantastisk natur, heftig friluftsliv og aktivitetar året rundt. Verdt å sjekke ut om du har utdanning innan marknadsføring eller grafisk design.

Hotel Alexandra i full blomstring om våren. Foto: Janne Elin Alsaker.

9. Veidekke er ein av Skandinavias største entreprenørar og eigedomsutviklarar. No treng dei fleire med på laget og ser etter:

Arbeidsstad er Førde, Sogndal, Sandane og Volda.

10. Lotteri- og stiftelsestilsynet held til i Førde og har i dag totalt 73 tilsette. Dei er på jakt etter to nye medarbeidarar:

Ikkje det du såg etter? Sjå alle ledige stillingar her. 

Lukke til med jobbsøket!

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.