Lønsleiar utan leiarkompetanse? Null problem

Fjord1

Nyheiter

Blir du trigga av teknologi og nullutslepp?

Tekst: Lisbeth Bringebøen

Foto: Privat / Photoevent

Eit ferjeselskap i endring betyr ein variert og spennande jobbkvardag.

Historia går attende til 1858 og mykje har skjedd på teknologisida frå dampskip til elektriske ferjer. Fjord1 er framleis eit selskap i stor endring, noko som byr på ein spennande jobbkvardag. Her kan du vere med og forme innhaldet i stillinga di.

– Fjord1 arbeider med ny og innovativ teknologi i verdsklasse. For fem år sidan hadde vi 70 fartøy og ingen av dei var elektriske. No har vi 85 fartøy, og 34 av dei er elektriske. Vi har vore gjennom, og står framleis midt i, ei særs stor endring, fortel Heidi Felle, HR rådgjevar i Fjord1.

Det krev vilje og evne til endring i heile organisasjonen. No er ho mellom anna på leit etter ein lønsleiar og ein IT-arkitekt/rådgjevar som vil vere med på reisa.

– Vi ser etter nokon som blir trigga av at organisasjonen er inne i ei stor endring både på sjøsida og landsida. Nokon som tykkjer det er moro å få vere med å påverke, sette premissar, og finne og bruke nye og smartare måtar å jobbe på, seier Felle.

Sjølv om Fjord1 har ei historie som går attende til 1858 og mykje har skjedd på teknologisida frå dampskip til elektriske ferjer, er Fjord1 framleis eit selskap i stor endring som krev mykje av dei tilsette.

– Det tykkjer eg er attraktivt: Å få vere ein del av eit rikt miljø med spesialkompetanse på mange ulike område som til dømes IT, forretningsutvikling, teknologi, innovasjon, driftslogistikk, finans osv. Det at vi kan lære av kvarandre, og jobbe på tvers av ulike avdelingar for å finne dei rette løysingane, er ein viktig suksessfaktor, seier Felle.

Felle fortel om ein arbeidsplass med høgt tempo, travle arbeidsdagar, krevjande oppgåver og høge forventningar.

Fjord1

– Vi ser etter nokon som blir trigga av at Fjord1 er inne i ei stor endring både på sjøsida og landsida, seier Heidi Felle.

Smittande latter i korridorane og sosiale aktivitetar på fritida

– Det kan kanskje høyrast litt avskrekkande ut, men det at vi må strekke oss for å levere i tråd med det høge nivået, samstundes som vi får senka skuldrane med godt humør, smittande latter i korridorane og sosiale aktivitetar på fritida, er oppskrifta på ein arbeidsplass der eg trivst skikkeleg godt, smiler Heidi.

– Vi er ganske flinke, og leiinga legg godt til rette for at vi skal ha det bra også sosialt i Fjord1. Det blir eit ekstra godt arbeidsmiljø når du blir kjend med kollegaene også utanfor arbeidsplassen og arbeidstida, smiler Heidi.

Skidag, lønningspils, grilling om sommaren, gokart og fjelltur. Det er gode høve til å vere sosial med kollegaer for dei som vil.

Fjord1 kollegaer

Sosialt: skidag til Jølster er ein av mange sosiale aktivitetar i Fjord1.

Fjord1 sosiale

Florø: Det er kort veg frå kontoret i Florø til flotte turar.

Lønsleiar utan leiarkompetanse? Null problem

– Vi tilbyr leiarprogram i Fjord1, så du må gjerne søkje sjølv om du ikkje har leiarerfaring i det heile. Vi syter for at du får den opplæringa du treng og at du ikkje blir ståande aleine med oppgåvene, forklarar Felle.

På lønsavdelinga er det fire kvinner og ein mann, i heile aldersspennet. Den yngste kom inn som trainee via Framtidsfylket sitt traineeprogram og vart fast tilsett, og den eldste nærmar seg pensjonsalder. Dei er ein fin gjeng med høg arbeidsmoral og fantastisk humør. Dei har arbeidsstaden sin i Florø, det er og ynskjeleg at leiaren har sitt daglege virke på hovudkontoret.

– Vi oppfordrar til at interesserte kan plukke opp telefonen, ringje til oss og prate litt om stillinga. Då kan me fortelje litt meir om kva me ynskjer oss, og du kan vurdere om det er i samsvar med det du ynskjer.

11 sosiale og aktive kollegaer på IT-avdelinga

– Vi ynskjer å vere opne for kva kompetanse som finst i marknaden, men vi har eit spesielt behov innan IT-arkitektur og IT-sikkerheit, fortel Felle.

– Vi trur du er ein type som blir trigga av å forme både rolla og innhaldet i di eiga stilling. Du evner å heve blikket, sjå samanhengar og tenke heilskapleg. Du ser løysingar der andre ser utfordringar og du trivst med å arbeide med utvikling og forbetring. Du har evne til å kommunisere godt med dine kollegaer på alle nivå i organisasjonen, være ein rådgjevar og sparringspartner, forstå problemstillingar og formidle løysingar.

– IT-avdelinga består av 11 tilsette, og dei er ein sosial og aktiv gjeng som byr på humor og topp stemning. Dei tykkjer det berre er kjekt om fleire av eigne kollegaer og andre i selskapet blir med på toppturar sommar og vinter, klatring og andre aktivitetar. Til og med ostekakebakekonkurranse kan dei finne på å starte opp. Den beste oppskrifta er ein godt bevart løyndom du berre får innsyn i om du søkjer på stillinga, ler Felle.

Arbeidsstad er ved eit av kontora til Fjord1 i Florø, Bergen eller Molde.

IT Fjord1

IT: To av dei tilsette på IT-avdelinga i Fjord1, som er kjend for sitt gode miljø.

Grøne arbeidsplassar i den elektriske revolusjonen

– Vi er det leiiande fergjeselskapet i landet, vi er vorte eit selskap med fokus på berekraft og miljø, og vi er verdsleiande innan drift av el-fergjer. Det må vi få lov å skryte av, smiler Heidi, tydleg stolt av arbeidsplassen sin.

Miljøkrava i nye anbodskontraktar set krav til nullutslepp og nye elektriske fartøy.

– Grøne arbeidsplassar er tiltrekkande ute i marknaden. Dette er noko folk vil vere med på. Det å innføre høgteknologiske fartøy med alt det inneberer av system og infrastruktur, krev òg endringar i den administrative delen av selskapet, difor er det viktig for oss å få inn nye folk som ynskjer og evnar å vere med på denne utviklinga framover, avsluttar ho.

Sjekk ut ledigs stillingar i Fjord1
Fjord1

Fleire saker