Fjord1 AS Hovedbilde

Hjelp oss å videreutvikle og modernisere Fjord1 sitt lønnsarbeid!

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Lønnsleiar Fjord1 AS Kinn Fulltid

Om stillinga

Fjord1 skal styrke og utvikle lønnsområdet, og er på jakt etter den rette leiaren til dette spennande og viktige arbeidet!

Vår lønnsavdeling består av fem dyktige og engasjerte medarbeidarar. Dei er ein dedikert gjeng med høg arbeidsmoral og fantastisk humør som utfører nokre av dei viktigaste funksjonane i Fjord1.

Vi ønskjer å utvikle og modernisere lønnsarbeidet, ved å ta med oss all vår kompetanse og erfaring inn i moderne system, tankesett og rutinar. Difor søker vi etter deg som vert trigga og motivert av denne spennande oppgåva! Vi ser etter deg som har arbeidserfaring innan lønn, HR, økonomi eller andre områder som gir innsikt og forståing for lønnsområdet.

Du treng ikkje ha leiarerfaring frå tidlegare, vi kan lære deg å vere ein god leiar! Men du evner å heve blikket, sjå samanhengar og det store biletet. Du er oppteken av gode relasjonar samtidig som du ønskjer endringar og effektivisering velkommen i kvardagen. Du ser løysingar og trivst med utvikling av både system, rutinar og medarbeidarar.

Arbeidsoppgåver

  • Personalansvar: oppfølging og utvikling av lønnsavdelinga sine medarbeidarar
  • Overordna fagansvar for lønn
  • Kvalitetssikre, vedlikehalde og utvikle rutinar og prosessar innan lønnsområdet
  • Ansvar for løpande lønnskøyringar ihht. gjeldande avtalar og regelverk
  • Sikre korrekt skatte- og avgiftsbehandling ihht. gjeldande regelverk
  • Deltaking i prosjekt og forbetringsarbeid på tvers av selskapet
  • Deltaking og bistand i lønnsforhandlingar
  • Fagansvar lønnsystem (Unit4)
  • Utvikle og oppdatere lønnssystemet og ande system knytt til lønn
  • Forvalte selskapet sine pensjonsavtalar og sikre etterleving av desse
  • Løpande kommunikasjon med interne og eksterne samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonskrav

  • Høgare utdanning - gjerne innan økonomiske fag
  • Arbeidserfaring innan lønn, HR, økonomi eller andre områder som gir innsikt og forståing for lønnsområdet
  • Kjennskap/erfaring med Unit4 BW (Agresso) sin lønnsmodul er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonseigenskapar
  • Generelt gode IT kunnskapar og god systemforståing

Om deg

  • Nøyaktig, strukturert og kvalitetsorientert
  • Pådrivar med positive haldningar, engasjement og initiativ
  • Du ser heilskapen i bedrifta og tør å stille spørsmål og utfordre etablert praksis
  • Gode relasjonelle og mellommennesklege eigenskapar

Vi tilbyr

  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit lønnsteam med godt samhald og inkluderande arbeidsmiljø
  • Moglegheit for å læring, vekst og utvikling
  • Leiarutviklingsprogram
  • Fagleg dyktige og engasjerte kollegaer på tvers av selskapet
  • Konkurransedyktig lønn, forsikring og pensjonsordning
Fjord1 AS Kulturbilde