sjanti sogndal

Nyheiter

– Opn opp kjeften og syng med den stemma du har!

Tekst: Solveig Bjørhovde Rindal

Foto: Solveig Bjørhovde Rindal/Framtidsfylket

30 spente traineear har vore på traineesamling i Sogndal.

På agendaen sto fagleg og personleg utvikling, møter med lokalt næringsliv og erfaringsutveksling med kvarandre. Og sjanti.

Ja, du las rett: sjanti.

– Reis dykk opp, opn opp kjeften og syng med den stemma du har! Heeeave! Og haaaaul, omtrent ropte Haakon Vatle til oss, og signaliserte med både stemme, blikk og kroppsspråk at det var berre å gjenta etter han.

Etter kvart sto alle traineear, Framtidsfylket-tilsette og andre heldige oppmøtte og gaula alt dei hadde.

A singing ship is a happy ship, var bodskapen han forsøkte å plante i oss denne onsdags morgonen.

Haakon er direktør for Stiftelsen Seilskipet Statsraad Lehmkhul og ekspedisjonsleiar for One Ocean Expedition – ei 20 månadars jordomsegling som ein del av FN sitt havtiår. Han er også grunnleggar og frontmann i bandet Stormy Weather Shanty Choir. Ein ekte rockar og sjantimann.

– Dersom kollegaene dine syng eller plystrar på jobb, ver glad!

sjanti sogndal

Song er alvor

Frå gamalt av har sjanti, sjømannssong, vore ein sentral del av livet ombord på ei seglskute. Songen vart nytta både som motivasjonsfaktor og som politisk talsrøyr for mannskapet ombord.

– Ein sjantimann brukte ulike sjantiar for å halde skuta på rett kurs, og det er ulike sjantiar til ulikt arbeid. Om mannskapet ikkje vart behandla bra, kunne dei også gje uttrykk for det i songen, fortalde han.

Aller verst var det ein kalla for «silent ships». Ei seglskute skal nemleg tradisjonelt syngast både inn og ut av hamn. Dersom mannskapet då nekta å synge, var det eit tydeleg signal om at dette ikkje var eit godt skip å vere på. Så det gjaldt for kapteinen å sørge for at mannskapet var nøgde – så nøgde at dei song.

Kva er bodskapen? Jau:

– Dersom kollegaene dine syng eller plystrar på jobb, ver glad! For då er dei nøgde.

trainee sogndal

Traineear på truger og ski på veg til gapahuken i Hodlekve.

Roboteventyret Rocketfarm

Dagleg leiar i Framtidsfylket, Linda Hovland, hadde sydd saman eit tett program for traineesamlinga i Sogndal, som i tillegg til sjanti inkluderte møter med representantar frå teknologi- og gründermiljøet, kommunen, Høgskulen på Vestlandet og Innovasjon Noreg.

Egil Mundal fortalde om karrieren sin og om korleis han endte opp heime i Sogn, først i Sogndal fotball før han vart hanka inn som dagleg leiar i Rocketfarm. Rocketfarm utviklar robot-software som dei leverer mellom anna til Universal Robots, ein av verdas største robotprodusentar innan sitt segment.

– Vi har éin norsk kunde, og vi vil ikkje ha fleire. Det har med at marknaden vi opererer i er i eit veldig smalt segment. Og det er internasjonalt, fortalde Mundal.

Kvardagskvalitetar i Sogn

Varaordføraren i Sogndal kommune, Vibeke Johnsen, var oppteken av moglegheitene ein får i Sogn som ein ikkje får andre stadar. Sjølv er ho innflytta trønder, men kan telje meir enn 30 år som Sogning.

– Her kan ein gjere til dagleg det andre må gjere i helga, og gjerne må køyre langt for å få til. Ein kan ha gode og spennande liv i heile Sogn, med gode kvardagskvalitetar. Her både er jobbar, og det er eit miljø for å skape spennande jobbar.

Ho kom også med eit velmeint råd til traineeane om å halde alle moglegheiter opne og vere til stades der ein er:

– Ikkje signaliser at du berre er her midlertidig. For kven vil vel satse på deg då?

traineesamling Sogndal

Ved gapahuken blei det servert grilla pølser, varm suppe og gløgg.

Hyttetur med meining

Traineeane i Framtidsfylket var innlosjerte i Hodlekve hyttefelt for anledninga. Dette var nummer tre av i alt fire samlingar i Vestland for årets traineear, og tema for denne samlinga var leiing, presentasjonsteknikk og kjernekvalitetar.

– Det er fint å treffast igjen. Her blir vi tatt ut av kvardagen med jobb også blir vi tatt med til ein så fin plass. Traineesamlingane har godt fagleg program. Vi lærer mykje og får gode idear, og det er kjekt å diskutere dei med dei andre, seier Ane Norman Kjørslevik som er trainee i Norec i Førde.

innovasjon Noreg

Kristine Kopperud Timberlid frå Innovasjon Noreg drog traineeane gjennom ein workshop om leiing av berekraftig innovasjon.

traineesamling i sogndal innovasjon norge

Traineeane fekk i oppgåve å diskutere berekraft, inntjeningspotensiale og risikofaktorar i eit reellt case.

I tillegg til eit sterkt fagleg program er det sett av godt med tid til sosiale aktivitetar. Det vart tid til både skigåing, musikkquiz, fotballkamp på tv og diverse spel på hyttene. Tysdag kveld gjekk alle til gapahuken i Hodlekve, enten på ski eller truger, der det var gjort klart bålpanner med grilla pølser, varm suppe og gløgg og rumpeakebrett til turen ned igjen.

– Det var veldig kjekt! Det beste med samlingane er å møte dei andre traineeane. Vi blir gode vener og får eit fint samhald, seier Aleksander Skjelbred Irgens som er trainee i Vestland Fylkeskommune på avdeling for innovasjon og næringsutvikling.

traineesamling Sogndal
traineesamling sogndal

Iselin Helløy er einig. Ho er også trainee i Vestland Fylkeskommune, og jobbar med klimaomstilling i seksjon for plan, klima og folkehelse.

– Det fine med desse samlingene er nettverka vi får, både med traineeane men óg med dei aktørane vi møter. På samling får vi sjanse til å reflektere rundt korleis det er å vere trainee og korles det er å vere ny i arbeidslivet generelt, seier ho.

Les meir om å vere trainee

Fleire saker