Tora Evoy teknologi

Nyheiter

Ukonvensjonelt val enda i kodejobb

Tora sitt uventa studieval leia til eit djupdykk inn i datateknologiens verd. No har ho sikra seg jobb i Evoy i heimbyen Florø.

Tora Myren Angell-Jacobsen er 25 år og kjem frå Florø. Ho stortrivst som frontendutviklar i elbåtselskapet, men har eitt klart ønske for framtida: at fleire kvinner søker seg til ei karriere innanfor teknologi.

Oppdaga potensialet sitt

Etter å ha vore i militæret søkte Tora seg inn på datateknologistudiet ved Høgskulen på Vestlandet i Bergen – eit studieval som nok kunne verke litt uventa for folk rundt ho:

– Eg hadde vist null interesse tidlegare for datamaskiner og koding, og matematikk var aldri mitt sterkaste fag, fortel ho.

Vendepunktet kom etter at ho starta på eit førebuande kurs i matematikk og fysikk for ingeniørar. Ho tenkte det kunne gi ho fleire moglegheiter, samtidig som ho fant ut kvar vegen skulle gå vidare.

– Der vart eg inspirert av medstudentane mine som elska faget, og ikkje minst opplevde eg endeleg sjølv å forstå konsepta matte og fysikk. Då oppdaga eg eit unytta potensiale i meg sjølv, og bestemte meg for å utforske felta innan datateknologi.

– Då eg såg stillingsannonsen frå Evoy føltest det som ein sjeldan sjanse.

Tora Evoy

Kapra sjeldan sjanse

Det skulle vise seg å vere veldig smart, for det førte til ei stilling som frontendutviklar hos Evoy. Evoy utviklar heilelektriske hurtigbåtar som dei leverer til heile verda – frå nettopp Tora sin heimby Florø.

– Då eg såg stillingsannonsen føltest det som ein sjeldan sjanse. Eg hadde høyrt om Evoy gjennom studiane og var fasinert av den innovative tilnærminga deira, og det verka som ein spennande stad å jobbe. Eg søkte med ein gong og var så heldig å sikre meg stillinga!

Kvinner og teknologi

Av omtrent hundre elevar var Tora ein av berre sju kvinner i klassa si. Ho er også i dag den einaste kvinna i teknologiavdelinga hos Evoy. Sjølv om ho gjerne skulle sett litt meir kvinneleg representasjon på dette feltet, er ho optimistisk med tanke på framtida.

– Eg har opplevd kollegaene mine som utruleg hjelpsame, inkluderande og svært dyktige folk. Sjølv om det sjølvsagt ville vore flott med litt meir kvinneleg representasjon, føler eg meg heldig som får være del av eit så positivt og dynamisk arbeidsmiljø. Gjennom å delta i ulike initiativ der målet har vore å oppmuntre kvinner til å studere datateknologi, har eg vore vitne til ein vekst i kvinner si interesse for feltet. Eg både trur og håpar at denne trenden til slutt kan føre til ein balansert kjønnsrepresentasjon innan teknologi.

Innhaldet i denne saka var først publisert hos Evoy.

Jobb i Evoy
Klar for ei karriere i Vestland? Sjå ledige stillingar her

Fleire saker