Kjartan Lauritzen

Vestlandslivet

Kongen av Balestrand

Tekst: Kristine Folland

Foto: Herman Dreyer

Bar overkropp, faretruande stage dives og spark i ræva til ein kynisk bransje. Per Áki Sigurdsson Kvikne har erobra musikk-Norge gjennom sitt alter ego Kjartan Lauritzen.

Kjartan Lauritzen vart fødd då Per var 13 år, og familien Kvikne var på biltur på Island. Ein voldsom bedrevitar med små solbriller og bergensardialekt som elska å plage storesøstrene.

– Kjartan var ein karakter eg hadde når eg tulla. Han var ikkje noko særleg, seier Per.

Den irriterande bergensaren har fulgt 22-åringen gjennom heile livet, og vart eit naturleg artistnavn då karrieren verkeleg tok av. Den første låta ”Havanna” kom med ekte bergensardialekt. Etter at låta vart spelt i tv-serien ”Skam”, bikka den kjapt to millionar avspelingar på Spotify.

– Eg hadde plutseleg blitt kjent, utan at eg hadde tenkt å bli det. Så då måtte eg ta eit val. Eg kunne ikkje spele ei rolle heile livet. Kjartan måtte gå.

No er det berre namnet som er igjen av bergensaren.

– Han var eigentleg ein ganske grusom person, så det var kanskje like greitt at eg kvitta meg med han. Men eg er fortsatt ein tulling, så overgangen var eigentleg ikkje så brå, ler Per.

Rockestjerne

Musikkdraumen har alltid vore ein del av Per. Oppvaksen i ein musikalsk heim vart han tidleg introdusert til alle typar musikk. Faren spelte rockemusikk med bandet Gjallarhorn, og Per var fast bestemt på å følgje i faren sine fotspor.

– Då eg fekk gitar i julegåve i 7. klasse, bestemte han meg for å bli rockestjerne. To år seinare begynte eg som gitarist i trash metal bandet Ungrateful i Høyanger. Eg var dritnervøs, samtidig som eg fekk smaken på å spele live.

Han begynte på musikklinja på vidaregåande, men droppa ut etter eit halvt år. Teori og notar var ikkje vegen å gå.

– Eg vart ikkje rockestjerne der, for å seie det slik.

Musikkarrieren vart lagt på is, og Per drog til Bergen for å studere.

– På vidaregåande følte eg med håplaus. Eg visste ikkje kva eg skulle gjere. Hadde ingen plan for livet mitt. Eg tenkte først på å studere økonomi, så grafisk design, før eg enda opp på musikkproduksjon. Det var først då eg begynte å leike med rap.

Kjartan Lauritzen
Kjartan Lauritzen Balestrand

A3

For Per var aldri A4. Medan søskena vart utdanna seg innan hotelleiing, IT og design, heldt han fast på draumen om å bli rockestjerne.

– Vi var ein vennegjeng som dreiv med mykje tull. Vi reiste til Førde for å hyle til folk, lage filmar og få kvarandre til å le. Ein gong køyrte venen min på meg med bil. Slik at eg flaug over panseret – nett som på film. Det var sjukt bra.

Ikkje alle tykte påfunna var like morosame. Men støtta i heimen var ufråvikeleg.

– Mamma har alltid sagt at eg skal gjere det eg har lyst til. Ho lot meg vere rar og teit og dum, lo av alt vi fann på, og sa sjeldan at vi måtte skjerpe oss. Virkelig unorsk, fortel Per.

Balestrand er ramma for dei fleste musikkvideoane til Kjartan Lauritzen. Opphavet er viktig.

– Det er viktig i rap å vise kvar ein kjem frå. Dei fleste rapparar i Norge kjem frå byane. Eg vil slå eit slag for rap frå bygde-Norge, for det er det altfor lite av. I byane finst det mange subkulturar, der greiner som rap kan vekse. På bygda er det få folk, derav ingen subkultur. Ein blir heller ein loner, seier Per.

– Det er takka vere familien og venene mine at eg hadde sjølvtilliten til å vere annleis. Rapping kan vere ein skummelt prosjekt, men eg har heile vegen hatt solide støttespelarar, legg han til.

Kvalitet før kvantitet

Han syng om heftige fredagskveldar, klengete jenter og ein kynisk musikkindustri. Det er lite knuste hjarte og vanskeleg oppvekst å spore, men heller oppmodingar om å nyte livet.

