Trainee berekraft

Nyheiter

Vil du jobbe med berekraft?

Er du opptatt av klima, miljø og berekraft – og lurer på korleis du kan jobbe med det i framtida? Årets traineestillingar er grøne.

Fleire av årets traineebedrifter utviklar produkt og tenester med berekraft i fokus. Her kan du vere med og påverke:

Tibber meiner det er på tide å tenke nytt, og utviklar difor smart teknologi som senkar straumforbruket ditt. Dei har fire ledige traineestillingar:

Sparebanken Sogn og Fjordane har samfunnsansvar i ryggmargen, og søker no deg som er interessert i å sikre at dei har berekraft integrert i alle delar av organisasjonen:

Simas i Sogn er eit innovativt miljø- og avfallselskap, og dei ser etter deg som har eit brennande engasjement for miljø og sirkulærøkonomi:

Statsforvaltaren i Vestland søker deg som er interessert i landbruk, natur, miljø, klima og berekraft i praksis:

Kunnskapsparken Vestland lurer på om du vil bli med på laget – eit lag som arbeider med spennande idear med mål om å legge til rette for framtidsretta, vekstkraftige og lønsame bedrifter for regionen, Norge og verda:

Vestland fylkeskommune har mål om at Vestland skal vere det leiande verdiskapingsfylket basert på berekraftig bruk av naturressursar, grøn næringsutvikling og innovasjon. Til det treng dei kompetanse og arbeidskraft:

Sogn og Fjordane energi skal gjennom ei omfattande elektrifisering av samfunnet bytte ut fossile energikjelder med fornybar energi:

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og har som mål å vere den mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden. No kan du vere med og bidra:

BKK Nett er ein del av energi- og teknologikonsernet Eviny. Ønsker du å drive utviklinga vidare for grøn energi, berekraft og elektrifisering:

Sjå fleire traineestillingar

Fleire saker