Benedicte rolland coast trainee vestland

Nyheiter

Traineetida gav ein mjuk overgang til arbeidslivet

Tekst: Solveig Bjørhovde Rindal

Foto: Coast Seafood

Benedicte Wichstrøm Rolland starta som trainee i Coast Seafood hausten 2020. Etter eit innhaldsrikt traineeår fekk ho tilbodet ho hadde håpa på: fast jobb.

Måtte google kvar Måløy låg

Benedicte kjem opphaveleg frå Bergen, men har ikkje vore framand for å flytte på seg. Bachelorgraden tok ho i Bergen, masteren i Tromsø og innimellom var ho på eit halvår med utveksling i Nederland. Då ho skulle søke jobbar, var det via ei annonse på Facebook at ho vart oppmerksam på Framtidsfylket sitt traineeprogram og stillinga som trainee hos Coast Seafood i Måløy.

– Då eg var ferdig med mastergraden var det spennande, men også litt skummelt å skulle gå over i ein «vaksenjobb». Ei traineestilling ga meg ein mjuk overgang til arbeidslivet.

For Benedicte var det attraktivt at jobben låg i heimfylket, men Måløy måtte ho søke opp på Google Maps for å finne ut kvar låg. Ho hadde verken høyrt om plassen eller bedrifta før. Ho valde å stole på magekjensla som sa at «dette køyrer vi på med», og har ikkje angra.

- Du går ikkje glipp av noko ved å flytte hit. Om noko får du kanskje berre enda meir påfyll av andre ting.

Benedicte W. Rolland surfebilde

Foto: Privat

– Fordelen med traineeordninga er at det er i utgangspunktet eitt år. Eg har moglegheita til å teste dei, og dei meg. Det er ein fin måte å bli trygg på, og finne ut om det er noko vi begge har lyst til vidare. I tillegg skal ein også finne til ro privat, ikkje berre i jobben. Sånn sett er det ein fin måte å starte på ein ny plass på.

Kreative problemløysarar på logistikkavdelinga

Coast Seafood leverer sjømat til 80 marknadar verda rundt i eit volum på 100 000 tonn i året. På logistikkavdelinga, der Benedicte jobbar, er det alltid mykje som skjer. Og læringskurva, den har vore bratt.

Jobben handlar om å ta tak i problemstillingar som oppstår før, etter og under frakt av sjømaten. Det inkluderer planlegging og bestilling, kontakt med distributørar, oppfølging av kundar over heile verda og koordinering med mellom anna sjåførar, mottak, terminalar, innkjøp og salg. Den siste tida, som har vore prega av både pandemi, streikar og krig i Europa, har bydd på nye utfordringar for logistikken som Benedicte og kollegaene hennar har måtta handtere undervegs.

– Eg hadde aldri i mitt liv trudd at det var så mykje som kunne skje undervegs, ikkje berre frå A til B, men frå A til Å! Alfabetet er ikkje langt nok til å beskrive det som kan hende i løpet av ein dag. Men det er også det som gjer jobben så spennande, fortel ho entusiastisk.

Fullt mogleg å gjere karriere på heimebane

Som Vestlending kjenner Benedicte at det er kult å jobbe med verdsmarknaden rett utfor døra. Ho fortel at det har gått meir og meir opp for henne kor tettpakka regionen er med kunnskap og moglegheiter.

– Eg får kombinere den heimekjære delen av meg som trivast på Vestlandet, med å ha verda tett på. Det er beviset på at det er fullt mogleg å gjere karriere på heimebane om ein har lyst til det.

Sjølv om ho aldri hadde vore i Måløy før, blei ho teken godt imot i det ho skildrar som eit nært og varmt miljø. Her er gode og nære moglegheiter for både arbeidsliv og fritid, flotte fjellturar og kjekke aktivitetar.

- Du går ikkje glipp av noko ved å flytte hit. Om noko får du kanskje berre enda meir påfyll av andre ting, seier ho.

Benedicte w rolland traineesamling

Gjennom traineeprogrammet får du eit nettverk med andre traineear i heile fylket. Foto: Privat

Benedicte w rolland på fjelltur

Vakker natur og kjekke aktivitetar gjer Måløy til ein bra plass å bu. Foto: Privat

Yes! Fast stilling

– Det var den formelle utdanninga som gjorde at eg fekk sjansen til å vere trainee, men det var innsatsen og initiativet eg viste undervegs som gjorde at eg fekk fortsette.

Etter traineeperioden kom nemleg tilbodet ho hadde håpa på; fast stilling. Benedicte hadde blitt godt kjent med arbeidsplassen og digga arbeidsoppgåvene. No stortrivast ho framleis i Coast, om lag tre år etter at ho kom inn som trainee.

– Eg er heldig som får jobbe med folk som har så mykje kompetanse og erfaring. I løpet av traineeperioden vart eg veldig bevisst på kva eg kunne, og eg fekk vise fram det eg hadde lært. Det var derfor veldig kjekt å få den bekreftelsen på at yes – dette er skikkelig bra!

Benedicte W Rolland

Foto: Privat

Sikker situasjon for læring

– Når alle veit at du er ny og er trainee, så er det ein sikker situasjon for læring. Det er akseptert at ikkje alt går frå 0 til 100. Prøv deg fram og finn ut av ting undervegs. Mest sannsynleg går det veldig fint, seier ho med eit smil.

Benedicte sine beste tips til deg som er ny i arbeidslivet og vurderer ein jobb i distriktet:

  • Ver nysgjerrig, still spørsmål
  • Tør å utfordre det etablerte
  • Gjer ditt beste og vis initiativ
  • Stå for det du er og kan, men ta også til deg all kunnskapen du får i og utanfor jobb
  • Ikkje ver redd for å prøve og feile
  • Finn ut av ting undervegs
  • Ver hyggeleg med dei rundt deg
  • Viss du vurderer å søke traineeordninga: hopp i det!

Fleire saker