– Eg er ein glad gut frå Balestrand som har lite å klage over. Trygg oppvekst, fin familie, gode vener. Då er det vanskeleg å rappe om kjipe ting. I USA går dei ei bølgje av happy rappers for tida, og det passar meg bra.

Humoren er ein viktig del av musikken hans, men samtidig med ein seriøs undertone.

– Problemet med bygderap er at det ofte blir kleint. Ein må gjere det skikkeleg. Skal ein slå gjennom, må også byane synast at det er kult. Eg er oppteken av at det skal vere meining i humoren. Eg er sjukt perfeksjonistisk og slepp ikkje ei låt, før den er bra nok. Det skal høyrast like bra ut som dei eg ser opp til, seier Per.

Kjartan Lauritzen bar overkropp
Per Aki Kvikne

Kynisk bransje og kåte jenter

I haust kom albumet ”Fenomenet,” som fekk strålande kritikkar og høge terningkast. EP-en handlar om Kjartan si artistreise til no.

Har null behov for ein gammel gris
Som vil tjene grovt på Kjartans liv
Dei sa eg burde slutte å tulle
Men plis ikkje prøv å lære faren din å knulle

Låtane tek opp korleis livet har endra seg. ”Pappa” er eit Kjartan sitt oppgjer med bransjen, medan ”I kveld” siktar seg mot innpåslitne kvinnfolk. For draget på damene har definitivt endra seg etter at kjendistilveret skaut fart.

– Ja, som faen. Slik var det jo ikkje før. No går det ikkje an å vere på byen lenger. Det er jo hyggeleg nok, men mange er så intense at eg faktisk må gå heim. Det blir for mykje. Eg har jo dame, seier Per.

Så det hjelpe ingen ting ka eg seie te hun
Hu tigga med blikket etter et bein eller to
Hu kviskra i øyret «kan vi gå heimover no?»
Men eg takka fint nei, du må ta det med ro

Stagedives

Nyleg vart 22-åringen nominert til to P3-gull prisar; årets nykommar og årets live-artist. Stort øyeblikk.

– Det er heilt sjukt. Og så to prisar då.

For livekonsertane til Kjartan Lauritzen er blitt eit varemerke. Utselde konsertar i Oslo, Bergen, Trondheim, Slottsfjell og Malakoff. Lista er lang.

– Eg trur folk har det gøy på konsertane, og at dei føler seg som ein del av festen. Vi planlegg ingenting. Alt er spontant, og vi prøver å gje mykje av oss sjølv.

Til tider i meste laget. Inspirert av punk og metal er stagediving blitt eit fast innslag på konsertane.

– Stagediva må eg nok roe litt ned. Eg er jo ikkje den lettaste mannen i landet. Det har vore episodar der folk har besvimt, blødd og ikkje får puste. Det går jo ikkje. Det blir litt kjedelegare, men det er jo bedre at folk lever, smiler Per.

For ikkje å gløyme barisen.

– Etter ”standarden” er nok ikkje kroppen min den vakraste. Eg synst den er vakker, men for mange er det nok ein veldig rar ting å gjere – å flekse den sexy, lubne magen sin for så mange folk. Men responsen har vore enormt. Eg bryr meg ikkje om korleis eg ser ut. Ein skal ikkje ta seg sjølv så høgtideleg, seier Per.

Sognerap på kartet

2018 byr på nye konsertar. Bookingane står i kø. Bergenfest, Svalbard, Slottsfjell, Malakoff, Pstereo i Trondheim og Rakettnatt i Tromsø. Sognerapen er komen for å bli.

– Målet mitt er at fleire frå bygda vågar å prøve. Det er så sjukt mykje enklare å slå gjennom enn ein skulle tru. Ein må faktisk ikkje begynne å studere med ein gong etter vidaregåande. Det er lov å velge annleis. Som Jim Carrey seier, ”You can fail at what you don´t want, so you might as well take a chance doing what you love.

– Eg har fått høyre at ungdommar heime er begynt å lage beats, rappe. Det er kjekt det seier Per.

Planen for framtida er lagt.

– Lage musikk. Halde konsertar. Ikkje stresse. NYTE D.

Vil du lage musikk i bygda? Sjekk ut ledige stillingar her.

Fleire saker