misf marknadsføring

Nyheiter

Bli trainee innan marknadsføring hos Musea i Sogn og Fjordane

Er du nyutdanna eller fersk i arbeidslivet innan marknadsføring? Null planar for hausten? Då skal du sjekke ut denne traineestillinga.

Framtidsfylket Vestland har ei ledig traineestilling med oppstart haust 2023. Om du ønsker ein unik overgang frå studieliv til arbeidsliv, skal du sjekke ut denne stillinga:

Musea i Sogn og Fjordane søker trainee: Marknadsføring

Søknadsfrist 19. juni.

Kva vil det seie å vere trainee?

Ei traineestilling byr på brei arbeidserfaring, personleg utvikling og nye nettverk. Som trainee er du tilsett i éi bedrift i Vestland i eitt år. Vi tilbyr deg:

  • Ein unik overgang frå studieliv til arbeidsliv
  • Innsyn i næringslivet i Vestland
  • Eigen mentor i bedrifta som følger deg opp
  • Fellessamlingar med fagleg og sosialt program
  • Studietur til utlandet
  • Fagleg og personleg utvikling

Du som søker

  • Har utdanning på bachelor- eller masternivå
  • Har maksimalt tre års arbeidserfaring etter avslutta studiar
  • Beherskar norsk som arbeidsspråk
  • Vil gjere ein større forskjell frå ein mindre plass

Mange får tilbod om fast jobb

Traineeåret varer frå august til august. Sjølv om traineekontrakten varer i eitt år, endar mange opp med tilbod om fast jobb.

Sosiale samlingar

På samlingane har vi fokus på erfaringsutveksling frå jobbkvardagen, teambygging og andre nyttige tema for deg som er fersk i arbeidslivet. Eigenutvikling er ein sentral del av det å vere trainee. Samtidig legg vi vekt på at du skal bli kjend med næringslivet i Vestland, slik at du veit kva jobbmoglegheiter du har her. Like viktig er det at du skal trivast her, så vi legg opp til mykje hygge og moro og nye vennskap.

traineesamling viksdalen

Fleire saker