Trine Lavik Innovasjon Norge

Nyheiter

– Sogn er ein vinnande kombinasjon

Ei rekke tilfeldigheiter gjorde at Trine Smukkestad Lavik hamna i Sogndal. At ho vart verande er ikkje like tilfeldig.

Trine Smukkestad Lavik er EU-rådgivar i Innovasjon Norge i Sogndal. Ho skriv månadens karriereprat.

Hei, eg heiter Trine, og eg pleier å seie at eg kjem frå «ein liten plass rett utanfor Oslo». Dette i frykt for å bli førehandsdømt ... Ja, det er staden med stor B for Bærum vi skal fram til her. Eg er 36 år, singel, fri og frank!

Som liten drøymde eg om å bli lege. Då eg fann att «Boka om meg sjølv», kunne eg også lese at eg i tiårsalderen drøymde om å bli fitnessinstruktør og bu i ein penthouse i New York. Eg klarte nesten å nå dette målet, i og med at eg har hatt spinning- og yogatimer på ulike treningssenter. Ja, om du ser vekk i frå at bustaden var ein 28 kvadrat på Majorstua.

Flytta etter kjærasten – gjorde eit tilfeldig studieval

Så, korleis enda eg, som tilsynelatande har ei interesse for kropp, helse og fysisk aktivitet til slutt opp med jobb som EU-rådgivar i Sogndal?

Det heile begynte med tilfeldigheiter. Eg hadde kjæraste i Bergen og ville flytte dit han var. Litt tilfeldig søkte eg meg inn på jussen. Eg kom ikkje inn, men bestemte meg for å ta opp fag i håp om å komme inn året etter. I løpet av det året rakk eg å ta opp fag, reise til Bali og fylle 20 – og det vart slutt med kjærasten.

"Eg er nok ein liten eventyrar."

Bali

Soloppgang-tur på vulkanen Batur på Bali.

Eg kom inn på jussen, men var framleis usikker på karriereveg, for eg hadde også tilbod om fysioterapistudiet i København. Plutseleg stod eg i ein situasjon der eg måtte velje mellom eit studie som i stor grad krev hjernekapasitet og eit studie med meir fokus på kropp og det praktiske. Eg gjorde som mange 20-åringar ville gjort: Eg let tilfeldigheitene råde og gjekk for det studiet som starta først! Altså vart det jussen i Bergen. Meldingar frå potensielle studiekameratar i København som etterlyste meg på skulebenken, førte til ein hard start på jusstudiet. Hadde eg valt rett?

Eit fuktig og hardt liv som jusstudent

Hardt er eigentleg eit godt ord for å skildre juss-studiane. Du møter mange dyktige og hardtarbeidande menneske, som ikkje er redde for å brette opp ermene når konkurransen om dei beste karakterane og trainee-plassane står på spel. På mystisk vis kom eg meg gjennom studiane, og når eg ser tilbake på studietida i Bergen, så tenker eg at den var ei fuktig oppleving med mange motbakkar på alle moglege måtar. Eg hadde også eit halvt år i Amsterdam på utveksling, ei veldig fin avslutning på livet som student!

Vaksenliv og vinlotteri

Etter 3 månader på reisefot i Asia og Australia etter studiane, var bankkontoen ganske tom. Etter nokre veker heime på pikerommet hos mor, følte eg tida var overmoden for å komme seg ut av redet og i gang med vaksenlivet. Eg hoppa på første og beste jobbtilbod som kom min veg, og eg begynte i eit vikariat som saksbehandlar på helseavdelinga hos Fylkesmannen. Dette var ein mjuk og triveleg start på arbeidslivet, med kake og vinlotteri kvar fredag. Det tok ikkje lang tid før eg fekk meg ei stilling på juridisk avdeling hos Norges Vassdrag og Energidirektorat. Her jobba eg med juss knytt til fornybar energi, straumnett og tilsynsverksamheit, fram til eg begynte i Innovasjon Norge i 2016.

