Fjord1 ledig stilling

Nyheiter

10 gode grunnar til å jobbe i Fjord1

Om du likar kombinasjonen skipsfart og det grøne skiftet, er Fjord1 den perfekte arbeidsgivar.

I spalta «10 gode grunnar» tek vi ein sommarprat med kule bedrifter i Vestland. Først ut er Sunnfjord.

Kva er det mest spennande som skjer i Fjord1 akkurat no?

Det er vanskeleg å plukke, for her skjer det mykje til ei kvar tid. Overgangen til el-ferjer har vore ei fantastisk reise og medfører mange spennande oppgåver til sjøs og land.

Kva er det mest attraktive med å jobbe i Fjord1?

Først og fremst er det fantastisk flinke folk som jobbar her. Vi er eit stort og innovativt selskap med hovudkontor i vesle Florø, med store ambisjonar om å lukkast i det grøne skiftet. Vi har solide økonomiske resultat og kan tilby deg ein trygg arbeidsplass, samtidig som du tar del i det grøne skiftet. Dei som har lyst, kan rekke opp handa og få ei spennande utfordring og meir ansvar.

Kva kan de tilby dei som ønsker å utvikle seg i bedrifta?

Personleg og fagleg utvikling. Vi satsar hardt på kompetansebygging og utvikling for den enkelte, og har fokus på intern rekruttering.

Nemn tre små gode som gjer arbeidsdagen fin:

  • Den supre kantina vår
  • Kollegagruppa Fjord1 Sosial finn på mykje kjekt, som fjellturar og anna moro.
  • Det gode humøret og dei vittige kommentarane mellom kollegaene i gangane.
Jobb Fjord1

Kva er Fjord1 sitt bidrag i å stoppe klimaendringane?

Vi er leiande innan elektrifisering av ferjenæringa. Vi jobbar for kutt i utslepp og bidreg tungt i det grøne skiftet.

Kva er det viktigaste de gjer for å ta samfunnsansvar?

  • Bærekraft og miljø i fokus – heile tida
  • Vi sponsar lokalmiljøet, små og store saker
  • Vi er eit opplæringsselskap og tilbyr utplassering, arbeidstrening, lærlingplass og traineestillingar.

Kor tid kokar det hos Fjord1?

Kor tid kokar det ikkje? Her er det stort sett full guffe. Men ombygginga av 35 fartøy på fire år, DET var travelt. No jobbar vi for å optimalisere dette, og alle avdelingane er involverte. Men det kokar på ein positiv måte.

Ledig stilling Fjord1

Kva jobbsøknadar ligg øvst i bunken hos Fjord1?

Vi har mange stillingar til ei kvar tid utlyst, både på land og til sjøs. Nokre stillingar er det klare krav til, medan dei administrative krev god holdning og innstilling. Vi ønsker oss ambisiøse og løysningsorienterte medarbeidarar som kan effektivisere drifta og arbeide smartare i alle ledd.

Kven set spor på intervju?

Dei som eg hugsar best, er dei som torer vere opne og ærlege, som byr på seg sjølv og viser sjølvinnsikt – også sine svakheiter.

Vis med eit bilde at det er godt å jobbe i Fjord1 utan å seie det:

Fjord1 sosial
Jobb i Fjord1