brussel trainee grand place

Nyheiter

Reisebrev: Traineesamling i Brussel

EU, klima og belgisk matkultur var på agendaen då årets traineear reiste på studietur til Brussel.

Å vere trainee i Framtidsfylket skal vere mykje meir enn ein jobb. Inkludert i programmet er fire samlingar i fylket og – det kanskje aller største høgdepunktet for mange – ein studietur til Brussel. No var tida endeleg komen for å pakke kofferten og innta den belgiske hovudstaden.

Smeltedigel

Ein opplever raskt at Brussel er ein svært internasjonal by. Som hovudsete for både EU, NATO og ei rekke andre internasjonale organisasjonar og selskap har byen blitt ein smeltedigel av ulike kulturar, språk og folk. Så, denne byen kan verke litt forvirrande – nøyaktig kvar i verda er vi eigentleg? Rundt oss høyrer vi både fransk, nederlandsk, tysk, engelsk, skandinaviske og andre språk om kvarandre. Det er ikkje sjeldan vi stoppar opp for å sleppe fram bilkortesjer med politieskorte og flagg og undrar oss over kva viktige personar som sit inni.

Stundom tenker vi at vi er i Frankrike, stundom i Nederland og stundom midt i mellom. Så kjem dei belgiske spesialitetane på rekke og rad og overtyder oss om at jo, Belgia er verkeleg noko for seg sjølv – og her likar vi oss.

Og kanskje er det det som kjenneteikner Brussel best: ein stad «midt i mellom» der verda møtast?

grand place brussel trainee

Utepils på Grand Place var heilt optimalt då sola kika fram på ettermiddagen.

belgisk vaffel trainee

Eit must når du er i Brussel: Belgisk vaffel.

EU-hovudstad og politisk sentrum

EU-historia og beslutningslinjene i EU var tema for turen. Reiseleiar Linda i Framtidsfylket hadde laga eit innhaldsrikt program som inneheldt både møter med norske aktørar i Brussel, besøk i EU-kommisjonen og omvisning på ølmuseum. Men første stopp for turen var Parlamentarium – eit interaktivt senter som fortel historia om EU og korleis EU-parlamentet fungerer.

Vi lærte om EUs spede start som kol- og stålunion og utviklinga fram til dagens 27 medlemsstatar. Vi fekk sjå og høyre historier frå personar over heile EU og korleis det å vere med i unionen har påverka liva deira, mellom anna på tema som økonomi, arbeidsliv, distriktspolitikk, likestilling, innvandring og miljø. Og vi fekk bidra med våre eigne tankar til eit felles interaktivt kart over idear, tankar og håp for framtida.

EU Parlamentarium trainee

Traineeane fekk EU-historia rett i øyret på Parlamentarium.

efta trainee brussel

Manneken Pis er den mest kjende statuen i heile Brussel.

Den vesle tissande guten

Kva er det med land og små gutestatuar? På eit gatehjørne ca. eit minutts gonge frå stortorget Grand Place finn du ei bråte med turistar uansett kva tid på døgnet du går forbi. Kvifor akkurat her, og kva er det dei ser på?

Litt høgt oppe og omkransa av eit solid gjerde står ein liten gutestatue og tissar vatn ned i eit basseng. Det er Manneken Pis, den vesle tissande guten, den mest kjende statuen i Brussel. Deira svar på Sinnataggen, kan du seie. Han er overraskande liten, men tydelegvis ikkje desto mindre populær.

Vi får høyre at på spesielle dagar kler dei han opp i ulike kostymer, og søker du han opp på Google får du sjå bilde av han både som nisse, pave, fotballspelar, Dracula og Elvis. Vi kan tenke så mykje vi vil at det er noko underleg, men han er unekteleg populær og finst i miniatyrversjon i kvar einaste suvenirsjappe i heile byen. Vi fekk dessverre ikkje sjå han i kostyme, men går vidare med ei kjensle av at no har vi checka av eit sentralt punkt på Brussel-bucketlista.

trainee brussel

Årets traineear på besøk hos Vest-Noregs Brusselkontor.

Arbeidsliv i Brussel

Det er mange nordmenn som bur og jobbar i Brussel og vi var heldige å få møte fleire av dei: Noregs representantar i EFTA/EØS, NHO, LO, Eviny, Innovasjon Noreg, Direktoratet for Høgare Utdanning og Kompetanse, Vest-Noregs Brusselkontor og Noregs delegasjon til EU.

– I Brussel kan eg gå ein heil dag og kun prate norsk, fortalde Eli Kjelkenes Løfvelius som er praktikant ved Vest-Norges Brusselkontor. Ho bur saman med andre skandinavar og jobbar til dagleg med å fremje vestnorske aktørar sine interesser i Europa. Livet i Brussel er likevel ekstremt internasjonalt og ein møter og jobbar med folk frå heile verda.