Korona, dalande motivasjon for Oslo-livet og eit modig val

Eg jobba fire år på Eksportsenteret til Innovasjon Norge som juridisk rådgivar. Då koronaen tok oss i 2020, kjente eg på ein dalande motivasjon. 28 kvadrat på Majorstua vart brått litt trått og trongt i ein by som vart stengd ned. Eg trengte eit avbrekk! Eg tok eit modig val og bestemte meg for å seie opp jobben, eigentleg heilt utan nokon vidare plan. Eg visste eg måtte gjere noko lystprega og gøy, og tanken fall på pudderkøyring og topptur. Det er lite som kan sette eit så stort smil rundt munnen min som dette!

Sogn

Bretur i Sogn – ein av mange fine turar.

Sogn

Trine på toppen av Ringstind i Hurrungane i nydeleg vårvêr!

Som å komme heim

Etter litt masing, fordi eg var "overkvalifisert", fekk eg lov til å prøve meg som resepsjonist og servitør på Turtagrø hotell! Eg var frelst! Det var som å komme heim! Kor fantastisk er det ikkje å bu 1000 m.o.h., med Jotunheimen og Hurrungane som næraste nabo og bakgard? Dette var eit val eg ikkje har angra på i ettertid.

Ein vinnande kombinasjon i Sogn

Planen var å fortsette som sesongarbeidar nokre sesongar til, men plutseleg dukka det opp ei ledig stilling som EU-rådgivar hos min gamle arbeidsgivar. Her såg eg sjansen til ein spennande jobb med interessante arbeidsoppgåver, samtidig som interessa for å vere ute og stå på ski, klatre og springe i fjellet, kunne dyrkast. Ein vinnande kombinasjon! Det er fullt mogleg å komme seg ut på tur, også i kvardagen, med fleksitid og fjella berre ein kort køyretur unna😊

Inspirerande og utfordrande i Innovasjon Norge

Eg set stor pris på min varierte og fleksible arbeidskvardag hos Innovasjon Norge. Eg får i stor grad styre korleis eg løyser ulike oppgåver og korleis eg vil jobbe. Samtidig er eg del av eit dyktig team med flinke kollegaer som alltid har ryggen min når eg kjenner at eg ikkje er heilt sikker på korleis løyse ei utfordring. Hovudoppgåva mi er å rettleie bedrifter som ønsker å søke finansiering frå EU. Eg kjem i kontakt med mange interessante bedrifter som har utvikla utruleg spennande løysningar som kan utgjere ein forskjell i verda! Det synest eg er veldig inspirerande.

Innlegg Innovasjon Norge

Ein viktig del av jobben min er å informere om moglegheiter i EU for norske bedrifter. Her frå eit innlegg for traineeane i Framtidsfylket.

Eksotisk for ei byjente

Innovasjon Norge har kontor på Fosshaugane Campus. Her sit vi tett på Sogn Næring, Kunnskapsparken Vest, FUS og fleire lokale vekstbedrifter. Det er gøy å gå på jobb kvar dag fordi eg alltid møter på mange hyggelege og interessante personar, nokre kjende og nokre nye. I motsetning til i Oslo, er det ikkje uvanleg å sjå folk dukke opp i skiutstyr på jobb! Eksotisk for ei byjente som meg.

"Sogn har eit inkluderande og ambisiøst miljø."

Trine Lavik Innovasjon Norge

Work/life-balansen er eit vektig karrieremål

Så langt synest eg Sogn er eit kinderegg: spennande jobbmoglegheiter, fantastisk natur og eit veldig ope og inkluderande miljø. Om du ønsker å stikke ut på ski ein vekedag, når sola skin og snøen nyleg har falt, forstår folk det. Samtidig opplever eg at folk er veldig ambisiøse og flinke. Vil du få til noko her, manglar det ikkje på folk som heiar på deg og hjelper deg fram.

Du kan vel seie at Sogn er ein plass der work/life balansen er meget god! For meg er det vektige karrieremål i seg sjølv: å skape meg eit godt liv med tid til å gjere ting som gjer meg glad i kvardagen, og med ein jobb som eg gledar meg til å gå på kvar einaste dag!

Fleire saker