Henrik Holmberg

Nyheiter

– Du må fara ut for å koma heim

Siviløkonom Henrik Holmberg (33) stortrivst med byjobb på bygda, og meiner fleire burde gjere som han.

– Ideen om eit lite bygdesamfunn som inneslutta og trongsynt, den må vi legge frå oss. Tida er moden for å fjerne gamle fordommar mot distriktet og la verksemder som Highsoft bane veg for det moderne arbeidslivet på bygda.

Mobilt arbeidsliv

Henrik Holmberg er Head of Business Development i programvareutviklingselskapet Highsoft i Vik. I dag er han med oss på skjerm frå Charleston i Sør-Carolina i USA, etter ein jobbkonferanse i San Fransisco. Langt vekke, men nær og engasjert:

– Vi kan jobbe frå kor som helst i verda! No, til dømes, sit eg i hagen til eit sørstatshus på den amerikanske austkysten, seier han entusiastisk og slår armane ut mot omgjevnadane. 

Han trur at nettopp fleksibilitet og mobilitet kan vere ein av nøklane til å tiltrekke seg arbeidskraft til distriktet.

– Dei fysiske avgrensingane med å jobbe ein stad er på god veg til å forsvinne, og der ligg det mange moglegheiter.

Forundra over at ikkje fleire vel bygda

Når Henrik brukar det typiske uttrykket frå Vik, Du må fara ut for å koma heim, kan han seie det med belegg. Henrik vaks opp i Vik, men har studert både i Sogndal, Sør-Dakota og Bergen, parallelt med at han reiste verda rundt som toppidrettsutøvar i friidrett. Han er glad i eit «sakte liv på bygda», krydra med ei langhelg i byen.

– Etter å ha opplevd verda, er det ekstra deilig å koma heim for godt. Eg trur ein set meir pris på kvalitetane ved bygda ved å reisa ut, forklarar han.

Han er forundra over at ikkje fleire vel distriktet.

– Hadde kvalitetane vore meir synlege, hadde fleire valt dette livet. Eg meiner ikkje at alle skal bu i distriktet, men det byr på så mange bra element at det er rart at ikkje fleire vurderer å flytte på seg.

Fjelltur i Vik

Fjedle kadla: Henrik er storforbrukar av naturen han er omringa av i Sogn.

Naturen i Vik

– Bruk tida på det som er bra for deg, meiner Henrik.

Skriv historie saman med Highsoft

Henrik starta utdanningsløpet med ein bachelor i historie, men gjekk etter kvart i ei meir økonomisk retning med bachelor i Economics frå USA og master i strategi og finans frå NHH. Etter i seks år i Highsoft fekk han i januar jobben som Head of Business Development.

– Eg kan ikkje seie anna enn at det er veldig moro, smiler han. Det er eit privilegium å ha den rolla, og eg set stor pris på å bidra til at Highsoft skal fortsette å skrive historie. Kollegaene mine er erfarne folk med solide verdiar, som er vidsynte og kompetente på sine felt. Når mandatet vårt er å utforske nye forretningsmoglegheiter, og ein veit kva ressursar og potensial bedrifta har, så kan ein forstå det er kjekt å gå på jobb.

Highsoft kollegaer

Programutviklingsselskapet Highsoft tilbyr byjobb på bygda.

Fredagsstemning heile veka

Noko av det beste med å jobbe i Highsoft, er å vere del av eit stort, mangfaldig og internasjonalt arbeidsmiljø. Henrik meiner det er usedvanleg god stemning på kontoret.

– Fredagsstemning heile veka, ler han, og skundar seg å legge til:

– Eg skal ikkje legge skjul på at eg scorar høgt på ekstrovert, så litt liv og leven blir det, men eg prøvar å tilpasse meg, slik at eg ikkje jagar utviklarane på heimekontor. Vi er ein fin gjeng på kontoret med legendariske firmafestar.

Highsoft costume party

Karneval: Highsoft er kjent for legendariske firmafestar.

Må bli flinkare til å fortelje kva liv du kan skape deg

– På visittkortet mitt er det eit bilde av Vik på baksida. Folk eg møter på forretningsreise er heilt sjokkerte. What, du lever jo draumelivet, seier dei, og fortel at dei sjølve bur i ein fuglekasse på 19 kvadratmeter i 5. etasje, og har betalt tre gonger så mykje for det som eg har betalt for huset mitt.

Han brukar to minutt på sykkel til jobben i Highsoft, tek gladeleg for seg av naturen og meiner Vik, og bygda generelt, har eit inkluderande og sosialt miljø.

– Det er lett å forstå at dei som ikkje har tilknyting til ein mindre stad kvir seg på å flytte dit. Då må vi bli flinkare til å fortelje kva du kan skape deg her; ein kul jobb, meir tid, gode naboar, billegare bustad og aktivitetar som er bra for deg. Du får meir plass og tid for deg og borna dine til å utfalde seg i eit trygt og godt miljø, nær naturen. Eg trur det handlar om marknadsføring, og at vi må fjerne nokre fordommar. Ikkje berre mot distrikta, men også kva som ligg i det gode liv.

"Vi må tilbake til det viktige i livet"

Hengekøye i Vik

Trivsel er avgjerande for å bli

Som nytt styremedlem i Sogn U40 er han med på å bidra til eit viktig nettverk for unge i Sogn:

– Trivsel er heilt avgjerande for å bli verande ein plass. At Sogn U40 skapar møteplassar der ein kan utvide nettverket sitt i vaksen alder, i tillegg til fagleg utvikling, er moro å vere med på. I tillegg er det avgjerande for framtida til næringslivet i Sogn. Ein held på lokal arbeidskraft og ein bidreg til å tiltrekke seg ny. I tillegg er det kjekt å sjå nye fjes og bli kjend med nye folk.

U40 Sogn

Henrik er styremedlem i Sogn U40. Her frå samling i Balestrand.

Tilbake til røtene

Henrik trur tida er moden for å gå tilbake til dei gode og sunne verdiane, og at det kan vere ein viktig grunn til at fleire får auga opp for det gode liv på bygda.

– Det norske samfunnet er i stor grad påverka av det amerikanske, der «heroisk individualisme» står sterkt. I korte trekk vil det seie at det gir status å oppnå materialistiske mål, med lite eller ingen hjelp av andre. Kostnaden ved å overrealisere seg sjølv, er ofte at ein mistar evna til å dyrke nære relasjonar, og ein blir einsam.

Han håpar ikkje dette går like langt i Noreg som i USA.

– For å unngå det må me «back to basics». Tilbake til det viktige i livet. Tilbake til å dyrke nære relasjonar. Tilbake til kortreist mat. Tilbake til rolege og festlege stunder i godt lag. Tilbake til dugnad i godt lag. Tilbake til dyrking av noko grønt. Tilbake til fysisk hobbyarbeid. Tilbake til bygda.

Skitur i Vik
Fisketur i Vik

Enkelt å prioritere det som er bra for deg

Han tar ein pause. Ser rundt seg på benken han sit på i Charleston.

– Eg trur såkalla slow living, der du brukar tida di på dei aller viktigaste tinga i livet, er framtida. I bygdene er det enkelt å prioritere det som er bra for deg, og du kastar ikkje vekk tid og pengar på unødvendige ting. Dei best tinga i livet er gratis, og akkurat dei tinga er valdsamt tilgjengelege i Vik, smiler han.

Fleire saker