Dei fleste vi møter er her for å få med seg det som vert beslutta i EU og melde det tilbake til Noreg. Nokre er her også for å drive påverknadsarbeid på områder der dei ser at Noreg har særlege interesser.

Kamila Jørstad i EFTA-sekretariatet gav oss ei innføring i korleis dei jobbar med nettopp det. EFTA består av fire land som ikkje er med i EU: EØS-landa Noreg, Island og Liechtenstein, også Sveits. Sekretariatet er ekspertar på EU-lov og jobbar med å bistå EFTA-landa opp mot EU, såkalla soft diplomacy. Det er viktig fordi mange av lovene EU vedtek er vi også forplikta til å innføre i norsk lov, gjennom EØS-avtalen.

– Vi kan påverke EU-lovgjevinga før den vert vedtatt, slik at den passar betre til norsk lov og norske førehald, fortel ho.

trainee brussel efta

Kamila Jørstad gav oss ei innføring i EFTA og EØS.

trainee brussel middag

Dagane vart avslutta med fellesmiddag på ein lokal restaurant. Kjekt og sosialt!

Frå politikk til butikk

– Fleire bør vere meir interesserte i det som skjer i Europa og EU. Det sa Per Rune Henriksen som jobbar i Eviny, eitt av Noregs største energiselskap.

Han er til stades i Brussel for å vere tett på EU og internasjonal energipolitikk. Det som vert beslutta her har sterk innverknad på energinæringa i Noreg, spesielt når det gjeld marknadstilgong. Han skulle gjerne sett at fleire norske energiselskap var til stades i Brussel.

Ein av organisasjonane som er til stades for å hjelpe norsk næringsliv, er Innovasjon Noreg. Dei følger med på EU-lovgjevinga og bistår norske selskap som vil satse i Europa. Det er mellom anna mykje pengar å hente frå deltakelse i ulike EU-program innan forsking og innovasjon, og Noreg er blant dei landa som er flinkast til å hente pengar heim frå EU.

– Målet er at norske bedrifter skal hente heim meir pengar enn det kostar oss å delta i desse programma, fortel Maiken Sørbye Larsen som jobbar ved Innovasjon Norge sitt Brusselkontor.

eu kommisjonen trainee
eu kommisjonen trainee

EU-kommisjon og Green Deal

Det er ei eiga atmosfære av alvor når vi skal besøke kommisjonen, sjølve navet i EU. Vi lærte at då Ursula Von der Leyen vart president for kommisjonen gjorde ho ein del av toppetasjen om til si eiga private leilegheit. Praktisk å bu rett over jobben!

Vi hadde avtale i bygget over vegen, med klar beskjed om å kome i samla tropp og ikkje vere seine (det klarte vi sånn passe). Opp ei trapp og gjennom ein sikkerhetskontroll blei vi møtt av representantar frå EU-kommisjonen som fortalte oss om historia til kommisjonen og eit tema av særleg interesse for gruppa vår: the European Green Deal.

Fleire av traineeane ga uttrykk for at dette var svært interessant og kunne sjå det i samanheng med jobben sin heime. Blant dei var Henrik Engebø Hundershagen:

– For meg som jobbar i Sparebanken med berekraft var dette, i kombinasjon med programmet vi hadde med Eviny, det mest spennande på programmet. Men spesielt EUs Green Deal fordi det har direkte innvirkning på kva banken må arbeide med og rapportere etter no og i framtida, seier han.

Ein smak av Belgia

Ingen tur til Brussel utan belgiske vafler, belgisk øl og belgisk sjokolade. Deilige sukkerbomber finst på kvart hushjørne og vart sjølvsagt nytt med godt samvit. Det er trass alt ikkje kvar veke ein er på besøk i sjokoladens og vaffelens høgborg.

Visste du at det finst over 180 ølbryggeri i Belgia? Vi fekk omvisning og ølsmaking på eit bryggeri med ei over 100 år gammal historie. Der produserer dei framleis øl på gamlemåten, med tradisjonelle metodar, ingen tilsettingsstoff og lang produksjonstid. Her kan du vere sikker på at du drikk eit ekte, tradisjonelt belgisk brygg, fortalde guiden vår.

ølbryggeri trainee brussel

På besøk hos eit tradisjonelt belgisk ølbryggeri.

På kveldane var det fellesmiddag med god mat og drikke på ulike restaurantar i sentrum. Det var også sett av tid til litt sightseeing, shopping og nokre turar på pub. Det verkar som traineeane no har blitt godt kjende med kvarandre og trivast i kvarandre sitt selskap. Det gledar oss å sjå 💚

Takk for turen, vi sjåast på neste samling! Den blir i Førde under ELEVATE: Karrierefestivalen i Sunnfjord.

Fleire saker