Fjord1 AS Hovedbilde

Vil du vere ein nøkkelressurs i utviklinga av framtidas IT-løysinger for Fjord1?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
IT rådgjevar / IT arkitekt Fjord1 AS Kinn Fulltid

Om stillinga

Ein av våre kjekke kollegaer skal gå av med pensjon i 2022 og vi har derfor ein ledig stilling på vår IT avdeling. Vi er på jakt etter ein erfaren og dyktig kollega som har lyst å påvirke og utvikle utforminga og val av framtidas løysinger for Fjord1!

Vi ynskjer å vere åpne for kva kompetanse som finst i marknaden, men har eit spesielt behov innan desse fagfelta:

IT ARKITEKTUR og IT SIKKERHEIT.

I denne stillinga blir du ein nøkkelressurs for vidare utvikling av IT i Norges største ferjeselskap!

Vår IT-avdeling er ein sentral bidragsytar i Fjord1 si teknologiske utvikling og består av 11 dyktige tilsette. Ikkje nok med at gjengen på IT-avdelinga er fagleg svært dyktige, men det er ein sosial og aktiv gjeng som alltid byr på mykje humor og god stemning. Kombinasjonen av konkurranseinstinkt og humor er uslåeleg!

DU ER ein type som blir trigga av moglegheiten til å vere med å forme både rolla og innhaldet i di eiga stilling. Du evner å heve blikket, sjå samanhengar og det store bildet. Du ser løysingar der andre ser utfordringar og du trivast med å arbeide med utvikling og forbetring. Du har evnen til å kommunisere godt med dine kollegaer på alle nivå i organsisasjonen, være ein rådgjevar og sparringspartner, forstå problemstillingar og formidle løysingar. Saman skal vi utvikle IT i Fjord1 til å vere ein pådrivar innan innovasjon og forretningsutvikling!

Arbeidsstad ved eit av våre kontor i BERGEN, MOLDE eller FLORØ.

Arbeidsoppgåver

  • Ta ansvar for og bidra til kontinuerleg utvikling av IT arkitekturen i Fjord1
  • Ta ansvar for og være pådrivar for kontinuerleg forbetring av IT sikkerheiten
  • Vere ein rådgjevar som skapar samanheng mellom forretningsbehov og teknologi
  • Bistå i utarbeiding av beslutningsunderlag for styringsgrupper, leiing og andre aktørar

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant utdanning minimum på bachelor nivå
  • Du har fleire års arbeidserfaring innan relevante felt
  • Det er ein fordel med kompetanse/erfaring innan IT sikkerheit
  • Du har erfaring med å delta i og leie prosjektarbeid
  • Flytende språkkunnskaper nordisk og engelsk muntlig og skriftleg er eit krav

Om deg

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Løysingsorientert
  • Høg grad av gjennomføringsevne
  • Sjølvgåande og initiativrik
  • Evne å koordinere og prioritere

Vi tilbyr

  • Moglegheit for både fagleg og personleg vekst og utvikling
  • Konkurransedyktig lønn, forsikring og pensjonsordning
  • Godt arbeidsmiljø
  • Fleksible arbeidsordningar
  • Gode velferdsordningar
Fjord1 AS Kulturbilde