mateusz evoy

Nyheiter

Frå Torún i Polen til Evoy i Florø

Mateusz Majewski reiste frå Polen fordi han ville oppleve noko nytt. No stortrivast han hos Evoy i Florø.

Innhaldet i denne saka var først publisert hos Evoy.

Mateusz Majewski er 30 år, kjem frå Polen og har ein master i økonomi frå Nicolaus Copernicus-universitetet i Torún. Sidan han kom til Noreg har han jobba både som krabbefiskar på Hitra og fiskar på Bulandet, før han fekk jobben som økonomimedarbeidar hos Evoy i Florø. Han fortel at han flytta til Noreg fordi han leitte etter ein ny veg i livet.

– Eg trengde litt forandring, og i lag med syster mi bestemte vi oss for å reise til Noreg. Vi hamna først på Hitra der vi jobba med sesongfiske i krabbeindustrien. Eg var ikkje sikker på om eg kom til å handtere den typen arbeid, men det gjorde eg, og eg gjorde det godt òg. I løpet av sesongen blei eg forfremma til teamleiar i produksjonen. Men etter kvart kjende eg at Hitra vart for lite, og eg bestemde meg for å reise vidare. Så kom Covid. Det var nærast umogleg å finne ein ny jobb, men eg tok ein sjanse og flytta til Bulandet der eg skifta bransje frå krabbe til fisk, fortel han.

Evoy har no fleire ledige stillingar. Sjekk dei ut her.

– Evoy vakte interessa mi fordi eg visste at dei hadde folk frå ulike delar av verda.

evoy mateusz

Internasjonal arbeidsplass

Etter ei stund på Bulandet kjende Mateusz at han enno ikkje heilt hadde funne det han verkeleg ville jobbe med. Han hadde ei god utdanning frå Polen og store ambisjonar om å få brukt mastergraden i økonomi i arbeidslivet. Så kom han over elbåtselskapet i Florø:

– Evoy vakte interessa mi fordi eg visste at dei hadde folk frå ulike delar av verda. Det verka som dei hadde ei internasjonal tilnærming til arbeidet, og dei brukte engelsk som arbeidsspråk. Dessverre hadde dei ikkje nokre ledige stillingar på det tidspunktet, men eg bestemte meg for å presentere meg likevel. Omtrent ei veke etterpå fekk eg ein telefon, og her er eg!

Evoy elbåt

Den flotte skjærgarden utanfor Florø er perfekt å utforske med Evoy sine heil-elektriske hurtiggåande båtar.

Umogleg å kjede seg

Planen var å bli verande i Noreg i ein kort periode, og i alle fall ikkje lenger enn tre år. Men med tida har Mateusz forelska seg i landet.

– Eg elskar roa, naturen, folka og det inkluderande miljøet. Eg trivast verkeleg her, og er mykje ilag med vener frå jobb på fritida. Eg fyller fritida med å utforske dei flotte plassane rundt Florø. Området er fullt av fjell, vakre strender, isbrear, elver og skiløyper. Du kan verkeleg ikkje kjede deg. Og om du likevel vert tom for idear, kjem Evoy-teamet alltid til unnsetning med gode idear til kva du kan finne på etter jobb. Kanskje dei til og med føreslår ein båttur!

Sjå alle ledige stillingar i Evoy

Fleire saker